Fly fra Oslo til Bodø måtte snu

9 hours ago 2



Nyhetssenter Nordland

Grafikk: NRK
  • 4. november 2025 kl. 14:59

    Nytt blytungt tap for Glimts unggutar: – Ein mental kollaps

    Etter ein lovande prestasjon mot Galatasaray var det knytt spenning til oppgjeret mellom Glimt og Monaco i UEFA Youth League, der ungdomslaga til laga i meisterligaen speler.

    Men på eit regntungt Aspmyra vart det ein kamp som enda i eit nytt stortap for dei helgule.

    Glimt starta kampen med høg intensitet og god organisering.

    Etter kvart tok gjestene over. Joan Tincres sette første ball i mål, og kort tid etter dobla Ekene Chukwuani. Glimt gjekk til pause med 0–2.

    Etter pause vart det tyngre. Daryl Leunga Leunga sette inn kampens siste mål i det 88. minutt, og sluttresultatet vart heile 0–7.

    – Det er noko av det beste vi har gjort i år, og kanskje nokon gong. Vi ligg godt defensivt og er farlege når vi har ball, sa trenar Thomas Jakobsen til Avisa Nordland etter kampen.

    Trass i tapet prøver Glimt å halde fast i det positive frå første omgang. No ventar Juventus i neste kamp, og trenar Jakobsen er spent på korleis laget responderer.

    – Vi må klare å stå i gjørma. Det blir interessant å sjå korleis gutane taklar dette, avsluttar han.

  • 4. november 2025 kl. 13:21

    Frivilligprisen til Nordland for første gong

    For første gong har den nasjonale frivilligprisen frå Norges Bedriftsidrettsforbund gått til Nordland.

    Prisvinnaren i år er Eilif Benjaminsen (37) frå Bodø.

    – Eilif gjer ein fantastisk jobb kvar einaste veke når vi arrangerer Gampen-løpa. Han stiller alltid opp, enten det er som løypevakt, i sekretariatet, under rigging eller opprydding, seier Mona Lisa Skipnes, dagleg leiar i Bedriftsidretten i Nordland i ei pressemelding frå bedrifta.

    Benjaminsen har sidan 2015 vore ein sentral del av arrangementsteamet og bidreg på alt frå Gampen-løpa til Bodø-stafetten og Adventsløpet.

    – Han er gull verdt for oss, seier Skipnes.

    Prisvinnaren sjølv seier han trivst best ute blant deltakarane, uansett vêr:

    – Det beste er å sjå idrettsgleda hos folk. Eg er vasstett, ler han.

    to personer som stiller seg opp foran kamera

    Foto: Mona Lisa Skipnes / Mona Lisa Skipnes
  • 4. november 2025 kl. 12:45

    Frode Olav Møllersen (65) omkom etter arbeidsulykka i Rana

    Frode Olav Møllersen (65) omkom etter arbeidsulykka på E12 ved Ranenget sist torsdag.

    Det stadfester politiet i Nordland til NRK.

    Den omkomne blei sendt til sjukehus etter hendinga. Han blei alvorleg skadd i samanheng med berging av eit vogntog som hadde blitt skada. Politiet skildra ulykka som svært alvorleg og hendinga blei varsla til arbeidstilsynet.

    Han døydde på sjukehus 3. november.

    Politiet etterforskar saka vidare. Pårørande er informert om at namnet blir frigitt.

    en gruppe mennesker som står ved siden av to lastebiler etter en ulykke på E12 i Mo i Rana

    Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK
  • 4. november 2025 kl. 12:15

    To Glimt-spillere tatt ut i troppen som kan sikre VM-spill

    Landslagstrener Ståle Solbakken har tatt ut troppen til de avgjørende kampene mot Estland og Italia senere i november.

    Der har han nok en gang funnet plass til Glimt-spillerne Patrick Berg og Fredrik Bjørkan.

    Norge har svært gode muligheter for å kvalifisere seg til VM neste sommer. Norge har tre poeng ned til Italia og 16 plussmål å gå på før de to avgjørende kampene.

    Bodøværingen Andreas Schjelderup, som spiller på Benfica, er også med i troppen.

    En gruppe menn i sportsuniformer

    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • 4. november 2025 kl. 11:25

    Elevar fekk 100.000 kroner

    Elevar frå vg2 landbruk og gartnernæring ved Sortland vidaregåande skule, avdeling Kleiva, fekk tysdag ein sjekk på 100 000 kroner frå fylkesråd for utdanning og kompetanse, Joakim Sennesvik (H).

