437 drepne på fylkesvegane på 10 år – likevel blir fylkesvegane dårlegare og dårlegare

2 hours ago 2



Sidan 2015 til i dag har 437 mista livet på fylkesvegane i Noreg. Det er nær halvparten av alle trafikkdrepne i same periode.

Ifølgje offisiell statistikk har 42 personar mista livet på fylkesvegane til no i år, dette er to fleire enn i 2024. Vestland er blant dei fylka i landet der ulukkestala er høgst.

Treng 100 milliardar

Fylkesvegane er ofte smale, svingete og har stort etterslep på vedlikehaldet. På landsbasis blir etterslepet rekna til kring 100 milliardar kroner.

I staden for ei omfattande utbetring av vegnettet, har kilometer med dårleg veg berre auka dei siste åra.

Dødsulukke Indre Østfold

Bilføraren omkom då ein lastebil og ein personbil kolliderte på fylkesveg 120 i Indre Østfold i sommar. I Østfold er det behov for 2,4 milliardar kroner for å utbetre fylkesvegane.

Foto: Freddie Larsen / NRK

Vegtilsynet har tidlegare avdekka at dårlege vegar var ein medverkande årsak til eit betydeleg tal ulukker med hardt skadde og omkomne.

NRK har gått gjennom Statens vegvesen sine djupneanalysar av dødsulukker tilbake til 2015.

Fylkesvegnettet er fire gonger lengre enn riks- og europavegnettet. Justert etter trafikkmengd er likevel risikoen for ei fatal ulukke større på fylkesvegnettet.

(Statistikk henta frå Statens vegvesen. Tala for 2025 er førebelse, pr. 11. desember)

Blant dei viktigaste årsakene til ulukkene er førarfeil.

Fylkesvegane manglar den naudsynte tryggleikssona, og køyretøy treff ofte farleg sideterreng. Det kan forvandle ei hending til ei dødsulukke.

Dødsulukke i Sogndal i sommar

Ein mann omkom etter å ha hamna i Barsnesfjorden på fylkesveg 55 i Sogndal i sommar.

Foto: Sogn Avis

Vil overføre fylkesvegar til staten

Fylkesråd for samferdsel i Norland, Richard Dagsvik (Frp), peikar på at det med dagens løyvingar frå staten er umogleg å oppruste fylkesvegnettet. Nordland har eit vedlikehaldsetterslep på 14,5 milliardar kroner.

– Vi må anten få fleire milliardar kroner årleg i ekstramidlar eller så må fleire av dagens fylkesvegar omklassifiserast til riksvegar, seier han.

Dødesulukke Nordland 2023

Ei kvinne i 30-åra omkom i juni 2023 etter å ha kollidert med ein lastebil på fylkesveg 17 i Meløy i Nordland. I Nordland er det behov for å bruke 14,5 milliardar kroner på fylkesvegane.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

– Vegar kan bli stengde

Fylkesvegsjef i Møre og Romsdal, Ole Jan Tønnesen, fortel at det er fortvilande lite pengar til å kunne utbetre fylkesvegane. Per i dag er vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i fylket på 10,6 milliardar kroner.

– Når ein treng 100 kroner for å utbetre fylkesvegane, men får berre 50 øre frå staten, så kjem ein ingen veg, seier han.

Ifølge Tønnesen risikerer ein at enkelte fylkesvegar blir stengde fordi standarden er for dårleg.

Motorsyklist omkom i Møre og Romsdal

Ein motorsyklist i 60-årene omkom på fylkesveg 63 ved Eidsvatnet i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Ulukka skjedde i august i år.

Foto: Britt Ingunn Maurstad / Storfjordnytt

Sju drepne berre i Vestland

Direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal, ber også om ekstramidlar. Ho peikar på at det er vanskeleg å forklare den tragiske utviklinga i det siste, der sju personar så langt i år har mista livet på fylkesvegnettet i Vestland.

– Det kan handle om trafikantane, vegen og køyretøyet. Ikkje minst samspelet mellom dei, seier ho.

Dina Lefdal

Dina Lefdal er direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune. Med løyvingane som er vedtatt vil vedlikehaldsetterslepet ifølgje Lefdal bli større, ikkje mindre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Treng vesentleg meir midlar

Nyleg vedtok fylkespolitikarane i Vestland ei rekkje punkt for å betre trafikktryggleiken. Mellom anna må ei «auka satsing mot utforkøyringsulukker, siktutbetring, tiltak i sideterreng og rekkverk» prioriterast.

På møtet i fylkestinget sist veke vart fylkesdirektøren sitt forslag om å setje av 266 millionar til trafikktryggleik og 176 millionar til mjuke trafikantar vart vedteke.

Men med eit samla vedlikehaldsetterslep på 20 milliardar kroner, rekk ikkje midlane særleg langt, og vedlikehaldsetterslepet vil gå opp.

– Svært trist

– Det er veldig urovekkande at det blir fleire drepne på fylkesvegane våre, seier fylkespolitikar i Vestland Frank Willy Djuvik (Frp). Frp ville auka løyvingane til fylkesvegane med ein milliard kroner dei komande fire åra, men vart nedstemt.

Regionleiar i Trygg Trafikk i Vestland, Knut Olav Nestås, er uroa. Han vil ha meir pengar til trafikktryggleik.

– Fylkespolitikarane har eit mål om å stoppe forfallet, men då må vesentleg meir midlar på bordet, seier han.

Knut Olav Røsseland Nestås

Regionleiar i Trygg Trafikk i Vestland, Knut Olav Nestås, ber om meir pengar til utbetring av fylkesvegane.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

Oppgitt over prioriteringar

Seniorrådgjevar i det nasjonale Personskadeforbundet, Per Oretorp, er oppgitt over situasjonen.

– I lengre tid har ein vore meir oppteken av å bygge raske vegar enn trygge vegar. Det har ført til at ein i altfor liten grad har halde fylkesvegane ved like, seier han.

Oretorp peikar på at det skal ikkje så mykje til for å øydelegge eit liv i trafikken.

– Mange av medlemane våre må leve vidare med skader og smerter som har gitt redusert livskvalitet og nedsett arbeidsevne, seier han.

Kvinne omkom i ulukke Alver

Ei kvinne i 80-åra omkom i ei ulukke på fylkesveg 5464 Mykingvegen i Alver i Vestland i juli i år.

Foto: NRK

Skuldar på staten

Styreleiar i kommunane og fylkeskommunane sin interesseorganisasjon, KS, Gunn Marit Helgesen, meiner staten må ta hovudskulda for at fylkesvegane er så dårlege.

– Fylkeskommunane overtok eit veldig nedslite fylkesvegnett i 2010 og det følgde aldri nok pengar med til å oppgradere etter dei enorme behova som er, seier ho.

en kvinne som står i et rom

Styreleiar i kommunane og fylkeskommunane sin interesseorganisasjon, KS, Gunn Marit Helgesen, meiner staten må ta hovudskulda for at fylkesvegane er så dårlege.

Foto: William Jobling / NRK

– Har ansvar for eige vegnett

Statssekretær i samferdselsdepartementet, Tom Kalsås, peikar på at fylkeskommunane har ansvar for sitt eige vegnett, og det difor er dei sjølve som prioriterer strekningane der behova er størst.

Samtidig legg han til at regjeringa i lengre tid har teke forfallet på fylkesvegane på alvor.

Fylkesvegane blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til fylkeskommunane, som består av skatteinntekter og rammetilskot. I 2026 blir rammetilskotet auka med 2,1 milliardar kroner, seier Kalsås.

Publisert 20.12.2025, kl. 19.06

Read Entire Article