30 år sidan Srebrenica: Ahmed kjempar framleis for sanninga

22 hours ago 5



Sju år gamle Ahmed Hrustanović sat på lasteplanet til ein FN-bil på veg ut av Srebrenica ein aprildag i 1993.

Det var berre ein månad sidan han hadde flykta frå heimbygda med mor, far og storesøster til Srebrenica, som var erklært trygg sone.

No måtte familien flykte vidare til Tuzla. Men denne gongen skulle ikkje faren vere med.

Gjennom tårene såg Ahmed faren sin springe så fort beina bar han for å prøve å halde følge med bilen.

Han lova sonen sin å kome rett etter dei til Tuzla.

Det var siste gongen dei såg kvarandre.

30 år sidan Srebrenica.30 år sidan Srebrenica.

Rifet Hrustanović som ung og enda yngre. Han blei ikkje meir enn 31 år gammal.

Privat

30 år sidan folkemordet

Faren til Ahmed, Rifet Hrustanović, blei skoten og drepen på eit varelager i Kravica saman med over 1300 andre menn og gutar i juli i 1995.

11. juli 1995 heiste den serbiske generalen Ratko Mladić det serbiske flagget og erklærte byen frigjord. I verkelegheita var dette startskotet for det største krigsbrotsverket i Europa sidan andre verdskrigen.

Ahmed hugsar at foreldra diskuterte rykta om kva som skjedde med mennene som blei igjen i landsbyane rundt, der serbarane allereie hadde tatt kontroll.

– Likevel trudde dei ikkje på at dei kom til å angripe oss. Faren min trudde ikkje ein gong på det då han høyrde dei første skota. Dei var jo naboane våre, seier han.

I løpet av nokre dagar blei over 8300 muslimske menn og gutar drepne, og fleire titals tusen la på flukt. Mange av dei kom aldri tilbake og blei aldri funne.

Srebrenica ligg aust i Bosnia-Hercegovina, og består i dag av dei to delstatane Føderasjonen Bosnia-Hercegovina og Den bosniske serberrepublikk, også kjend som Republika Srpska.

Dødsmarsjen

Natt til 12. juli 1995 forsøkte rundt 15.000 å flykte dei fem mila til bosnjakisk-kontrollerte Tuzla til fots, gjennom skogen.

Rifet Hrustanović var ein av dei, saman med brørne sine, Hazim og Hayrudin.

Den flukta har sidan fått namnet Dødsmarsjen.

Den bosnisk-serbiske hæren (VRS) og serbiske spesialstyrkar gjennomførte eit bakhaldsangrep. Over høgtalarar gav dei falske løfter om amnesti til dei som overgav seg, men det var berre eit narrespel.

Ahmed sat i flyktningleiren i Tuzla og venta. Han var blitt ni år gammal, og storebror til ei lita jente.

30 år sidan Srebrenica.30 år sidan Srebrenica.

Mor, søster og Ahmed i Tuzla. Medan dei venta på nyheiter om pappa Rifet, blei søster nummer to fødd.

Privat

Rifet hadde sendt han fleire brev sidan den dagen på lasteplanet i 1993. Ahmed håpa faren skulle kome seg ut.

Men slektningane kom aldri. Rifet og brørne blei fanga under Dødsmarsjen. Dei som overlevde og kom seg til Tuzla, har fortalt Ahmed at dei tre brørne var saman til siste stund, då dei blei flytta til varehuset i Kravica og skotne.

Også bestefaren til Ahmed blei drepen desse dagane, på FN-basen i Potočari der han og kona søkte tilflukt.

Ahmed blei einaste overlevande mannlege i Hrustanović-familien.

Ei eldre kvinne og ein eldre mann får hjelp frå ein ung sjukepleiar i eit telt. Dei har tydelege skadar og er veldig tynne.

Eit eldre ektepar som kom seg ut av Srebrenica 11. juli 1995, får behandling i Tuzla.

Foto: ODD ANDERSEN / AFP / NTB

Sorga og leitinga

Drapa heldt fram i dagane etterpå. Fangar blei transporterte til avsidesliggande stadar og skotne.