    Overrekkinga skjedde under landbrukskonferansen i Bodø, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

    – De er dei beste ambassadørane vi kan tenke oss for landbruksutdanninga i Nordland. Bruk midlane til å få fleire unge til å velje grøne fag, sa Sennesvik.

    Pengane skal gå til tiltak som styrker rekrutteringa, mellom anna deltaking på yrkesmesser der elevane kan framsnakke landbruksfaga og skulen.

    en grupope ungdommer smiler til kamera

    Foto: Trond-Erlend Willassen / Nordland fylkeskommune
  • 4. november 2025 kl. 10:39

    Fly fra Oslo til Bodø måtte snu

    Norwegian-flyet tok av fra Oslo lufthavn 08.49. Over Steinkjer snudde flyet og returnerte til Oslo lufthavn, skriver Avisa Nordland.

    – Flyet hadde en indikasjon på en teknisk feil, som vi blir nødt til å sjekke ut, sier Norwegians pressekontakt Silje Glorvigen til NRK.

    Norwegians tekniske base ligger ved Oslo lufthavn. Dermed var det enklest for Norwegian å returnere dit.

    Returen gjør at Oslo-avgangen fra Bodø 10.35 er forsinket med to timer, ifølge Avinors nettsider.

    – Det er mulig vi flyr opp igjen med det samme flyet, eller så gjør vi et flybytte i Oslo. Det kommer an på hvor fort vi får fikset feilen.

    Kart som viser at et fly på vei fra Oslo til Bodø måtte snu nord for Trondheim.

    Foto: Slkjermdump Flightradar
  • 4. november 2025 kl. 10:36

    Glatt på vegane: Trailer hamna i grøfta

    Ein lastebil køyrte ut av vegen på fylkesveg 82, skriv politiet i Nordland. Hendinga skjedde like før avkøyringa over Risøysundet.

    Det er 60-sone på staden og glatt vegbane. Føraren blei tatt hand om av helsepersonell på staden og det er ikkje snakk om alvorlege personskadar.

    Det er heller ingen mistanke om køyring i rusa tilstand. Førar av køyretøyet ordnar berging av lastebilen sjølv.

    bilde av glatt vegbane med trailer

    Foto: Politiet
  • 4. november 2025 kl. 09:58

    Meteorologene: 18 måneder på rad over normalen

    Temperaturen i oktober endte nesten to grader over normalen.

    Aldri før er det registrert en så lang periode med gjennomsnittstemperatur over normalen.

    Den forrige rekorden var 15 måneder på rad, fra februar 2014 til april 2015.

    – Klimatrenden viser at høsten blir varmere. Vi kan ikke forklare temperaturstigningen uten å ta med at det er et menneskeskapt bidrag også, sier klimaforsker Jostein Mamen.

    Oktober ble den 8. varmeste som er registrert i en måleserie som går tilbake til 1901.

    – Avvikene varierer fra rundt 3 grader over det normale på noen stasjoner i Møre og Romsdal, Nordland og Finnmark til rundt en halv grad over normalen på stasjoner i Vestland, Innlandet og Østfold, forklarer Mamen.

    – Sommervarmen kan nå strekke seg inn i oktober. Høsten har forskjøvet seg. Den begynner og slutter senere. Klimaendringer betyr ikke slutten på kalde dager, men at de kommer sjeldnere, sier han.

    11 stasjoner satte rekorder for høy månedstemperatur, og sju rekorder for maksimumstemperatur. Høyeste maksimumstemperatur var 20,2 grader, og ble registrert på Landvik i Grimstad 11. oktober.

    Den våteste stasjonen er Lurøy i Nordland med 445,6 milimeter nedbør.

    (NTB)

    En mann sitter på en forhøyning på et fjell med høstlyng rundt seg og sola bak

    Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK
  • 4. november 2025 kl. 09:38

    Stenger for drop-in på grunn av sikkerheitskrav

    Nav-kontoret på Andøy skal vurdere sikkerheitsoppgraderingar av lokala og stenger for drop-in på ubestemt tid, skriv Vesterålen Online.

    Neste haust skal Nav Andøy flytte inn i nye lokaler ved kommunehuset i Andøy. Fram til det kan det bli slutt på dagens Nav-kontor.

    Det er krav om oppgraderingar av sikkerheita som ligg bak stenginga.

    Dette kjem etter fleire alvorlege hendingar ved Nav-kontor nasjonalt og som del av ein landsdekkane gjennomgang av sikkerheitsrutiner.

