Anders (26) står midt i Noregs store energidilemma

2 days ago 3



Alle vil ha meir grøn energi, men «ingen» vil ha det heime hjå seg sjølv.

Mars, 2025: Ein etter ein kjem dei ut av stemmelokalet. Innbyggjarane i Modalen har sagt ja eller nei til å bli styrtrike.

Kommunen har blitt lova 100 millionar kroner i året. Det einaste dei må gå med på er å bygga eit gigantisk vindkraftanlegg i fjellheimen.

Ja til vindkraft og nei til natur? Ja til nye arbeidsplassar og nei til raudlista artar? Ja til enorme inntekter og nei til jakt og friluftsliv?

Kommunestyret har bestemt at det skal vera folkeavstemming. Sidan Modalen er ein bitte liten kommune betyr det at 265 personar får bestemma framtida til eit av Europas største vindkraftanlegg.

Er det rettferdig at dei skal få så mykje makt når Noreg treng meir energi?

26 år gamle Anders Emil Midtgård Matre har i fleire år engasjert seg for å få Modalen kommune til å seia nei til planane. Denne marsdagen står mykje på spel.

Vanskeleg å stå imot store pengesummar

Første gong Matre høyrde om prosjektet var han 19 år. Då las han eit avisoppslag om ei mogleg utbygging i fjellområdet som ligg i dei tre kommunane Masfjorden, Alver og Modalen.

Sidan har han frykta at fjellområdet hans, Stølsheimen, skulle bli øydelagt.

Det er iallfall sånn det kjennest.

– Eg har vakse opp med å gå i fjellet og å ha moglegheit til å trekkja meg tilbake til stillheit og ro. Det vart eg rett og slett redd for å mista.

Foto: Gerd Johanne Braadland

Han kallar det «opplevd urørt natur». For heilt urørt er det ikkje. Men for Matre er det likevel langt mellom stiar, skogsvegar, straummaster, hytter og sel og det han har brukt første halvdel av tjueåra på å kjempa mot: hundre store av vindturbinar.

Nokså raskt vart det klart at verken Alver eller Masfjorden var interesserte, men i Modalen ville dei tenkja seg om.

Modalen i Vestland er landets nest minste kommune. 392 personar bur i Nordhordlands-kommunen ein time utanfor Bergen. Dei har hatt god økonomi i fleire tiår fordi dei bygde ut vasskraft på 70-talet.

No skulle vindkraft opp til vurdering.

Illustrasjon vindturbiner Modalen

Bergen og Hordaland turlag / NRK

Norsk Vind AS ville byggja 100 vindturbinar i Modalsfjella. Illustrasjonen viser korleis Bergen og Hordaland turlag såg føre seg dei 220 meter høge turbinane, ruvande like ved DNT-hytta Skavlebu.

Planlagt vindmøllepark i Modalsfjella sett fra Nygård

Norsk Vind / NRK

Turbinane skulle spreiast i eit område på 55 kvadratkilometer, mellom 700 og 1200 meter over havet. Illustrasjonen til Norsk Vind viser turbinar som er betrakteleg mindre prangande i terrenget enn dei turlaget såg for seg.

I tillegg kom 100 kilometer anleggsvegar.

Dette kunne kommunen tena gode pengar på. Det blei lova 100 millionar kroner i året i ti år. For den vesle kommunen betyr det 250.000 kroner per innbyggjar, kvart einaste år.

I tillegg lokka vindkraftselskapet med billigare straum, arbeidsplassar og nye vegar. Dei ville også spleisa med kommunen på splitter ny tunnel.

Bygda blei splitta.

På den eine sida stod 19 grunneigarar som kunne tena svært gode pengar, og på den andre sida dei som frykta naturen ville bli øydelagt. Og så var det sjølvsagt alle dei som var usikre på kva dei skulle meina.

– Dei pengane som kjem inn i bildet her ... Det er så vanskeleg for ein liten stad å stå imot, seier Matre.

Han er ikkje frå Modalen, men frå nabokommunen Masfjorden. Akkurat kvar kommunegrensene går er han ikkje så oppteken av når han er ute på tur.

Sjølv om Modalen ikkje er hans kommune, er fjella deira hans fjell. Naboar står i liknande situasjonar over heile landet.

