Bergensbanen er stengt på grunn av eit tog som sperrer sporet.
Eit passasjertog med om lag 150 passasjerar om bord har stoppa i Gravhalstunnelen i Vestland.
Toget har køyrd på ein stein og har fått lekkasje, fortel pressevakt i Vy, Kaja Rynning Moen.
Toget var på veg frå Bergen til Oslo.
To andre tog står stille som følge av stansen, og rundt 350 passasjerar er råka totalt, seier Moen.
Står fast på Voss
På Voss stasjon står eit anna passasjertog no stille. Der har passasjerane fått beskjed om at dei må vente grunna eit tog med problem.
Det opplyser passasjer Helene Kivle, som sit på toget på Voss, til NRK.
– Vi fekk beskjed om at vi måtte vente i ti minutt for ein halvtime sidan, men me står endå bom stille, seier ho.
Elles har det vore veldig lite informasjon fortel ho.
Toget på Voss står stille som følge av stansen i Gravhalstunnelen.
Foto: PrivatDei to veninnene tar togstansen med knusande ro, enn så lenge.
– Vi er heldigvis på Voss, så vi fekk kjøpt oss ein bolle på butikken, fortel Kivle.
Kan ta tid
I ei oppdatering like før klokka halv åtte opplyser pressevakt i Vy at lekkasjen skal vere tetta, og at toget snart vil vere i gang igjen.
– Dei som er på staden seier at det ser veldig lovande ut, og at dei kjem til å køyre når som helst, seier Moen.
Men i ei ny oppdatering ein halvtime seinare viser det seg at problemet ikkje er løyst likevel. Eit arbeidstog frå Bane Nor er sendt for å hjelpe til. Dei veit ikkje kor lang tid det vil ta, og når toga kan gå igjen.
Klokka 20.30 opplyser Vy at toget som stod fast i tunnelen no er i gang. Det vil køyre vidare til Myrdal stasjon.
Toget som står på Voss må vente endå litt lenger. Bane Nor må inspisere strekninga og sjekke at den er trygg, før toget kan gå vidare.
Pressevakt i Vy, Kaja Rynning Moen seier det ikkje er vanleg at eit tog køyrer på stein.
Publisert 27.11.2025, kl. 19.29 Oppdatert 27.11.2025, kl. 20.42















English (US)