    NAV Bodø

    Foto: Håkon Jacobsen / NRK
  • 4. november 2025 kl. 09:25

    Varslar store kutt

    Hemnes kommune varslar kraftige kutt kor skule, kultur og eldretilbod blir ramma, skriv Rana Blad. Årsaka er at forholdet mellom utgifter og inntekter ikkje går opp.

    I slike tilfelle er det ikkje uvanleg at kommunen vel å kutte i ikkje-lovpålagde oppgåver.

    Kommunedirektøren foreslår no å spare 40,1 millionar kroner i 2026. Det betyr store endringar:

    • 26,2 årsverk skal bort, der 11,5 lærarstillingar forsvinn.

    • Ungdomsklubben i Finneidfjord blir lagt ned, og kulturskulen får redusert tilbod.

    • Bassenget på Hemnesberget stenger hausten 2026, og Korgen-bassenget blir sesongstengt.

    • Barnehagar stenger fire veker om sommaren, og søskenmoderasjonen blir redusert.

    • Biblioteket mistar ei halv stilling, og Korgen samfunnshus blir stengt frå 2027.

    For eldre blir «Gullruten»-bussen og trivselsagentane fjerna, og fleire helse- og omsorgstilbod blir kutta. Ungdomsrådet mistar midlar, og ordninga «Ungjobb» blir lagt ned.

    I tillegg vil kommunen innføre eigedomsskatt frå 2026 for å auke inntektene.

    Hemnes Rådhus i Korgen. Skilt på rød murvegg.

    Foto: Synnøve Sundby Fallmyr
  • 4. november 2025 kl. 09:23

    Kvitnes Gård nominert til prestisjetung pris

    Kvitnes Gård er nominert som Norges kandidat til The Nordic Prize 2025.

    – Kvitnes Gård representerer en helhetlig og kompromissløs tilnærming til nordnorsk mat og vertskap. Råvarene dyrkes og foredles på gården, driften følger årstidene og menyen styres av naturens rytme, skriver den norske juryen i en pressemelding.

    Halvar Ellingsen er kjøkkensjef, medeier og leder satsingen, og juryen skriver at hans råvarekunnskap preger Kvitnes sin filosofi.

    – Å gjøre råvarene best mulig rettferd – uten unødvendige effekter – og la stedet, sesongen og håndverket styre menyen.

    The Nordic Prize 2025 er en av Nordens mest prestisjetunge utmerkelser for restauranter. Prisen deles ut årlig, og vinneren offentliggjøres i februar 2026.

    Halvar Ellingsen, Kvitnes gård

    Foto: Jens Andre M. Birkeland
  • 4. november 2025 kl. 08:53

    Naudetatane rykker ut til trafikkulykke

    Naudetatane rykker ut til ei trafikkulykke som har skjedd i Rognan tysdag morgon, skriv politiet.

    Eitt køyretøy og ein person er involvert, og det er ikkje meldt om alvorlege personskadar.

    Føraren har blitt sett til av ambulanse på staden. Ifølge politiet er det glatt på staden.

  • 4. november 2025 kl. 07:53

    Fylkesråd reagerer: – Blir ikkje høyrde i budsjettprosessen

    Fylkesråd for utdanning i Nordland, Joakim Sennesvik (H), meiner det er kritisk at fylkeskommunane ikkje får delta i Stortinget sine høyringar om statsbudsjettet.

    – Det er heilt feil at dei som eig og driv dei vidaregåande skulane ikkje får høve til å gi innspel til utdannings- og forskingskomiteen. Politikarane risikerer å ta avgjerder på eit ufullstendig kunnskapsgrunnlag, seier Sennesvik i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

    Han peikar på at fylkeskommunane har den mest oppdaterte kunnskapen om utfordringar i vidaregåande opplæring. Samtidig varslar han store økonomiske problem som følge av ny opplæringslov.

    – Lova gir oss nye oppgåver som kostar 400 millionar kroner over fire år, mens kompensasjonen frå staten berre er 15 millionar. Oppgåvene blir fleire, men pengane følger ikkje med, seier fylkesråden.

    Joakim Sennesvik ser inn i kamera - han står ute kledt i dressjakke og skjorte, bygninger i bakgrunnen

    Foto: Vetle Knutsen / NRK
  • 3. november 2025 kl. 22:09

    Frykter liv kan gå tapt i jakten på nordlysbilder

    – Folk kan bli drept, det er en reell fare, sier leder i NFL Finnmark, Pål Edvin Olsen.

    Han referer til en sak fra avisa Nordlys, om en yrkessjåfør fikk et skremmende møte med turister som jaktet nordlys i 90-sone.