Politikarane i Modalen bestemte at ei folkerøysting skulle styra retninga for vindkraftutbygging. Når modølane skulle få vera med å bestemma, samla Matre engasjerte unge i nabobygdene.

– Me var heilt avhengige av å mobilisera saman i bygdene her inne. Me må stå saman mot sånne prosjekt som dette, seier han.

Med organisasjonen Ung for Fjella jobba han iherdig saman med mellom andre vaksenversjonen Folk for fjella, DNT, Naturvernforbundet, Motvind, Bergen og Hordaland turlag og Forum for natur og friluftsliv.

Dei deltok på folkemøte, heldt appellar og posta i sosiale medium.

Raskt blei dei mange engasjerte.

Bilete av tolv unge som har filma seg sjølv. To av dei sit inne, medan resten er ute i naturen. Alle ser i kamera og biletet er teke medan dei snakkar.

Unge i Nordhordland filma seg sjølve og delte på sosiale medium: Dei var tydelege på at dei sa nei til vindkraftutbygging.

Foto: Privat / NRK

– Det viste seg at dette har masse å seia for om folk ønskjer å flytta tilbake hit eller ikkje.

På folkemøtet var også Norsk Vind AS og Landssamanslutninga av Norske Vindkraftkommunar. Begge sider skulle koma til orde, slik at innbyggjarane kunne ta ei opplyst avgjerd under folkeavstemminga.

Nei til millioninntekter, ja til natur

I Modalen kommunestyre finn du ingen av dei tradisjonelle Stortingspartia.

Her har verken høgre- eller venstresida makta, men dei 13 kommunestyrerepresentantane kjem frå to bygdelister: Samlingslista og Solrenningslista.

Heile fire av representantane var inhabile då vindkraftsaka skulle opp i kommunestyret, blant dei ordføraren. Derfor er det varaordførar Sigrunn Birkeland (Solrenningslista) som har leia arbeidet med saka i kommunen.

Eg trur det har vore ein veldig utmattande prosess for alle i Modalen, seier ho.

Skilt der det står Modalen kommune. Kommunevåpenet er grønt og har tre spadar i sølv.
Sigrunn Almelid Birkeland er varaordfører i Modalen kommune.

Sigrun Almelid Birkeland er varaordførar i Modalen kommune.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / Sissel Rikheim

Begge listene hadde gått til val på at dersom det vart snakk om vindkraft, så skulle det arrangerast folkerøysting.

Alle over 16 fekk stemma og valdeltakinga var på 86,3 prosent. Over 70 prosent av innbyggjarane sa nei, og sende med det eit tydeleg signal til kommunestyret.

Ein liten månad seinare sa eit einstemmig kommunestyre nei, og Norsk Vind måtte leggja planane vekk.

Det vart nei til millioninntekter og ja til natur.

For ein liten plass med tette band mellom folk, er vindkraftdebatten ei sak med steile frontar.

– Eg tenkjer at mykje godt venskap er bevart i denne prosessen, men det gjenstår jo å sjå korleis det blir framover. Men eg trur ikkje det har vore uvenskap i Modalen i den prosessen som har vore.

Meir kontroll til folket – men staten vil ha meir energi

Grunnen til at kommunen kunne seia nei, er at regjeringa for to år sidan sende ut eit forslag om lovendringar.

– Me vil gi lokale folkevalde meir kontroll, sa kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) då.

Det var brei politisk einigheit om at det var naudsynt med «grundigare prosessar» og større lokal medverknad når det skal byggast vindkraft.

Det er dette som seinare er omtalt som «vetoretten mot vindkraft»: Norske kommunar har moglegheit til å avvisa utbyggjarane.

Modalen er eit eksempel på at det ikkje vart noko av utbygginga, men det er på langt nær det einaste.

Nord for Sognefjorden, i Sunnfjord kommune, trekte Hydro vindkraft-planane før dei kom opp til votering. Slik unngjekk selskapet det som ville vore eit sikkert nederlag.

I juni var det Balsfjord kommune i Troms sin tur til å avvisa utbyggarane.

Samtidig er det usikkert om Noreg klarar å skaffa nok kraft i åra som kjem.

