194 kraftverk i verna elvar

2 hours ago 1



bucOf_Oeg1g

GAULARVASSDRAGET: Ifølge tal frå Norsk medborgerpanel er 93 prosent av oss positive til meir vasskraft, men ikkje for kvar ein pris.

Foto: Willy Haraldsen / Samfoto

Nordmenn kranglar om «kraftkrisa» er reell. I krysselden hamnar små bygdesamfunn som kjemper for livet.

Det er 1. april og statssekretær Elisabeth Sæther har tatt turen over fjella til Småkraftdagane i Bergen.

I kofferten har ho ingen aprilsnarr, men ein marsjordre frå regjeringa:

Bygg, seier ho.

– Det er ei innstendig bønn frå meg til dykk: Bygg!

Nokre veker seinare er det Erna Solberg som reiser over fjella med ein våt draum og ei åtvaring om ei snarleg kraftkrise.

Ved det største vasskraftverket i landet under bygging – Feios kraftverk i Sogn – er ho klar i talen:

– Vi må bygge ut mykje meir vasskraft, sjølv om det kostar oss natur.

For godt mål legg ho til at heller ikkje dei verna vassdraga er heilt freda, og at Stortinget har vedteke å mjuke opp vernet ytterlegare.

Til grunn ligg «dogmet» om at Noreg treng meir kraft, men det er det ikkje alle som er einige i.

En mann i gul jakke

– Natur må vike, skal vi unngå kraftkrise, seier Erna Solberg.

Foto: William Jobling / NRK

93 prosent positive til meir vasskraft

I Gaularvassdraget i Vestland er det bygd fleire mini- og mikrokraftverk etter at vassdraget blei verna i 1993.

Ifølge tal NRK har henta inn, har kraftverka gitt 71 GWh sidan 2022.

Det gir straum til 1100–1200 husstandar i året, og er ingenting mot kva den neste generasjonen kraftverk kan produsere.

Det nye stortingsvedtaket opnar for større kraftverk i verna vassdrag om miljøkonsekvensane er «akseptable».

NRK har reist inn i den vestlandske skoddeheimen for å undersøke om inngrepa i Gaular er så skånsame som dei folkevalde legg til grunn.

Ifølge tal frå Norsk medborgerpanel er 93 prosent av oss positive til meir vasskraft, men ikkje for kvar ein pris.

Skogen driv inn i gråskodda, og eit knippe endar lettar frå Haukedalsvatnet.

Det surklar og krafsar i grøfter og bekkefall.

I baksetet sit Susanne Schneider frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA).

– Eg er spent på kva vi finn, seier ho.

– Veldig spent.

susanne-schneider-7461

Schneider flytta nordover frå Tyskland etter at ho var ferdig med studiane. Noreg hadde dei beste jobbutsiktene – og fossefalla.

Foto: Nils Arne Sæbø / NRK

Døden ved tusen kutt

Tidlegare i år skreiv Schneider ein kronikk der ho samanlikna «småkraft-boomen» sidan tusenårsskiftet med den kinesiske torturmetoden der offeret blir påført tusen små papirkutt.

Kvar for seg kan kutta vere uskuldige, men i sum blir dei meir enn nokon kan tole: Døden ved tusen kutt.

Eg skjønner at det ikkje blir folkeaksjonar og protestmarsjar på Karl Johan for ein enkelt bekk, seier ho.

Men når dette skjer 1433 gonger, får alle endringane stor effekt til saman.

Talfestinga svinger, men det er i dag meir enn 1430 små kraftverk i Noreg.

Sjå svar frå NVE og energiminister Terje Aasland lengre ned.

  • Vasskraft, Aursjødemningen, Aura elv

    «Kraftdugnad» mot «kraftkrise»

    Myndigheitene vil ha med fleire grunneigarar på ein stor «kraftdugnad» for å unngå det som skal vere ein snarleg «kraftkrise». I vinter har dei derfor vedtatt å mjuke opp vassdragsvernet.

  • Eskil Wie Furunes NRK

    93 prosent positive til meir vasskraft

    Ifølge tal frå Norsk medborgerpanel er 93 prosent av oss positive til meir vasskraft, men ikkje for kvar ein pris.