VRS grov massegraver som dei seinare flytta for å dekke over spora.

I fleire år bar Ahmed eit lite håp om at faren eller onklane hadde overlevd.

Først i 2007 fann dei nokre beinrestar av Rifet. Det gjekk fem år til før familien i 2012 bestemte seg for å halde gravferd.

Beinrestar og ein hodeskalle i skogen

Framleis leiter ein etter skjeletta til offera for massakren. Dette bildet er frå ei høgde vest for Srebrenica, tatt i 1996.

Foto: ALEXANDER ZEMLIANICHENKO / AP / NTB

– Eg trudde ikkje eingong på at det var min far inni der. Kista var så lett, med berre nokre bein, fortel Ahmed.

I 2021 måtte dei grave opp kista og fylle på med fleire beinrestar, funne i ulike massegraver i Srebrenica-området.

Store gravemaskinar grov opp grava, før politiet samla saman alle beinrestane i ein kvit pose.

– Det var veldig tungt. Eg fekk valet om å vere der, og eg er glad for at eg takka ja. Men det gav meg eit slags traume, fortel Ahmed om å sjå farens skjelett bli pusla saman av politiet.

Ahmed Hrustanovic og Zumra, mor til fire drepne soner og ein drepen mann under folkemordet i Srebrenica.

Ahmed saman med Zumra. Mannen og dei fire sonene hennar blei alle drepne i Srebrenica i juli 1995.

Foto: Privat

Tilbake til Srebrenica

Mellom den første og den andre gravferda valde Ahmed å flytte tilbake til Srebrenica. Han er ein av under 3000 som har kome tilbake til det han kallar ein spøkelsesby.

Den første tida var vanskeleg. Ahmed sette møbel framfor døra i frykt for at nokon skulle kome etter han.

– Eg var nok traumatisert. Men etter nokre år blei det betre. No er dette heimen min, seier han.

Ein ung mann i Srebrenica.
Ein ung mann i Srebrenica.

Bilete frå då Ahmed nett hadde flytta tilbake til Srebrenica i 2014.

Privat

I dag jobbar han som imam for små barn, og lærar på den vidaregåande skulen i Srebrenica.

Det står ikkje folkemordet i læreplanen.

– Dei lærer barna det motsette av det som skjedde. Dei lærer at Mladić og Karadžić var heltar, fortel Ahmed.

Sjølv om Ratko Mladić, Radovan Karadžić og fleire andre har blitt dømde for folkemord i åra som følgde, fekk bosnisk-serbarane sin eigen delstat i Bosnia-Hercegovina. I dag ligg Srebrenica i Republika Srpska, der myndigheitene ikkje går med på å kalle massakren i 1995 for eit folkemord.

Også nabolandet Serbia meiner dette er ei falsk framstilling.

Ahmed Hrustanovic er lærar og imam. Arbeidet med barna gir han håp.

Ahmed har gjort det til sitt prosjekt å fortelje barna om det som skjedde med familien og dei over 8000 andre drepne.

Ein ting gir han håp:

– Barna veit. Dei ser minnesmerket, dei har sett gravene. Dei har ein slags motstand i seg som er sterkare enn den systematiske fornektinga, seier han.

Heltepappa

Ahmed fekk sju år ilag med faren sin. Det var ikkje nok, men det var mykje.

– Han lagde meg leiker av tre og lærte meg å lage fly, fuglar og båtar av papir. Han var helten min, fortel Hrustanović.

Det er han framleis.

– Han var eit offer, og det er mykje betre enn å vere ein krigsforbrytar. Eg kunne ikkje ha levd med det om det viste seg at han hadde vore med på å grave massegravene eller køyre busslasta med flyktningar. I staden kan eg vere stolt.

30 år seinare gjer han sitt for at verda aldri skal gløyme.

– Vi er ikkje først og fremst muslimar, kristne eller jødar, men menneske. Den einaste måten ein kan vere lukkeleg på, er å hjelpe andre og å vere hardtarbeidande. Det finst ikkje andre måtar å fylle eit liv på, seier han.

Publisert 11.07.2025, kl. 14.44

Read Entire Article