Ifølgje bransjeorganisasjonen Fornybar Norge treng me meir fornybar energi av tre grunnar:

  1. Fordi industri og næringsliv etterspør meir kraft
  2. For å nå klimamåla
  3. For å halda straumprisen låg

– Halvparten av energibruken i Noreg er fossil. Skal me nå klimamålet, så skal den erstattast av fornybar energi, seier Bård Vegar Solhjell, administrerande direktør i Fornybar Norge.

Men kva vil skje med norsk energiutbygging om «alle» seier nei?

– Ein av tinga som er tydeleg er at «vetoretten» har skapt spenning mellom statens energiambisjonar og norske lokaldemokrati-tradisjonar, seier Aaron Martin Cooper, stipendiat i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Han forskar mellom anna på klima- og miljøpolitikk og grøn omstilling.

Medan vetoretten på den eine sida beskyttar demokratiet, lokale landskap og urfolk sine rettar, så set han kjeppar i hjula for vekst av fornybar energi.

I tillegg fører det med seg mykje usikkerheit.

– Mange kommunar er skeptiske fordi dei ser dei lokale kostnadane, men færre lokale fordelar. Det er ei kjensle av at dei ber byrda utan å oppnå fordelar. Då blir motstanden sterk og i slike tilfelle er «nei» ofte svaret.

Problemstillinga fangar opp det Cooper ser som den sentrale utfordringa i norsk energipolitikk: å balansera mellom lokalt demokrati, urfolk sine rettar og nasjonale klimamål.

– Ingen av desse kan overstyra dei andre, og vegen vidare vil truleg bli meir langsam og meir omstridt, men forhåpentlegvis også meir legitim på lang sikt.

Å fjerna kommunane sin vetorett ville i teorien gjort det enklare å byggja vindkraftverk i Noreg.

Det ville også gitt utbyggjarane mykje meir tryggleik. Men Cooper meiner ikkje det er nokon god idé å avskaffa regelen.

– I praksis går det direkte mot Noreg sine demokratiske tradisjonar. Det ville skapt ei legitimitetskrise. Lokaldemokratiet er høgt verdsett her.

Dei politiske partia er langt på veg einige med han.

Dette meiner partia om vindkraft

  • Raudt

    Raudt er mot ny utbygging av vindkraft i Noreg. Vindkraftutbygginga me har hatt i Noreg har hatt store negative konsekvensar for mange lokalmiljø, og har ikkje minst ført til at mykje urørt natur har gått tapt. Det har gjort at energiformål er øvst på lista av kjelder til naturnedbygging i Noreg. Det må ta slutt.

    Heldigvis viser NVE sine analysar at Noreg kan bevara kraftoverskotet utan ny vindkraft, dei neste åra. Om me får eit kraftunderskot etter kvart, vil det koma av overetablering av datasenter og hydrogenfabrikkar. Det vil Raudt forhindra, ved å innføra tydeleg prioritering av kven som skal få tilgang på ny straum. Vindkraft er verken svaret på å få nok straum, eller rimeleg straum. Prisane har auka i Noreg i takt med vindkraftutbygginga. Områda med stort kraftoverskot har også dei høgaste prisane i Noreg.

  • SV

    SV er imot vindkraft i urørt natur.

  • AP

    Arbeidarpartiet har ei pragmatisk haldning til energi. Når vi skal kutta utslepp, omstilla samfunnet og skapa moglegheiter treng me meir kraft. Da treng me litt av alt: vasskraft, solkraft, vindkraft, havvind og energieffektivisering.

  • Frp

    Frp seier prinsipielt nei til vindkraftutbygging på land. Unntaket er enkelte «grå» areal, eller der kommunane etter ei folkeavstemming ønskjer utbygging av vindkraft i kommunen sin.

  • MDG

    Me vil ha ein heilskapleg plan som kartlegg kva område som eignar seg for nye utbyggingar av fornybar energi. Me vil at det berre blir bygd der me ikkje risikerer nedbygging av urørt natur, reinbeite eller andre viktige natur- og friluftsområde.

  • SP

    Senterpartiet er ikkje prinsipielt mot vindkraft og er positive til at vindkraft kan byggjast ut der prosjekt har lokal forankring og aksept. Ingen skal tvinga kommunar til å byggja ut vindkraft, og nye vindkraftanlegg må vurderast frå sak til sak.

