Vi kjem tilbake til haien.
For 14. februar 2005 sat Jawed Karim, Chad Hurley og Steve Chan og diskuterte ein idé om ein nettstad.
Dei starta selskapet den dagen og såg seg aldri tilbake.
Etter litt fram og tilbake, så la Jawed ut den aller første YouTube-videoen 23. april 2005.
Jawed Karim har blitt styrtrik på YouTube. Han publiserte også den aller første videoen.
Foto: Skjermdump, YouTubeEin video der han fortel i all enkelheit at elefantar har store tenner. Ein video som no har 348 millionar avspelingar.
– Marknaden for video på nett var veldig fragmentert, så vi bestemte oss berre for å satse, sa Karim i eit intervju i 2016.
I dag er det millionar av videoar på YouTube, men topplista i verda er slik:
Ingen norske der altså.
- Men bergensaren Alan Walker sin video «Faded» er sett over 3,7 milliardar gonger. Han har tre videoar over milliarden.
- A-ha har over 2 milliardar visningar på originalvideoen av «Take on me»
- Også Ylvis (eigentleg TVNorge) er over milliarden med «What does the fox say»
Alan Walker er son av ein bakar frå Bergen – og enormt stor på YouTube.
Foto: NTBBarneleir-favoritt
Men kva er det med denne haien og videoen «Baby Shark dance» med den lett fengande teksten?
Her i nynorsk versjon:
Babyhai, doo, doo, doo, doo, doo, doo.
Babyhai, doo, doo, doo, doo, doo, doo.
Babyhai!
Historia til Baby Shark er også eit fenomen i seg sjølv.
Johnny Only sitt profilbilde på Facebook. Han er enorm på YouTube.
Foto: Johnny Only / FacebookEin New York-basert barne-underhaldar, Johnny Only, ein DJ på ein barneleir, begynte å spele han.
Ungane elska songen og sidan har videoen som blei laga blitt sett over 15 milliardar gonger.
Det er 39 milliardar minutt – eller 650 millionar timar – eller for den del: 74.200 år.
Tygg litt på den.
Baby Shark på fotballkamp i USA.
Foto: APNorsk favoritt
For det er ikkje den som blir trekt fram når vi spør nokre norske kjendisar kva som er deira favoritt frå YouTube.
Abubakar Hussain – best kjend som Abu har nemleg ein norsk favoritt:
– Denne opna YouTube-verda for meg, seier komikaren om sin favoritt.
Nemleg «Hyperactive» laga av den norske animatøren og youtubaren Lasse Gjertsen.
Gjertsen har også laga ein av underteikna sine favorittvideoar, «Rødmaling».
Vakker musikk
Andre vi har spurt har andre favorittar.
Christer Falck sin favoritt er også mange andre sin favoritt.
Prince sin gitarsolo er ein stor favoritt for mange på YouTube.
Foto: Skjermdump / YouTubeHan vel «While my guitar gently weeps» med ei rekke kjende artistar. Og ikkje minst Prince.
Ein vakker og intens hyllest av avdøde George Harrison i samband med at han post mortem blei ein del av «Rock & Roll Hall of Fame».
– Det er nok den eg har vist bort til flest, seier Falck til NRK.
Mange, mange kattar
Men vi kjem jo ikkje unna kattevideoar.
Dei er det mange av, faktisk 18 millionar videoar, ifølgje YouTube.
Ein av dei som verkeleg elskar kattevideoar er komikaren Karsten Blomvik.
– Eg er ein enkel gut, som elskar ein god kattevideo, seier han til NRK.
Hans favoritt er ein skikkeleg klassikar: Ein katt i blå klede som spelar keyboard.
Denne katten er Karsten Blomvik sin favoritt.
Foto: Skjermdump / YouTubePS! Theodor «Teddy» Kvikne som er broren til Per Akí Kvikne som er «Kjartan Lauritzen», meiner at Dan Børge Akerø som får magetrøbbel er noko av det betre på YouTube.
Vi sparar dykk for den.
Publisert 14.02.2025, kl. 12.10