  • Ein solnedgang med skyer

    Himmelen har stilt harpa si på skrå

    Prinsippet bak det norske «kraftmirakelet» blei første gong formulert av kong Salomo for 3000 år sidan: Alle elvar renn ut i havet, men havet blir ikkje fullt; dit elvane før har runne, fortset dei å renne.

Splid i bygda

Ei trane flyg over Hestadfjorden, med kvitt lys under grå venger.

Regnet har slutta å tromme på biltaket, og vi er framme ved Vågen minikraft.

Det første av i alt fem minikraftverk i Gaularvassdraget som Schneider vil undersøke.

Utløpet er fullt av krypsiv.

Forklaringa er enkel: I motsetning til den naturlege elvestraumen er vatnet som kjem ut i enden av eit kraftverk fritt for stein og grus og andre sediment.

Utan skrubbinga frå desse får ugraset «arbeidsro» til å gro og vekse.

Dagleg leiar i kraftverket, Kjell Arne Vågen, vil snakke om det som kan skje langs fjellhorisonten i sør.

Planane om å bygge vindturbinar på Snøheia har skapt splid i bygda, og sett naboskap på prøve.

Eg prøver å ha ein ålreit tone, men det er ikkje alle som får det til, seier han.

en mann med hatt og stående på en vei

Kjell Arne Vågen er leiar for Vågen kraftverk, som blei opna av statsråd Lars Peder Brekk (Sp) i 2008.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Fleire kraftverk under krigen

Øvst i det korte fallet mellom Lauvavatnet og Viksdalsvatnet har Magne Viken reist eit lite kraftverk som utnyttar fallhøgda på ni meter.

Ved ristinntaket må han jamleg innom for å rake unna gras, blad, høy og slam som demmer seg opp.

Han seier det er to grunnar til at han bygde ut.

For det første handla det om å rydde opp. Langs elva låg ei gammal røyrgate som ein av nabobøndene bygde etter krigen, og som sidan hadde fått lite kjærleik.

– Du kunne trakke rett gjennom han, seier Magne.

I tillegg håpa han at minikraftverket ville bidra med litt inntekter på garden, men dei har han sett langt etter.

Straumprisane nord for Sognefjorden har ganske enkelt vore for låge.

– Det er grunnen til at så mange av desse kraftverka blir selde til utlandet. Så får bøndene igjen noko for strevet.

– Men det vil ikkje du?

– Nei, kraftproduksjonen bør vere på norske hender, inkludert vindkrafta.

Magne Viken og Schneider i ved minikraftverk i Gaularvassdraget

Øvst i det korte fallet mellom Lauvavatnet og Viksdalsvatnet har Magne Viken reist eit lite kraftverk som utnyttar fallhøgda på ni meter.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Allereie i Magnus Lagabøtes landslov (1276) blei gardeigarane i landet sikra retten til eiga elv, og det er ikkje utan grunn at mange kraftverk ligg i «Sagelva» eller «Kvernelva».

I andre tilfelle var eigne kraftverk einaste moglegheit til å få lys på garden.

Forteljinga om den norske «småkraftboomen» er derfor ikkje ei rettlinja historie.

Anslaga er usikre, men studiar, som denne frå 1946, viser at det var fleire kraftverk i Noreg under krigen enn det er i dag.

  • administrerande direktør Terje Vedeler, Småkraft as, Småkraft AS er Europas største småkraftselskap

    Ronald Hole Fossåskaret / NRK

    Terje Vedeler, administrerande direktør i Småkraft AS

    Grunneigarane er mest opptekne av å skape verdiar lokalt for å sikre at neste generasjon ønsker å overta garden. Andre moment som blir trekt fram er at kraftverka ikkje må påverke biologisk mangfald som reduserer produksjonane på garden frå jordbruk, skogbruk, fangst og turisme. Arkitekturen av kraftstasjonen er også viktig for grunneigarane, men kraft-dugnaden kjem nok litt ned på lista.

  • Knut Olav Tveit

    Knut Olav Tveit, dagleg leiar i Småkraftforeningen

    Motivasjonen til bøndene er i stor grad samanfallande med motivasjonen til myndigheitene da dei la til rette for utvikling av småkraft tidleg på 2000-talet. Den gongen stod lokal næringsutvikling i sentrum. Elles har småkrafta eit generasjonsoverskridande aspekt, symbolisert ved at barna eller barnebarna får overta ein gong i framtida.