  • KrF

    KrF er positive til alle kraftkjelder med lokal forankring.

  • Venstre

    Vindkraft er ei viktig fornybar energikjelde der Noreg har særleg gode ressursar på land og til havs. Samstundes kan vindkraft gå på kostnad av viktige naturverdiar. Venstre vil derfor ha tydelege rammer for bygging av landbasert vindkraft. Utbygginga må ta omsyn til natur, dyreliv og samiske interesser. På land må det vera ein plan for tilbakeføring av områda til natur.

  • Høgre

    Høgre vil leggja til rette for sikker og miljøvenleg energiforsyning, der effektiv og lønnsom utbygging av fornybar energi blir prioritert. God og bærekraftig forvaltning av vasskraft, vindkraft og andre fornybare energiformer er naudsynt for å sikra eit grønt skifte.

    For Høgre er det eit viktig prinsipp av kommunane som stiller seg disponible for straumproduksjon skal kompenserast, og at innbyggjarane i kommunen skal få igjen for å stilla ressursane sine til rådigheit.

Dette meiner partia om vetoretten

  • Raudt

    Raudt vil hegna om vetoretten, på den måten at ingen kommune skal bli overkøyrt og påtvungen utbygging eller planlegging av vindkraftverk. Men vetoretten er ikkje tilstrekkeleg for å ta vare på samfunnets interesser. Nokon plassar ser me prosjekt som blir plassert nært kommunegrensa til andre kommunar, som ikkje har nokon vetorett. Og i Finnmark har me sett kommunar gå inn for å byggja vindkraft i viktige reindriftsområde, som blir nytta av reindriftsutøvarar som er busette i andre kommunar.

  • SV

    Det er fint at kommunar har moglegheit til å seia nei.

  • AP

    Det var Arbeiderpartiet i regjering som innførte vetoretten. Det er heilt uaktuelt å endra på det. Kommunane bestemmer sjølve om dei seier ja eller nei til vindkraft. 

  • Frp

    FrP støttar kommunane sin «vetorett» etter Plan- og bygningslova, og meiner at det også bør haldast lokale folkeavstemmingar før kommunestyra behandler søknader om vindkraftutbygging.

  • MDG

    Me meiner at kommunane skal ha rett til å seia nei.

  • SP

    Senterpartiet var ein pådrivar for vetoretten til kommunane, og meiner at denne retten er svært viktig. Vindkraftanlegg set spor i landskapet og påverkar lokalsamfunn direkte, og det er derfor naturleg at kommunane som forvaltar arealet har siste ord i saka.

  • KrF

    KrF vil oppretthalda kommunane sin vetorett for nye konsesjonar på land. Nye vindkraftprosjekt bør vera ønskte av vertskommunane, og ha begrensa konfliktar mot naturen.

  • Venstre

    Venstre vil berre støtta vindkraftprosjekt som den aktuelle kommunen ønskjer å seia ja til.  

  • Høgre

    Dersom det skal byggast ut vindkraft på land, så må det vera lokal aksept for det, altså at lokaldemokratiet ved kommunestyret blir einige om område som dei ønskjer å regulera til vindkraft.

Kva gjer me viss alle kommunar seier nei til vindkraft?

  • Raudt

    Det meiner me berre vil vera positivt. Då kan kommunane bruka tid og ressursar på andre og betre tiltak for å sikra nok energi også i framtida.

  • SV

    Då har kommunene sagt nei, og planene må leggast bort.

  • AP

    Det er ikkje tilfelle. Vindkraft kan byggast ut der det er lokal aksept og støtte for det. Me har også sørga for at kommunane får behalda meir av verdiskapinga.

  • Frp

    Utbygging av vindkraft skjer i kyst- og fjellområde, og medfører betydelege arealinngrep og store naturøydeleggingar. Frp ønskjer heller å vidareutvikla vasskrafta, som er ryggrada i det norske kraftsystemet. Det ligg framleis eit betydeleg potensiale i opprusting av eksisterande vasskraftanlegg. Frp vil i tillegg opna for skånsom utbygging i enkelte verna vassdrag, f.eks. i kombinasjon med flaumsikring.

