BAKGRUNN: Brexit markerte starten på eit politisk opprør som ti år seinare ikkje er over. Dagen før tiårsjubileet melde nok ein britisk statsminister sin avgang.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 1 time siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Valresultatet slo ned som ei bombe. Knapt nokon ekspert, kommentator eller politikar hadde i forkant vore i tvil: Britane ville sjølvsagt ikkje stemma for å forlata EU.
Statsminister David Cameron var så sikker på at det britiske folket ville seia ja til å bli i EU at han hadde skrive ut folkeavstemminga mest av indremedisinske grunnar. Han ville parkera den EU-skeptiske delen av Tory-partiet sitt og stoppa EU-diskusjonen blant dei konservative ein gong for alle.
23. juni 2016 gjekk britane til stemmeurnene. Dei første meiningsmålingane etter at stemmelokala stengde, viste fleirtal for å bli i EU. Gjennom natta veksla tilhengarane og motstandarane på å leia. Men utpå morgonkvisten fekk «Leave»-sida eit forsprang som skulle auka og halda heilt inn.
Grytidleg fredag 24. juni konkluderte BBCs David Dimbleby på tv-skjermen: «Det britiske folket har talt: We’re out.»
Nei til EU
Då det offisielle resultatet kom rundt klokka 06, viste tala at 51,9 prosent av britane hadde stemt «Leave». 48,1 prosent hadde stemt «Remain». BBC omtalte umiddelbart resultatet som «eit politisk jordskjelv». Leave-general Nigel Farage – som sjølv trudde han skulle tapa – kalla 23. juni Storbritannias nye fridomsdag.
David Cameron hadde i forkant av avstemminga sagt at han ville styra stødig vidare. Nå kunngjorde han i staden at han ville trekka seg som statsminister.
Brexit-sjokket skulle bli det første tydelege teiknet på eit nytt politisk landskap som pregar både Storbritannia og heile verda ti år etter. Eit folkeleg opprør mot etablerte elitar. Ei verdimessig endring frå globalisering og overnasjonalt samarbeid til lokal, nasjonal orientering og proteksjonisme. Ei tydeleg politisk høgredreiing og eit nytt rom for høgrepopulistiske politikarar. Tydeleg innvandringsskepsis og oppfatningar om at den nasjonale kulturen i vestlege land er truga.
Det aller tydelegaste symptomet på den nye tida: Valet av Donald Trump til president i USA. Først i november 2016. Så igjen i 2024.
Motstand frå høgre
Mens mykje av den norske EU-motstanden tradisjonelt har kome frå venstresida i politikken, fanst den tydelegaste skepsisen i Storbritannia på høgresida. Skepsisen til Brussel hadde djupe røter og rørte samtidig ved dei indre spenningane og ambisjonane i EU. Skulle unionen gå i retning av ein europeisk føderalstat, med stadig tettare integrasjon, slik tidlegare president i EU-kommisjonen Jacques Delors hadde vore ein talsmann for? Eller skulle ein avgrensa samarbeidet og sikra meir nasjonal sjølvråderett i ein lausare union som ikkje greip inn i så mange samfunnsområde?
Allereie i 1988 hadde den konservative statsministeren Margaret Thatcher åtvara mot å danna ein europeisk superstat, i ein tale ho heldt i Brugge i Belgia. Motstanden mot å flytta lovgivande makt frå Westminster til Brussel og slik gi frå seg nasjonal suverenitet låg i kjernen av den konservative britiske EU-skepsisen.
Oppsummert i ei enkel setning – som skulle bli Leave-sidas slagord: «Take Back Control».
Ein må også ha i mente Storbritannias historiske og geografiske posisjon. Storbritannia er ei øy som ligg litt for seg sjølv, som ikkje er knytt direkte til resten av Europa. Det er ei historisk stormakt som i si tid herska over store delar av verda. For mange EU-skeptikarar passa det dårleg med sjølvbiletet å underleggja seg Brussel på stadig fleire område.
Innvandringskontroll?
Noko av det britane ville ha meir kontroll over, var innvandring. Etter at EU hadde utvida seg austover i 2004, hadde talet på innvandrarar – ikkje minst frå Aust-Europa – gått opp. I 2016 var nettoinnvandringa til Storbritannia på vel 300.000 menneske.
Den auka innvandringa blei eit symbol på landets manglande kontroll over eigne grenser. I staden for fri flyt av menneske på ein grenselaus europeisk arbeidsmarknad ville EU-skeptikarane ta tilbake kontrollen på kven som skulle sleppa inn i landet.
Men EU-motstanden var ikkje isolert til stokk konservative høgreideologar. Eit fleirtal av heilt vanlege britar ville altså ut.
Då det første sjokket hadde lagt seg, viste det seg å vera store geografiske skilnader i korleis folk hadde stemt. I Skottland og Nord-Irland var det tydelege fleirtal for å bli i EU. Det same var det i London-området. Men i England som heile, og i Wales, var det fleirtal for å forlata unionen. Ei av overraskingane var at fleire Labour-styrte område hadde stemt Leave. Labour var tydeleg på Remain-sida.
Meir trøbbel
Sjokknatta for ti år sidan markerte ikkje sluttpunktet for Storbritannias trøblete forhold til Europa. Det varsla heller ikkje ro internt i britisk politikk. Då statsminister Keir Starmer varsla sin avgang mandag, blei han den sjette statsministeren som går av på dei ti åra som har gått sidan Brexit.
Det eksisterte ingen plan for kva som skulle skje om det blei nei til EU. Ingen visste korleis dette skulle kunna skje i praksis eller kor «hard» exiten frå EU skulle vera.
Tre veker etter valnatta tok Theresa May over for Cameron. Ho hadde vore Remain-tilhengar, men fekk nå ansvaret for å forhandla Storbritannia ut av EU. Det gjekk dårleg. Etter tre mislukka forsøk på å få ein avtale gjennom det britiske parlamentet, kasta ho i 2019 korta og gjekk av.
Leave-tilhengaren Boris Johnson tok over. Han hadde i valkampen sagt at det ville vera verdas enklaste ting å forhandla fram ein gunstig handelsavtale med EU. Det viste seg å ikkje stemma.
Men halvtanna år seinare, låg ein signert – og ganske hard – avtale på bordet. 31. januar 2020 gjekk Storbritannia ut av EU.
Korleis ser det ut i dag? Dei politiske spenningane som låg under Brexit er på ingen måte borte. Dei pregar ikkje berre Storbritannia. Dei pregar heile verda.
Publisert:
Publisert: 23. juni 2026 09:07

2 hours ago
1






English (US)