  • Den unge statsminister Jens Stoltenberg (Ap) rakk å halde sin første nyttårstale før han tapte valet i 2001. (NTB Scanpix)

    Jens Stoltenberg

    På tampen av år 2000 ikledde ein 41 år gammal Jens Stoltenberg seg ein tidstypisk brun dress og heldt sin første nyttårstale til det norske folket. Etter nokre innleiande ord, svinga han seg opp til den store erklæringa: «Tida for nye store vasskraftutbyggingar i Noreg er over».

Strenge krav til minstevassføring

Raudalge, roper Schneider.

Eg fann raudalge. Lemanea!

Det er ei god nyheit. Om du finn raudalge, kan du vere sikker på at bekkeleiet ikkje har gått tørt.

Med undervasskikkerten, som mest liknar ei trafikkjegle, saumfer ho botnen etter fleire teikn.

Folk flest ser nok ikkje forskjellen på bekker som er grodde igjen med mose, og bekker som ikkje er det, seier ho.

Fordi miljøkonsekvensane er «usynlege» i sanntid og slår inn med forseinka effekt, kjem erkjenninga først i ettertid.

Og da kan det vere for seint.

  • Statsminister Jonas Gahr Støre stod for den offisielle opninga av Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune. Vasskraftverket er eit av dei største som er bygd i Noreg dei seinare åra.

    Alf Vidar Snæland

    Dette seier partiprogramma om vasskraft

    Arbeidarpartiet vil skaffe 20 TWh kraft gjennom meir energieffektivisering og meir lokal straumproduksjon innan 2030. Dei vil prioritere nett til kraftprosjekta som har ein «tydeleg kopling» mellom ny kraftproduksjon og lokale ringverknader, industri og næringsutvikling.

  • Ein mann i gul jakke

    William Jobling / NRK

    Høgre

    Høgre vil ha nye insentiv og skatteendringar for å stimulere til fleire effektoppgraderingar. Vidare vil dei gå gjennom verneplanane for norske vassdrag og vurdere kraftproduksjon der det bidrar til betre flaumvern og verneverdiane er intakte.

  • Sylvi Listhaug med hjelm

    Hans Philip Hofgaard / NRK

    Framstegspartiet

    Framstegspartiet ønsker å definere ein minimum fyllingsgrad i alle norske vassmagasin. Søkk vasstanden under dette, skal det vere forbode å eksportere straum. Vidare ønsker dei å endre skattesystemet for å utløyse fleire vasskraftinvesteringar.

  •  Javad Parsa / NTB

    Javad Parsa / NTB

    Venstre

    Venstre vil innføre tidsfristar for konsesjonsbehandling slik at NVE får meir press på seg og ikkje bruker «unødig» lang tid. Dei skriv vidare at dei vil legge til rette for produksjon av meir fornybar energi, «utan at dette går ut over viktige naturverdiar».

  • ein mann med hjelm

    Remi Sagen / NRK

    Kristeleg Folkeparti

    Kristeleg Folkeparti vil jobbe for å redusere saksbehandlingstida hos NVE for ny kraftproduksjon. Vidare vil dei sikre vertskommunane innsyn og klagetilgang over eigedomsskattegrunnlaget for vasskraftanlegg.

  • Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Terje Aasland (Ap)

    Hallgeir Aunan

    Senterpartiet

    Senterpartiet vil gjere det meir lønnsamt å ruste opp og forbetre eksisterande vasskraftverk. Vidare vil dei sørge for nasjonal forsyningssikkerheit gjennom «betre forvaltning av fleirårsmagasina».

  • Kirsti Bergstø

    Amanda Iversen Orlich / n20713

    SV

    SV vil sikre utbygging av naturvennleg fornybar kraft gjennom eit statleg selskap som inngår langsiktige priskontraktar til utbyggarar av ny kraft. Eksisterande vasskraftverk skal berre oppgraderast og utvidast der det ikkje gir «store negative konsekvensar».

  • Arild Hermstad og Une Bastholm ved Sognsvann

    Patrick da Silva Sæther

    MDG

    MDG seier konsekvent nei til utbygging av vasskraft i verna vassdrag. Dei opnar berre for opprusting og effektutvidingar av vasskraftverk om tiltaket samla sett ikkje har negativ verknad på miljøet.

