I den over 400 sider lange årsrapporten teiknar Amnesty International eit dystert bilete av situasjonen verda står oppe i no.
Også i årsrapporten for 2024 gjekk organisasjonen hardt ut mot land som braut folkeretten, men i fjor blei dette ytterlegare forsterka.
Amnesty skriv at verda står ved eit vendepunkt der sjølve fundamentet til menneskerettane er under angrep.
Dei peikar blant anna på at stormakter systematisk bryt folkeretten, og at internasjonale domstolar blir svekka.
Årsrapporten har kartlagt utviklinga i menneskerettane i 144 land, og dokumenterer grove brot i konfliktar i blant anna Gaza, Ukraina og i Det karibisk hav.
Sivilsamfunnet under angrep
Rapporten viser også til ein kraftig auke i angrep på sivilsamfunnet og ytringsfridomen.
Demonstrasjonar og protestar blir møtt med vald i ei rekke land, og organisasjonar blir gjort kriminelle gjennom tryggingslovgjeving.
I tillegg ser vi at ytringsfridomen blir avgrensa gjennom overvaking og sensur.
Amnesty åtvarar mot at det er i ferd med å vekse fram ei ny verd med autoritær kontroll der rettar blir systematisk svekka.
Kritiserer Europa
I rapporten får Europa kritikk for vere passive i møte med grove brot på folkeretten.
Det blir blant anna peika på at europeiske statar i liten grad har stoppa eksport av våpen til land som bidreg til krigsbrotsverk, og for at dei ikkje har reagert konsekvent på brot som er gjort av stormakter.
USAs president Donald Trump er skuffa over at allierte i Europa ikkje støtta han i angrepa mot Iran, og har truga med å trekke USA ut av Nato. Her er han saman med Natos generalsekretær Mark Rutte i Davos tidlegare i år.
Foto: Jonathan Ernst / REUTERS,NTBAmnesty ser likevel eit lite håp i starten av 2026, etter at europeiske land nekta å bidra til dei amerikanske og israelske angrepa mot Iran 28. februar.
Interessert i meir utanriksstoff? Høyr Urix-podkasten:
Publisert 21.04.2026, kl. 01.01 Oppdatert 21.04.2026, kl. 01.06







.jpg)





English (US)