For fem år sidan rakna livet
Då tok Helene eit oppgjer
Det fekk konsekvensar ho aldri kunne sett for seg
Bør fleire gjere som henne? Vi har spurt psykologen.
På ein liten bakketopp omkransa av høge vestlandsfjell ligg eit småbruk.
Mellom eit gult hus og ein raud låve spankulerer ein hane.
Her bur Helene Furø, saman med kjærasten, ein gjeng høner og geiter.
Ein liten hund med svart pels og logrande hale ønsker meg velkommen inn i det gule huset.
Hunden Selma kom inn i livet til Helene like før det var for seint.
Oslo<3
Etter det ho sjølv skildrar som fleire vanskelege opplevingar som ung, tek ho sats og flyttar til Oslo som 19-åring. Ho vil tene pengar, reise og feste.
Og plutseleg lever ho akkurat det livet ho har higa etter. Helene jobbar med sminke og kostyme i filmbransjen, og vekene blir brukt på filminnspeling, reklame og fotoshoot. Og på fest.
– Eg elska Oslo. Eg følte at eg endeleg kunne vere meg sjølv. Det var alltid noko å finne på.
Men ein vinterdag i 2021 raknar alt.
Einsam i pandemi
Helene er 25 år gammal, og har bestemt seg for at denne dagen skal bli hennar siste.
Ho fortel om korleis ho hadde kjøpt sitt siste måltid, og begynt å kaste ting ho eigde. Og no sit ho heilt aleine på rommet sitt, i eit tomt kollektiv.
Dei siste åra har det vore mange slag i trynet. Ho har mista bestefar sin, blir greia ut for endometriose og har vore i traumebehandling etter ting ho har opplevd tidlegare i livet.
Ho har også bipolar liding, og er inn og ut av sjukehus for å finne riktig behandling.
– Det å jobbe og feste så masse førte til mani. Så det seier seg sjølv at det ikkje funka så bra kombinert med frilansjobbinga. Eg tøya grensene.
Så mistar ho hunden ho har hatt sidan barndommen. Når landet stenger ned nok ein gong like etterpå, seier det stopp.
FIRBEINT BESTEVENN: Helene saman med den første hunden sin, Chayla.
Foto: privat / privatHo prøvar å halde seg oppe, og mellom anna med å skaffe ein ny hund. Men det er ingen firbeint bestevenn i sikte.
Den lysande skjermen
Helene har bestemt seg, og set i gang med å prøve å avslutte livet.
Men plutseleg lyser mobilen hennar.
På skjermen ser ho at det er melding frå ein hundeoppdrettar. Det står at ho skal få akkurat den kvalpen ho har ønska seg.
Denne meldinga endrar alt.
– Eg ringde 113 med ein gong og fortalde kva eg hadde gjort. Dei kom ganske fort og køyrde meg på sjukehus.
Så fort ho blir skriven ut flyr ho til Mo i Rana, tømmer BSU-kontoen sin og får ta med kvalpen heim. Ikkje til kollektivet i Oslo, men familien på Sunnmøre.
Frå kollektiv til småbruk
No har ho ikkje berre seg sjølv, men også eit anna levande vesen å ta vare på.
Ho forstår at ho må ta eit val.
Og etter to år med avstandsforhold og diskusjon om adresse, går ho med på å flytte til kjærasten i Stryn.
Ho seier opp kontrakten i kollektivet i Oslo, og begynner å leite etter leilegheit i Nordfjord.
Det viser seg å bli vanskeleg. Men plutseleg dukkar eit lite småbruk opp, og dei bestemmer seg for å klinke til.
– Når vi fekk dette småbruket, begynte ting å snu. Eg fekk bruke henda, vere kreativ, og vere rundt dyr. Den stabile kvardagen, i tillegg til riktig hjelp i helsevesenet, har gjort at eg knapt har hatt mani eller depresjon dei siste åra.
Redda av «slow living»
På Instagram og TikTok er det å leve sakte blitt eit fenomen. Under emneknaggen #slowliving ligg det mange millionar innlegg.
Over halvparten av folk mellom 18 og 39 kunne tenke seg å endre livet for å få ein rolegare kvardag. Det viser ei undersøking Norstat har gjort for NRK.
– Eg trur mange kan kjenne seg igjen i det Helene fortel. Og ikkje minst i draumen om småbruk, seier Henrik Børsting Jacobsen.
– Eg har blitt kalla noregsmeister i stress.
Henrik Jacobsen Børsting
Professor i psykologi
Han er professor i psykologi, og har forska på stress i mange år. Han trur «slow living» har blitt eit fenomen fordi det på mange måtar er motsatsen til dagens samfunn.
– Vi skal alltid bli meir effektive og prestere betre. Den dagdraumande og filosofiske delen av oss får ikkje nok plass.
Ifølgje psykologen kan aktivitet og tettpakka kalender gi oss umiddelbar belønning, og vi føler at vi har kontroll i eige liv.
– Derfor kan det å kvile og sleppe kontrollen føre til ubehag. Dette blir ein negativ spiral der vi distraherer oss i staden for å kjenne på ubehaget.
Å jage adrenalin
Helene skulle aldri ha eit A4-liv. Men for henne viste det å skru ned tempoet seg å vere ein stor del av nøkkelen.
Kontrasten til storbyen kunne nesten ikkje vore større. Helene sit i sofaen med Selma på fanget når ho ivrig fortel om kvardagen sin.
- Det første eg gjer om morgonen er å stå opp og gå ut å mate dyra, sleppe dei ut på beite og vatne plantane.
Som lita drøymde Helene om å bu på gard. Ho hadde aldri trudd at det faktisk skulle skje.
Julianne Flølo/NRKMen ho har også halde på litt av det gamle livet sitt. På loftet tek ho imot bruder og gjer dei klare til bryllaup.
– Stabilitet har vore det viktigaste, og det å vere rundt dyr. Å vite kva som skal skje, ha det rolegare og ikkje jage adrenalin. No ville eg ikkje hatt det på nokon annan måte, smiler ho.
Psykologen meiner det er sterkt av Helene å dele det ho har opplevd. Samtidig er han opptatt av at det ikkje er ein modell for alle.
– Og så vil eg oppfordre dei som har det vanskeleg til å strekke ut ei hand, anten til helsevesenet, vennar eller familie. Det er veldig viktig.
Hei!
Så stas at du har lese heilt ned hit. Tips meg gjerne dersom du veit om historier eg bør fortelle, saker eg bør lage eller folk eg bør snakke med.
Publisert 10.06.2026, kl. 06.31










English (US)