Det er identitetsspørsmålet som har splitta Brann-supporterane.
I Bergen seier dei at «ekte lidenskap har eit namn».
Men det har også ein pris.
Hatmeldingar, brennheite kommentarfelt, knuffing, sabotasje og truslar om vald.
Det er nokre av konsekvensane av den betente debatten som har prega Bergen.
Og det heile har rot i kjærleiken for Sportsklubben Brann.
Branns heimepublikum før UEFA Conference League play off mellom SK Brann og FC Astana på Brann Stadion i 2024.
Foto: NTBEtter fleire år med trommedebatt, kjem 2026-sesongen til å bli historisk.
For første gong kan ein høyre taktfast trommelyd blant Brann-supporterane.
Så godt som heile Eliteserien er vande til det.
Brann er ein av dei aller siste klubbane som innfører tromme på stadion.
Det har skapt stor splid blant supporterane.
Supporterleiar Erlend Ytre-Arne Vågane håpar at fansen kan foreinast igjen – ein gong.
«Vi skal knuse trommen»
Fleire supportarar har truga med å slutte å gå på stadion, droppe sesongkortet og la vere å synge med dersom tromma kjem til tribunane.
Andre vil halde seg unna «Store Stå», kortsida med dei mest ivrige supporterane.
Ein av dei er Kevin Ellingsen.
På dagtid er han lærling på Møhlenpris skule. Resten av tida dedikerer han til Brann.
– Heilt sidan eg var liten har det vore det største i livet mitt eigentleg.
Sidan han var ein liten gut har Brann vore det viktigaste i livet til Kevin Ellingsen.
Foto: Kevin EllingsenDei siste månadane har han hatt stand utanfor Brann Stadion, med slagordet «Stopp trommen». Han har samla inn over 2000 underskrifter.
– Det har ikkje heilt gått opp for meg, seier Ellingsen.
Fleire gonger har Kevin Ellingsen fått standen han brukar til å samle inn underskrifter øydelagt.
Foto: Kevin EllingsenPå telefonen med NRK er han matt og beklagar seg for at han er så fjern.
Han er tydleg prega, lei seg, og kan framleis ikkje begripe at det skal vere ei tromme blant Brann-supporterane på dagens kamp.
– Heile «Store Stå» har alltid sunge «Vi skal knuse trommen, vi er Brann». Og no skal vi brått ha trommer.
For Ellingsen talar det i mot alt Bergens stoltheit står for. For å forstå Bergen, må du forstå Brann, meiner han.
– Det er jo ingen som heiar på Brann fordi dei er gode. Det er jo fordi det er eit ekte og samla fellesskap.
Han meiner tromma står for noko uekte.
– Det er folka frå Bergen som verkeleg er stemninga. Det er det tromma stoppar, det ekte. Med tromme blir det meir falsk stemning, meiner han.
Kevin Ellingsen meiner at tromme på stadion ikkje høyrer heime.
Foto: Kevin EllingsenMeiner trommer er framtida
– Sorg, skuffelse, utmatting og litt glede. Ein forbanning og ein lidenskap.
Slik skildrar Brann-supporter Joakim Randa Berthelsen kva laget gir han.
Og i denne omgang er det glede.
For Berthelsen er ein av dei som er for trommene. I motsetnad til Ellingsen meiner han at trommer er heilt i tråd med den bergenske ånda.
– Bergen er lun humor, glimt i auge og spontanitet. Veldig mange av dei songane som startar spontant, kjem frå dei som vil ha trommene. Dei er også oppvaksne med Brann.
Joakim Randa Berthelsen meiner at dei som skal representera Brann i framtida skal velja om tromme skal bli brukt.
Foto: PrivatSupporteren, som sjølvsagt har skrive ei bok om Brann, meiner at trommer vil bidra til betre rytme og samkøyring, og dermed også meir trykk på tribunane.
– I dag blir tribunekulturen driven framover av mange unge i ultrasmiljøet. Det er dei som brukar tid på det, dei som reiser mest, og dei som skapar noko nytt på tribunen.
Ultrasmiljøet har utspring frå Italia og er kjenneteikna av ivrige og godt organiserte supportarar som brukar songar, rop, banner, pyro og trommer.
Berthelsen meiner det ville vore ei fallitterklæring å ikkje støtte dei som skal representere Brann si framtid.
Eit identitetsspørsmål
Debatten om trommer har gått føre seg i mange år blant dei mest ihuga supporterane. Men den kom først opp til open diskusjon våren 2024.
Sidan då har det vore brennheitt.
– Det har vore ei vedvarande anstrengt og nervøs stemning. Til tider har det vore ganske jævlig. Konfliktnivået har vore svært høgt, seier Berthelsen.
Bergenspressa har omtalt det store «trommeslaget» mykje.
Supporterane NRK pratar med meiner det har bidratt til å forsterke konflikten. Nettopp difor var det fleire som ikkje ville på trykk i denne omgang.