    Olsen forteller at det er ofte turister stanser langs veien, helkledd i svart og med lysene skrudd av.

    – Nå er mørketida i gang for fullt, og det finnes mange plasser i både Troms og Finnmark hvor det stopper turister.

    Han mener myndighetene må ta grep.

    – Det er vanskelig å si eksakt hva man skal gjøre. Men de må komme ut av kontoret og se på problemene der ute. Politiet og vegvesenet må rapportere videre.

    Turister står og ser på nordlys, og tar bilde av det. Himmelen lyser opp av grønt nordlys

    Foto: Oda Marie Lamo / NRK
  • 3. november 2025 kl. 21:45

    Øvelseskjørte beruset – må i fengsel

    En mann fra Vesterålen er dømt til betinget fengsel og tap av førerkortet i nesten to år etter at han var beruset mens han var ledsager under øvelseskjøring.

    Det skriver Vesterålen Online.

    Kjøreturen skal ha skjedd i romjulen i 2024.

    Mannen var ledsager under øvelseskjøring og blodprøven viste en alkoholpromille på 1,17. Det ble også funnet spor av THC, som er virkestoffet i blant annet hasj, tilsvarende 0,2 alkoholpromille.

    Han ga en uforbeholden tilståelse da Midtre Hålogaland tingrett behandlet saken. Mannen samtykket i at saken ble avgjort med en tilståelsesdom.

    Påtalemyndigheten ba om betinget fengsel i 18 dager, bot og tap av førerretten i 22 måneder. Retten sluttet seg til dette og fastsatte boten til 25.500 kroner.

    Mannen må avlegge fullstendig ny førerprøve for å få førerkortet tilbake.

    Midtre Hålogaland tingrett Harstad

    Foto: Henrik Einangshaug / NRK
  • 3. november 2025 kl. 21:23

    Avvikler Store norske energi

    Store Norske avvikler datterselskapet Store Norske Energi.

    Det melder Svalbardposten.

    Planen med selskapet var å utvikle fornybare energisystemer for Arktis, men på grunn av en mangel på prosjekter og at selskapet ikke var lønnsomt, blir det nå avviklet, skriver avisen.

    Selskapet har fire ansatte og alle disse vil få tilbud om jobb i prosjektavdelingen til Store Norske, ifølge stabsdirektør i Store Norske, Helene Langebraaten Løvold.

  • 3. november 2025 kl. 21:21

    Fylkesråd advarer: – Flykutt kan ramme distriktene hardt

    Fylkesråd for samferdsel i Nordland, Richard Dagsvik (FrP), retter kraftig kritikk mot statens håndtering av FOT-rutene.

    Han frykter at endringer i det regionale flytilbudet vil svekke livsviktige tjenester i distriktene, særlig i Vesterålen, Lofoten og Helgeland.

    – Fly er avgjørende for hverdagsliv og næringsliv i Nord-Norge. Staten må ta ansvar, sier Dagsvik.

    Han mener utredningen fra Samferdselsdepartementet bygger på svakt grunnlag og gir lite håp om forbedringer, til tross for en bevilgning på 2,4 milliarder kroner.

    Dagsvik advarer mot høyere billettpriser og dårligere tilgjengelighet, og krever bedre anbudsordninger og langsiktige planer.

    Fylkestinget skal behandle saken i desember.

    Richard Dagsvik

    Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK
  • 3. november 2025 kl. 19:20

    Fiskere vil kreve erstatning

    Norges Fiskarlag har gitt innspill i høringen om aktiviteter i verdensrommet.

    Norges Fiskarlag er spesielt opptatt av den aktiviteten som utføres av Andøya Space AS, Andøya Space Port AS og Andøya Space Defence.

    – Vi forventer at romaktivitet som forårsaker skremmeeffekt eller redusert fangst, må regnes som en skade som utgjør grunnlag for erstatning, slik petroleumsvirksomhet gjør, skriver Norges fiskarlag.

    Laget viser til at aktivitetene knyttet til romaktivitet på Andøya foregår i områder med viktige fiskerier.

    – Dette gjelder særlig kystområdene i Nord-Norge, hvor det over flere år i forbindelse med aktivitet fra Andøya Space konsernet er dokumentert overlapp mellom sikkerhetssoner for oppskyting og noen av landets viktigste fiske og gytefelt.

    – Vår erfaring er at slike aktiviteter, dersom det ikke i tilstrekkelig grad tas hensyn til fiskeriaktivitet i området i perioden for oppskyting, kan føre til både direkte og indirekte tap for fiskerinæringen i form av beslagleggelse av viktige fiskefelt og skade på redskap, særlig i forbindelse med såkalt jamming – som er perioder der kommunikasjonsutstyr påvirkes og fiskeri dermed ikke trygt kan utøves, skriver Fiskarlaget.

