Statnett har fått pålegg frå staten om å undersøke alle luftspenn langs kysten, og komme tilbake med ein plan for korleis feila skal rettast innan 15. januar.
Det skriv avisa Energiteknikk.
Bakgrunnen er at fleire luftspenn over norske fjordar har ein heilt anna høgde enn det som er oppgitt.
– Kan i verste fall føre til tap av liv
Ifølge Kystverket er luftspennet opptil ni meter høgare enn det Statnett seier. I andre tilfelle er seglingshøgda åtte meter lågare enn oppgitt.
I eit brev til Statnett skriv Kystverket at «feil informasjon i sjøkart og feil merking av luftspenn kan medføre stor risiko for sjøsikkerheita og i verste fall føre til tap av liv».
– Etter vår tolking kan dette potensielt gjelde alle Statnett sin luftspenn, og ikkje berre dei som er identifiserte så langt, skriv etaten.
Dei karakteriser situasjonen som «svært alvorleg», og har så langt identifisert ni luftspenn der den oppgitte høgda avvik frå den faktiske høgda:
Dei ramma fjordane er Matrefjorden, Hardangerfjorden, Maurangerfjorden, Tyssesund, Djupvika, Dalseidvika, Trengeridfjorden, Grimstadfjorden, og Olsvika.
I eit brev til Statnett skriv Kystverket at «feil informasjon i sjøkart og feil merking av luftspenn kan medføre stor risiko for sjøsikkerheita og i verste fall føre til tap av liv».
Statnett: – Vi er allereie er i gang med kvalitetssikring
Ei kraftlinje er ikkje statisk. Når straumforbruket er høgt, blir leidningen varm og strekker seg.
Ifølge Kystverket kan Statnett ha undervurdert kor mykje denne termiske utvidinga påverkar dei lengste spennene.
Statnett svarer at dei vil gå i dialog med Kystverket om vidare oppfølging og at dei «allereie er i gang med kvalitetssikring av seglingshøgder for enkelte spenn».
Om vinteren gjer vekta av snø- og islast presse linjene mange meter ned.
På toppen gjer høgare straumforbruk at leidningane blir varme og utvidar seg, noko som gjer at dei «sagger» enda meir.
I tillegg til å representere ein fare for skips- og helikoptertrafikken, kan kollisjonar med «hovudvegane» i det norske straumnettet ramme forsyningssikkerheita og føre til straumutfall.
Tidlegare blei høgder berekna med manuelle metodar. I dag gir laserskanning ei nøyaktigheit på få centimeter.
Foto: Frida Brembo / NRKPublisert 18.12.2025, kl. 07.09

















English (US)