Wilhelm Særvoll (foto)
Fotograf
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
(BT:) Alec Luhn hadde ein fascinasjon for isbrear.
No var han og kona Veronika på sommarferie i Bergen, og Alec kunne ikkje fri seg frå tanken på Folgefonna, skriv Bergens Tidende.
Han var så forbaska nær.
Den amerikanske klimajournalisten kunne ikkje la sjansen gå frå seg og gjorde ein avtale med kona: Torsdag skulle ho ta fly heim til Brighton og han buss til Odda.
Så skulle han gå rundt Folgefonna i fire dagar, overnatte på DNT-hytter, kome ned i Sundal i Kvinnherad måndag og fly heim frå Flesland same kveld.
38-åringen var fjellvant og i god form. Veronika fekk klar beskjed om ikkje å bekymre seg. Berre tanken gjorde han irritert.
Torsdag
I dagboka skreiv Alec ned inntrykk frå bussen til Hardanger. Om fjell som grøne gigantar, den lange Jondalstunnelen «der tida forsvinn», om fabrikkrøyken over Odda.
Om sommarfuglane i magen då busstoppet nærma seg.
«Eg er nervøs før eg trykker på stoppknappen.»
I 13-tida gjekk Alec inn den ville, frodige Buerdalen med stupbratte fjellsider på alle kantar. Det var 31. juli 2025 og sol.
Synet av den blåkvite isveggen løfta han. Livet er vakkert, tenkte Alec, og plukka ville bringebær langs stien.
Han skulle gå ei 30 kilometer lang rute gjennom eit bratt og tidvis krevjande terreng. Alec hadde telt, sovepose, oppblåsbart liggeunderlag og det han trong for fire dagar.
Fjellstøvlane var kjøpt brukte på E-bay. Han sleit med å finne sko som sat godt på foten, og ville teste brukte modellar før han kjøpte nye.
Etter kort tid oppdaga han at eine hælen var laus.
Første tanke var å dra ned til Odda og kjøpe nye sko, men Alec slo det frå seg. I staden surra han sportstape rundt begge støvlane og heldt fram.
Inst i dalen, ved Nedre Buerbreen, sende Alec ein selfie til kona og delte den digitale dagboka med henne.
Han kjende på eit virvar av følelsar.
«... fjellstøvelen er øydelagt og framtida uviss, men søren heller, eg føler meg i live,» skreiv han i dagboka, og like etter – «av ein eller annan grunn er eg uroleg.»
Les hele saken med abonnement

8 hours ago
3








English (US)