    Isar launch from Andøya Spaceport pad A. En illustrasjon av en oppskytning fra Andøya Space.

    Foto: Andøya Space / Trond Abrahamsen
  • 3. november 2025 kl. 18:14

    Skadeskote Monaco møter Glimt på Aspmyra

    Det er eit redusert Monaco-lag som kjem til Aspmyra tysdag kveld for å møte Bodø/Glimt i meisterligaen. Hovudtrenar Sebastien Pocognoli har berre med seg 19 spelarar til den viktige kampen.

    På Monacos eigne nettsider er følgjande spelarar oppførte på skadelista: Lamine Camara, Eric Dier, Vanderson, Denis Zakaria, Lukas Hradecky, Krépin Diatta, Ansu Fati, Christian Mawissa og Paul Pogba.

    Trass i skadeproblema meiner Pocognoli at laget framleis har kvalitetar som kan gi resultat.

    – I den situasjonen vi er i, har vi gode erstattarar i unge spelarar som får ein sjanse. Vi har framleis eit sterkt lag, og eg fokuserer på dei som er tilgjengelege. Det finst alltid alternativ til dei største stjernene, seier han til TV 2.

    – Vi må vere rasjonelle. Ja, vi er litt knappe når det gjeld laguttaket, for vi har mange skadar. Men det er realiteten, legg han til.

    Også Bodø/Glimt har hatt utfordringar med skadar den siste tida. Til kampen mot Monaco er Ulrik Saltnes, Haitam Aleesami og Ola Brynhildsen ute, melder Avisa Nordland.

    en mann som holder en haug med gule og grønne bannere

    Foto: Reuters
  • 3. november 2025 kl. 18:00

    Ukrainas forsvarsminister besøker Bodø: – Historisk

    Elleve forsvarsministere skal tirsdag og onsdag samle seg i Bodø. Nå har også den ukrainske forsvarsministeren meldt sin ankomst, opplyser regjeringen.

    – Jeg vil omtale dette forsvarsministermøtet som historisk, sier verten selv, Norges forsvarsminister Tore O. Sandvik, i en pressemelding.

    Ukrainas forsvarsminister Denys Sjmyhal besøker Bodø tirsdag og onsdag, i forbindelse med et britiskledet samarbeid mellom ti nordiske og nordeuropeiske land om sikkerhet og forsvar.

    Sjmyhal ble utnevnt til Ukrainas forsvarsminister i juli 2025.

    Han kommer på besøk i forbindelse med at Norge er vertskap for forsvarsministermøtet i Joint Expeditionary Force (JEF) 4. – 5. november i Bodø.

    Ifølge Sandvik er det to grunner til at møtet er historisk.

    Det er det første JEF-forsvarsministermøtet med fysisk deltakelse fra den ukrainske forsvarsministeren, og det er det første JEF-forsvarsministermøtet som arrangeres nord for Polarsirkelen. Det er dessuten første gang den nye ukrainske forsvarsministeren Denys Sjmyhal besøker Norge, sier forsvarsminister Tore O. Sandvik i en pressemelding.

    JEF ledes av Storbritannia og består i tillegg av Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Norge og Sverige.

    De som deltar på møtet er foruten Sandvik og Sjmyhal, John Healey fra Storbritannia, Troels Lund Poulsen fra Danmark, Hanno Pevkur fra Estland, Anti Häkkänen fra Finland, Martin Eyjólfsson fra Island, Liene Gatere fra Latvia, Thomas Godliauskas fra Litauen, Ruben Brekelmans fra Nederland og Pål Jonson fra Sverige.

    JEFs hovedmål er å skape en fleksibel forsvarsstyrke som kan reagere raskt på kriser i regionen, som et supplement til Nato-samarbeidet.

    Temaet for møtene tirsdag og onsdag blir hvordan Norge skal styrke samarbeidet og sikkerheten i Nord-Europa.

    – Vi skal også få vist fram Natos nye luftoperasjonssenter i Bodø, sire Sandvik.

    Styrken Joint Expeditionary Force kan brukes til krisehåndtering, kollektivt forsvar eller til å støtte andre internasjonale organisasjoner som Nato, FN og EU.

    Denys Shmyhal, ukrainsk forsvarsminister

    Foto: AFP

Spilles av

Torsk spiser torsk

Neste

Read Entire Article