– Det er for lite og for trongt her.
Det seier Nils Petter Sandmo, hovudtillitsvald i Fagforbundet ved ambulansetenesta i Mosjøen.
Etter at det blei bestemt at akutt- og døgnfunksjonane ved Mosjøen sjukehus skulle leggast ned, fekk Mosjøen ekstra ambulansar og fleire tilsette som eit plaster på såret.
– Bortsett frå legevakta, er vi faktisk den einaste akuttmedisinske beredskapen som er igjen i Vefsn kommune no, seier han.
Stasjonen har likevel ikkje plass til det ekstra personellet og dei nye bilane. Det får no alvorlege konsekvensar.
Sandmo fortel at ambulansegarasjen er for liten, noko som gjer at ein av bilane må stå ute.



Ambulansegarasjen er for liten, noko som gjer at ein av bilane må stå ute.
Frank NygårdAmbulansane er avhengige av straumtilkopling for å halde varmen, slik at medisinane ikkje blir øydelagde.
Hittil i vinter har likevel to ambulansar mista straumen i kulda. Resultatet blei at medisinane fraus.
– Når medisinane frys og blir øydelagde, blir det dyrt. Ein pakke med medisinar som alltid er i ambulansen, kostar omtrent 20–30.000 kroner, seier Sandmo.
Deler på eitt toalett
På stasjonen jobbar minimum åtte personar om gongen, men ofte er dei fleire, og har lærlingar i tillegg.
Då deler alle saman på eitt toalett, bekreftar Sandmo.
– Det er ikkje optimalt. Vi slit med å rekruttere folk, dei som allereie jobbar her er på veg ut, seier han.
Sandmo fortel at fleire tilsette allereie har vurdert å seie opp på grunn av arbeidsforholda på stasjonen.
– Vaktene våre varar 24 timar om gongen. Her vi held til no, går alle oppå kvarandre heile tida. Folk melder tilbake til oss at dei er kjempeslitne etter vakta. Ikkje berre av jobben, men også av mangel på stasjonsfasilitetar.



Om morgonen er dei 20 personar på dette lisje pauserommet.
Frank NygårdHygiene og smittevern er også ei utfordring.
– All belastning med transport og behandling av pasientar, er det vi som tar. Og vi slit i dag med reinhaldet i bilane. Vi klarar ikkje å halde oppe god hygiene på kleda, seier han.
Dette har ført til at dei har sendt inn bekymringsmelding.
– Vi var tvinga til å sende den.
La ned akutten
Det heile starta med at det regionale helseføretaket Helse Nord bestemte at det ikkje skulle vere tre sjukehus med akuttfunksjon på Helgeland.
Trass mykje diskusjonar, demonstrasjonar og fakkeltog, blei det bestemt at Mosjøen sjukehus skulle miste akuttfunksjonen, mens sjukehusa i Sandnessjøen og Mo i Rana fekk behalde den.
For å bøte på situasjonen blei Mosjøen lova ny ambulansestasjon, samt fleire ambulansar og ambulansearbeidarar.
Dei to sistnemnde har dei fått, men ikkje ny stasjon.
Grunnen til dette er 90 centimeter på ein parkeringsplass.
I februar i fjor tok fleire tusen menneske til gatene i Mosjøen med refleksvestar og hovudlykter for å kjempe for lokalsjukehuset, som stod overfor ei nedbygging.
Foto: Morten EriksenAvslo søknad
Planen var å bygge ein ny ambulansegarasje, som skulle koplast på det eksisterande sjukehusbygget i Mosjøen. Den nye delen skulle innehalde fire garasjeplassar, vaskehall, garderobar til dei tilsette, lager og andre biareal.
Men for å få dette til, kjem rundt 1 meter over regulert byggegrense. Helgelandssjukehuset har derfor søkt kommunen om dispensasjon for dette.
Den har Vefsn kommune avslått.
Helgelandssjukehuset anka avslaget, og har fått medhald av Statsforvaltaren.
No må kommunen behandle saka på nytt.
– Det kan vere fleire grunnar til at Statsforvaltaren vel å oppheve eit vedtak. Det kan gå på at ein har brukt feil grunngjeving eller lovheimel. Når statsforvaltaren opphevar eit vedtak, så må vi ta ei ny behandling.
Det seier ordføraren i Vefsn kommune, Rune Krutå (Ap), men han vil ikkje seie noko meir om saka.
Vefsn kommune har avslått Helgelandssjukehuset sin søknad om dispensasjon for å bygge garasjen.
Foto: Frank Nygård / NRK– Eg kan ikkje forskotere politisk behandling. Det blir opp til formannskapet.
Han seier at det er ein varsla situasjon kommunen no står i.
– Vi har vore klare på, heile vegen, at å fjerne akuttilbodet i Mosjøen vil gi eit mykje dårlegare tilbod til pasientane som bur i Vefsn, Hattfjelldal og Grane. Og no begynner det her å utspegle seg i reelle eksempel.
Krutå meiner alt burde ha vore klart før akutt- og døgnfunksjonane ved sjukehuset blei fjerna.
– Når du legg nokre føresetnader, som auka ambulansekapasitet, før du fjernar akuttilbodet, så må ein kunne vente at ting tar tid.
I oktober 2025 mista Mosjøen sjukehus døgn- og akuttfunksjonen.
Foto: Morten Eriksen– Ikkje eigna
Klinikksjefen for prehospital klinikk ved Helgelandssjukehuset, Jørgen Nilsen, innrømmer at dagens fasilitetar ikkje er eigna, og at etableringa av den nye ambulansestasjonen tar for lang tid.
Han seier at dette ikkje gir ein god arbeidskvardag for ambulansearbeidarane.
– Poenget var at dette skulle vere ei mellombels løysing til vi fekk ein ny stasjon på plass. Men så har det tatt mykje lengre tid på grunn av avslaget på byggesøknaden frå Vefsn kommune.
Klinikksjef for prehospital klinikk ved Helgelandssjukehuset, Jørgen Nilsen.
Foto: Frank Nygård / NRKHan meiner at dei har ressursane på plass, men manglar å få ein ambulansestasjon etablert i Mosjøen.
– Vi vil vareta både dei tilsette og utstyret vårt, som har ei betydning og ein konsekvens for beredskapen. Derfor håpar eg dette lettar no, og at vi får gå i gang med bygging av ny ambulansestasjon så fort som mogleg, seier klinikksjefen.
Publisert 04.02.2026, kl. 20.29 Oppdatert 04.02.2026, kl. 20.29













English (US)