Men kjelder i miljøet fortel om dritslenging, hissige kommentarfelt, dytting, knuffing, sabotasje og valdstruslar.
Denne veka blei saka diskutert på eit opent supportermøte.
– Det har kome grove, grove truslar mot unge gutar i supportermiljøet. Sånn kan vi ikkje ha det. Skjer det vald eller truslar på tribunen, vil det bli slått ned på.
Det sa supporterkoordinator Stein Arild Longberg under møtet, skriv Bergens Tidende og Bergensavisen.
Men korleis kan ei tromme føre til valdstruslar?
Det er så mykje meir enn berre ei tromme, forklarar supporterleiar i Brann Bataljonen, Erlend Ytre-Arne Vågane.
– Det handlar om folk sin identitet. Det er ei kulturkonflikt. Det handlar om kva supporterkultur den enkelte står for.
«Bergens stoltheit»
«Er det noko spesielt med akkurat din klubb?», er kanskje eit idiotisk spørsmål å stille ein fotballsupporter. Men vi gjorde det likevel.
Svaret frå Brann-supporterane er sjølvsagt «ja».
Dei argumenterer med... Bergen.
Mangfald, samhald. Og engasjement.
Erlend Ytre-Arne Vågane, supporterleiar i Brann Bataljonen, kallar trommedebatten ein kulturkonflikt.
Foto: Brann Bataljonen Bergen / NRKDet spesielle med Bergen er ifølge Vågane at engasjementet går langt utover den harde supporterkjernen.
– Til og med mor mi, som ikkje har vore på stadion sidan 1977, skulle begynne å meine noko om tromma her om dagen.
Kva side ho står på, det blir innanfor husets fire veggar. Det same gjeld Vågane sjølv.
Eit av dei siste topplaga som tek i bruk trommer
Før Brann har mange andre norske topplag vore gjennom den same smertefulle prosessen med innføring av trommer.
Mellom anna Vålerenga.
Sebastian Hytten, leiar for supportergrupperinga Klanen, er glad for at internett var annleis då dei innførte det for 13 år sidan.
Supporterane var også splitta den gongen, men i dag meiner Hytten dei fleste er glade for tromma.
Sebastian Hytten, leiar for supportergrupperinga Klanen, er glad for at dei bruker tromme på Vålerenga sine kampar.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKDebatten i Bergen kunne han ikkje unngå å få med seg.
– Sett frå utsida så verkar det ganske patetisk, det heile.
I ein by der folk er kjende for å vere ueinige er han overraska over samhaldet i usemja.
– Det eg synest er sjokkerande, er at det finst så mange bergensarar som er samde, anten det er for eller imot trommer. Det neste er vel at det skal opp på programmet ved neste kommuneval.
Trommedebut og sameksistering
Om ikkje i kommunevalet, så har trommene heilt klart vore tema på Brann sitt styremøte.
Etter ei mengde innlegg, diskusjonar og avstemming, vart det bestemt at supporterane skal bestemme sjølve, utan innblanding frå styret.
Resultatet? På søndags bortekamp mot Kristiansund tek Ultrasgrupperingane med ei tromme på tribunane.
Det bekreftar Kristoffer Haaland i grupperinga Lounge Boyz.
Meiner du at tromme høyrer heime på fotballkamp?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Men sjølve tromma, den får ikkje NRK sjå. Grunna den betente stemninga skal ikkje den avbildast før debuten i eliteseriestarten.
Trommemotstandar Ellingsen har ikkje kjøpt nytt sesongkort.
– Eg mistar eigentleg berre ein reell klubbfølelse og tilhøyrsle.
Men favorittspelar Pallesen er framleis på bana, så det blir ein kamp i ny og ne likevel.
– Men eg kjem ikkje til å stå på «Store Stå». Og eg kjem i alle fall ikkje til å synge med på noko trommesong.
Trommeentusiast Thoresen er spent og nervøs før første heimekamp med trommer.
– Eg håpar dei fleste kjem til å gi det ein sjanse og bidra så godt dei kan. At vi ikkje får noko sabotasjestyr.
Erlend Ytre-Arne Vågane, supporterleiar i Brann Bataljonen.
Foto: Synne Lykkebø HafsaasMen kan supporterane finne saman igjen?
Supporterleiar Vågane er stille i nokre sekund, før han svarar langsamt.
– Eg trur og håpar vi skal klare å samle oss igjen. Vi er jo alle Brann.
Kanskje ikkje i mars, og heller ikkje i april. Men, etter kvart.
– Det er ulike kulturar som må finne ut korleis ein skal klare å sameksistere.
Hei!
Takk for at du har lest heilt hit!
Har du tankar om saka? Tips til ei anna sak?
Då vil eg gjerne høyre frå deg!
Publisert 14.03.2026, kl. 08.08




















English (US)