  • Rødtleder Marie Sneve Martinussen

    Simon Skjelvik Brandseth / NRK

    Raudt

    Raudt vil endre energilova slik at vasskraft blir definert som ein samfunnsressurs – og ikkje ei vare. Vidare vil dei verne om heimfallsretten og stanse tilgangen til at private kan vere minoritetseigarar i offentlege eigde selskap som eig vassfall og kraftverk.

Regnet trør varsamt, og Vallestadfossen ligg som eit attgløymd brudeslør på kyrkjetrappa.

I toppen ligg inntaket til kraftverket, som får lov til å sluke 9 prosent av vatnet.

Naturvernforbundet protesterte mot planane, og gardeigar Atle Vallestad måtte heile vegen opp til Olje- og energidepartementet før han fekk bygge Vallestadfossen kraftverk i 2005.

I overkant av fossefallet er ein tredel av elva demt opp. Brorparten renn uhindra forbi.

Same metode er brukt på neste stoppestad, Bakkefossen kraftverk i dalføret innanfor.

Schneider liker det ho ser.

Ei elv må få lov til å jobbe, seier ho.

Det er det ho er skapt for. Ho er til for å jobbe, grave og frakte.

En solnedgang med skyer

Vatnet har gitt liv til gjenstridige industrisamfunn i godt over hundre år. Eller kjem alle demningane, røyrgatene og turbinane med ein pris vi enno ikkje ser?

Foto: NRK

Suset over furua som sist

Inst i Haukedalen viser Nils Anders Gjerland fram Bakkefossen kraftverk, som bygger vidare på det som bestefar hans starta.

God butikk er det ikkje, men med sauer og ei hytte han leiger ut til tyske turistar «så går det på eit vis».

Og no er tømmerprisen på veg ned.

– Då prisen var på topp, kunne eg sikkert fått 2000 kroner for han der, seier han, og peikar på eit digert grantre som bestefaren planta.

I toppen skjelv konglene.

Dei siste åra er forteljinga om lågare lønnsemd og lengre skoleveg for ungane.

Gjerland tør ikkje seie kor lengje garden er liva laga.

Det er kanskje siste generasjon nå, seier han.

Nils Anders Gjerland

Nils Anders Gjerland viser fram det eldste løpehjulet på Bakkefossen kraftverk.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Isaelva freser forbi, og det suser i tretoppane der konglene klorar seg fast.

Susanne Schneider seier at møtet med kraftverk-eigarane i Gaularvassdraget har gjort godt.

Dei er opptatte av elvane, og det går an å snakke med dei om miljøeffektar og tiltak, seier ho.

Over gråskodda openberrar Rørvikfjellet seg. Etter to dagar med våte sokkar og klyving i ulendt terreng gjer NRK-bilen vendereis til Førde.

Eg trur det handlar om dialog, seier Schneider frå baksetet.

At vi som er forskarar forklarer kva vi ser, og at vi saman finn betre løysingar.

vannforsker Susanne Schneider fra Niva.

– Gjengroing blir nok først oppfatta som eit problem når det har blitt så mykje mose at fisk ikkje klarer å gyte lenger. På same måte som krypsiv først blir eit problem når folk oppdagar at dei ikkje lenger kan køyre båt eller fiske, seier Schneider.

Foto: Nils Arne Sæbø / NRK
  • Bildet er tatt under leggingen av rørgate ned til Glomfjord kraftverk i Meløy kommune i Nordland i 1918. Den gang var det ikke samme krav til arbeidsforhold og sikkerhet som i dag.

    Det første kommunale elektrisitetsverket basert på vasskraft vart sett i drift i Hammerfest i 1891.

  • Sauda kraftverk

    Hammeren kraftstasjon i Maridalen i Oslo er det eldste kraftverket i landet som framleis er i dagleg drift.

  • Sauda kraftverk

    Vemork kraftverk var det største vasskraftverket i verda då det vart sett i drift på Rjukan i 1911.

  • Glomfjord

    Takka vere konsesjonslover og den såkalla heimfallsretten (1909) er 90 prosent av dei norske vasskraftressursane i offentleg eige.

  • Norsk krafthistorie

    Industripioneren Sam Eyde sikra seg rettar til utbygging i Telemark på slutten av 1800-talet.

Read Entire Article