Alvorleg kontantmangel i Gaza: – Tørrlegg alle økonomiske kjelder

9 hours ago 5



Ein sommarmorgon i krigsherja Gaza by prøvar Salmi al-Rafati å handle det han treng på ein marknad.

Med ein 20 og ein 200 shekel i handa, omtrent 660 norske kroner, går han til ei bod som sel ferske grønsaker, ei som sel sigarettar, og ei som sel sko.

Ingen av dei vil ta imot pengane hans.

– Før krigen kunne vi teke imot dette. Men no fungerer det ikkje, seier skoseljaren.

– Kva er det som er gale med den, spør al-Rafati, og held setelen opp til kamera.

– Ingen vil ta dei imot.

Her prøvar Salmi al-Rafati å få kjøpt noko for kontantane sine, på ein marknad i Gaza by.

Jebril Abu Kmeil

Den ser betre ut enn mange ein finn i kassa på ein norsk daglegvarebutikk. Men den har nokre mørke flekkar, og brettar som er retta ut.

Dette er ikkje bra nok. Han må til ein pengereparatør, som klipper og limer, viskar ut og fargelegg setlane. For ein pris.

Det viktigaste for al-Rafati er å skaffe nok til å kjøpe mat.

– Vi vaksne kan halde ut, men dei minste toler ikkje å gå svoltne, fortel han.

Skitne pengesedler veies ned på et bord

Dei aller minste setlane er i ferd med å forsvinne, seier ein økonom til NRK. Dei er for slitne til at folk vil ha dei.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Krev opp mot 50 prosent for å ta ut pengar

Av dei få kontantane som finst i omløp i Gaza, er dei fleste svært slitne.

Bankane er stengde. For å ta ut pengar må ein først overføre pengar i mobilbanken til ein privatperson, som tek ein prosentdel for å gi ut setlane.

Dei fleste tek mellom 43 og 50 prosent i gebyr, fortel palestinarar til teamet i Gaza som NRK samarbeider med.

Før krigen tok dei berre 5 prosent, seier dei vidare.

En mann og to barn sitter på huk ved en fryseboks fylt av pinneis.

Mohammed al-Ashi er svært kritisk til dei som krev ein provisjon på opp mot 50 prosent for å gi ut kontantar. – Dei tek pengane til barna våre, seier han.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

– Er ikkje det urettferdig, spør ein familiefar, Mohammed al-Ashi.

– Eg har pengar i ein app, men eg vil ikkje ha dei. Eg sel is for å hente kva som helst, slik at vi har kontantar.

Handlar ein på gata i Gaza by, blir ein møtt med desse prisane, ifølge al-Ashi:

  • en skål med sukker og sukkerbiter på et bord

    EMMANUEL FOUDROT / Reuters / NTB

    Sukker

    600-900 kroner for ein kilo.

  • en gutt som bærer en pose med tomater

    EYAD BABA / AFP / NTB

    Tomatar

    240 kroner for ein kilo.

  • en haug med poteter

    Simon Skjelvik Brandseth / NRK

    Poteter

    Også 240 kroner for ein kilo.

  • Illustrasjonsbilde av to auberginer

    Vladimir Blinov / Colourbox

    Aubergine

    Billegare - 105 kroner for ein kilo.

– Finst ikkje andre alternativ

Teamet i Gaza har også møtt ein av personane som sel kontantar og tek provisjon.

Han seier prisen har auka gradvis, først til mellom 10 og 15 prosent, og i dag til nesten halvparten.

Kontantseljaren har bede om å få vere anonym, fordi han blir utsett for så mykje hat.

– Vi har problem med kundane kvar einaste dag. Folk er ikkje tilfredse med denne situasjonen. Det er ikkje vi heller, seier han.

En person teller penger

Det har blitt lukrativt å selje kontantar på Gazastripa, fordi det finst så få av dei. Personen på biletet er ikkje kontantseljaren som teamet har snakka med.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

– Provisjonssal er haram, tabu. Det er urettferdig å ta folk sine pengar, men det finst ikkje andre alternativ.

Dessutan må også folk som han kjøpe pengesetlar. Då frå eigarar av bedrifter som butikkar og bakeri, held han fram.

Setlar som er utslitne for éin pris, og setlar i god stand for ein annan.

– Anten stenger alt, eller så må vi drive med dette, hevdar han.

To hender jobber med å fikse pengesedler

Her blir ein tusenlapp gjort god som ny av reparatørane.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Hevdar Israel stoppar kontantar ved grensa

Mohammed Abu-Gajeb er utdanna økonom og bur i Gaza.

Han meiner at den israelske okkupasjonen er kjelda til kontantmangelen, fordi dei nektar å sleppe inn nye setlar og å byte ut dei gamle.

– Alle er overtydde om at det er Israel som står bak, og tørrlegg alle økonomiske kjelder som ein del av blokaden, seier han.

– Dette medfører hungersnød og tørst, og dermed er dei som har kontroll på desse pengane ein del av det dødelege systemet.

Mange mennesker på et marked omringet av ødelagte bygg

Situasjonen i Gaza er framleis desperat. Men har ein nok pengar, finst det nokre råvarer ein kan kjøpe på marknaden i Gaza by.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

NRK har kontakta COGAT, koordinatoren for den israelske regjeringa sin aktivitet i okkuperte territorium. Dei har ikkje svart på førespurnaden om kommentar.

Det israelske militæret (IDF) ønsker ikkje å kommentere påstanden.

Ein kan ikkje lenger bruke myntar i Gaza, seier Abu-Gajeb. Også dei minste pengesetlane, 20 shekel, står i fare for å forsvinne fordi dei er så utslitne.

– Det har ført til tap av fleire titals millionar shekel som no har fløyma over hos sivile og seljarar, men som ingen kan bruke. Dermed har dei mista all verdi.

– Bedriftene er øydelagde. Kontantane er i hendene til forretningsfolk, eller tjuvane som driv med det her og tek imot ein prosentdel. Det skjer etter at tjuvar stal masse av nødhjelpa.

Publisert 04.07.2025, kl. 17.40 Oppdatert 04.07.2025, kl. 17.59

Read Entire Article