    Noreg bør i tillegg satsa på utvikling av moderne kjernekraft som ein del av framtidas energimiks. Frp vil leggja til rette for forsking og utvikling av kjernekraftprosjekt, og oppretta ei dedikert kjernekraftmyndigheit med naudsynt kompetanse og sakshandsamingskapasitet. I tillegg må det utarbeidast eit oppdatert kjernekraftregelverk for Noreg.

  • MDG

    Det er grunnen til at me treng ein nasjonal plan med strenge naturomsyn. Ingen er tent med den polariserte vindkraftdebatten me har no. Det er fullt mogleg å få lokal støtte til å byggja noko vindkraft på land utan å øydeleggja natur, for eksempel i næringsparkar og langs motorvegar. Det er også mogleg å byggja ut mykje havvind utan at det fører til store naturinngrep. MDG har fått med seg stortingsfleirtalet på at havvindutbygginga skal ha minimalt og helst positivt naturavtrykk.

  • SP

    Då må myndigheitene sjå på moglegheitene for å byggja ut meir av alternative kraftkjelder som kan ha eit lågare konfliktnivå og meir lokal aksept. Ein bør også vurdera om kommunane burde få ein større andel av verdiskapinga frå vindkraftanlegg, og på den måten styrka den lokale aksepten.

  • KrF

    I eit slikt usannsynleg scenario er det ei gylden moglegheit for storsatsing på kjernekraft, ei moglegheit me for så vidt allereie har!

  • Venstre

    Venstre meiner vi treng meir utbygging av fornybar kraft, mellom anna vindkraft, og vil ha gode insentivordningar som gjer det attraktivt for kommunar å seia ja til prosjekt som ikkje går utover viktige naturverdiar eller andre verneverdiar.

  • Høgre

    Viss me skal nå klimamåla på ein måte som ikkje blir dyrt for samfunnet og for folk, så treng me meir kraft. Det er sjølvsagt eit paradoks at kraftutbygging, enten det er vasskraft, vindkraft, kjerne kraft, dei fleste kraftformene, gjer beslag på noko natur. Den utfordringa har me levd med lenge. Og så er Høgre eit parti som er opne for alle kraftkjelder.

Også Solhjell i Fornybar Norge meiner kommunane kjenner seg sjølv best, og at dei bør få sitja i førarsetet i prosessen.

– Men skal eg sei éin tydeleg ting, så er det at det er viktig at kommunen faktisk vurderer det seriøst før dei bestemmer seg. Eg ser ein tendens til at nokon prøver å hindra at me får eit kunnskapsgrunnlag. Det syns eg er uheldig.

Også Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har peika på at Noreg har stort kraftbehov i åra som kjem.

– Kommunal vetorett har gjort konsesjonsprosessane for vindkraft meir omstendelege og tidkrevjande, dei siste åra har NVE knapt fått inn søknader om ny vindkraft, med unntak av i Finnmark, seier NVE-direktør Kjetil Lund.

Han kallar det ei avveging mellom rask kraftutbygging og lokal medverknad.

– Men kommunal vetorett er bestemt av Stortinget, så det forheld me oss til.

Foto: Gerd Johanne Braadland

I Modalen fekk vetoretten konsekvensar. Det meiner varaordføraren er heilt på sin plass.

Eg tenkjer det er ei veldig god demokratisk ordning at lokalbefolkninga har moglegheit til å ta ei avgjerd for lokalsamfunnet, seier Birkeland.

Tek det ikkje for gitt lenger

Det har gått sju år sidan Matre høyrde om prosjektet første gong. Sjølv om Modalen sa nei og kampen er over, kjenner han seg ikkje trygg.

Han er redd planane ikkje er skrota, men berre lagt på vent i ei litt djup skuff.

– Eg skulle gjerne brukt tida mi på andre ting, men når det er så store verdiar som er truga, så er eg nøydd til å stikka hovudet fram.

Han ser føre seg blåbærplukking, sauesanking, jakt og treningsturar. Langrennsski, slalåmski og randonee. Kanskje ein telttur.

– Eg har alltid sett pris på det, men eg tek det ikkje for gitt lenger. Eg innser at dette er noko me dessverre er nøydde til å kjempa for å kunna ha.

Anders har på seg grå jakke og ser rett i kameraet. Bak han er det vatn og grønt fjell.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Publisert 04.09.2025, kl. 13.01

Read Entire Article