Ampert på folkemøte: Ordførar måtte svare etter 15 år med ulovlege målingar

22 hours ago 1



I ein gymsal på Kyrkjebø i Høyanger er det laga klart 120 stolar, men det er ikkje nok.

Salen er full. 300 har møtt opp og fleire står ute for å få med seg folkemøtet.

Det har gått seks dagar sidan dei ikkje kunne drikke vatnet frå springen heime.

Sist veke vart det kjent at drikkevatnet har hatt for høge verdiar av aluminium i over 15 år.

Denne kvelden skal alle korta på bordet.

Fleire er bekymra. Fleire ønsker svar. Og fleire håpar på tiltak.

Stappfull sal og mange spørsmål

– Kvifor har dei sat på dei ulovlege analyserapportane år etter år utan å gjere noko, spør Ole Ivar Luggenes frå salen.

Han er blant dei 300 lokale som har samla seg i Kyrkjebø skole.

Svaret frå kommunen er klart:

– Linja har vore raud, men vi har ikkje sett på aluminium som ei utfordring.

Det seier einingsleiar for kommunalteknisk drift i Høyanger kommune, Geir Øyvind Hovlandsdal.

– Mattilsynet har òg fått desse rapportane, så vi har ikkje ignorert det, seier han.

Person som prater med en datamaskin foran seg.

Einingsleiar for kommunalteknisk drift i Høyanger kommune, Geir Øyvind Hovlandsdal, seier kommunen ikkje var bevisst på konsekvensane av høge mengder aluminium.

Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

Kommunen innrømde at dei så seint som for to veker sidan ikkje var klar over konsekvensane.

No legg kommunen fram strakstiltak for å handtere problemet.

FHI: – Inga stor grunn til bekymring

Sist veke åtvara Folkehelseinstituttet (FHI) om «irreversible nerveskadar» etter avsløringa.

No snur dei.

– Verdiane er framleis innanfor sikkerheitsmarginane. Det er difor inga stor grunn til bekymring for befolkninga, sa Trine Husøy, forskar ved avdeling for mattryggleik i Folkehelseinstituttet.

FHI understrekar at totalbelastninga over tid er problemet, ikkje akutt skade.

– Det er ikkje påført helseskade av vatnet no. Men totalbelastninga blir over den helsebaserte grenseverdien, og eksponering over tid gjev auka risiko, forklarer Husøy.

Ho bekreftar at det ikkje er mogleg å svare klart på om det er farleg, men understrekar at eksponeringa må ned.

Fleire folk i ein gymsal.

Fleire lokale kom for å høyre kva kommunen hadde å seie.

Foto: Odin Otnes Austring / NRK

Droppar helsekontroll av barn

Tidlegare kalla kommunen inn barn i alderen 0–3 år til helsekontroll etter fare for aluminiumsforgiftning.

No blir planane skrinlagde.

Det fekk foreldre i salen til å riste på hovudet.

Blant anna Kjersti Haugen etterlyste svar på oppfølging av barna.

Person som prater i gymsal

Kjersti Haugen frå salen lurte på kva som vil skje med resten av barna.

Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

– Kva skjer no med borna? Kva slags symptom skal ein i tilfelle sjå etter?, spurde ho.

Også Ann-Kristin Nygaard reagerte sterkt på at eksponeringa ikkje blir dokumentert i journalane deira for framtida.

Kommuneoverlege Mie Linn Bastholm svarte:

– Det er lite hensiktsmessig med regelmessig oppfølging av barn. Det er umogleg å seie presist kva symptom vi skal sjå etter.

Har sett inn strakstiltak

Vegen vidare for dei 900 innbyggjarane på Kyrkjebø er framleis prega av uvisse.

På lengre sikt er målet å fikse vasskjelda eller finne ein ny.

Inntil det skjer, må dei lokale halde fram med å hente drikkevatnet sitt i kanner frå krisetankane.

Drikkevasskandalen i Høyanger

Høyanger kommune har sidan 2011 hatt gjennomgåande for høge verdiar av aluminium i vassverket til bygda Kyrkjebø. Det kan forårsake varige nevrologiske og kognitive skader, og små barn er særleg utsette. Sjølv om kommunen sine eigne målingar viste for mykje aluminium, lot dei innbyggarane drikke vatnet. Kommunen er meldt til politiet.

  • I heile denne perioden har kommunen hatt for høge verdiar av aluminium. Langvarig inntak av vatn med så mykje aluminium kan gje varige skadar på nervesystemet og kognitive skader.

    En demning med fossefall. En grønn bygning står ved siden av demningen. Det er et gjerde på toppen av demningen. Skog dekker bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Foto: Nils Ole Refvik / NRK
  • Siv Helen Lillehauge Bjørsvik har lenge vore bekymra for dårleg vatn i heimen på Kyrkjebø, og sender prøver til privat testing. Får tilbakemelding om at nivået av aluminium er langt over tiltaksverdien. Innbyggaren varslar kommunen.

    Siv Helen Lillehauge Bjørsvik

    Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK
  • Kommuneoverlegen varslar Mattilsynet. Kommunen melder tilbake til den bekymra innbyggaren, med melding om at "dei skal få fagfolk til å sjå på det."

  • Lillehauge Bjørsvik er framleis bekymra for drikkevatnet. Ho gjer nye målingar av drikkevatnet heime, og det viser seg at verdien av aluminium har stige endå meir. Ho varslar kommunen på nytt.

  • Ein annan innbyggar, Linn Elisabeth Dregelid, tar kontakt og etterlyser svar frå kommuneoverlegen om dei høge verdiane.

    ei kvinne held eit spedbarn i armane

    Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK
  • Kommunelegen får fyrst tilgang til alle vassprøvene til kommunen i mai, og tek då kontakt med Folkehelseinstituttet.

  • Dregelid og Bjørsvik får kvar sine likelydande brev frå kommunen. Høyanger skriv at kommunen tar verdiane på største alvor, og at dei har rådført seg med relevante instansar. Kommunen skriv: "Det er ingenting som tyder på at innbyggjarane ikkje framleis trygt kan bruke og drikke vatnet frå Kyrkjebø Vassverk."

  • FHI har gått gjennom prøveresultatata, og slår fast at nivået er opptil 28 gongar for høgt. det blir slått alarm. Kommunen varslar innbyggarane, og innfører drikkevassforbod.

  • Høyanger kommune åtvarar innbyggarane, og innfører drikkevassforbod. Kommunen vil gjennomføre helseundersøkingar av småbarn som har drukke vatnet i perioden tilbake til 2021.

    Et vakkert landskap viser en fjord med fjellsider i bakgrunnen. Flere hus ligger spredt i terrenget, noen i en liten landsby. Fargene er dempede, men sterke gule blomster lyser opp i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Foto: Nils Ole Refvik / NRK
  • Vest Politidistrikt stadfestar at ein innbyggar har meldt kommunen til politiet.

Publisert 24.06.2026, kl. 23.21 Oppdatert 25.06.2026, kl. 00.45

Read Entire Article