Arvid Gundersen fekk rekordstor erstatning etter fødselsskaden som gjorde han lam. No krev familien meir – i frykt for velferdskutt.
Publisert: 09.12.2025 12:27
(Bergens Tidende) Hordaland tingrett sette norsk rekord i personskadeerstatning i fjor haust. Då fekk Arvid Gundersen til saman 28 millionar kroner etter fødselsskade.
Kort tid etter anka både staten og familien dommen.
Måndag møttest partane igjen – no i Gulating lagmannsrett.
– Utmattande, seier mor Anna Hansson om å ta ei ny runde i retten til BT.
– Hans framtid det gjeld
– Vi har anka fordi Arvid skal ha retten til å leve eit fullverdig og meiningsfullt liv, og ha midlane til det, seier Hansson.
Ho fortel at sonen ikkje har sett fram til å møte i retten.
– Han syns det er dumt at det må vere slik. Men han veit at vi gjer det for hans skuld. Det er framtida hans det gjeld.
Det enda med katastrofekeisersnitt då Arvid kom til verda for ti år sidan. Legane fekk utfordringar med å forløyse Arvid sitt hovud. Guten fekk alvorleg ryggmergsskade, kronisk respirasjonssvikt og vart lam frå brystet og ned.
Då BT møtte familien i 2016, var foreldra utslitne av all belastninga. Anna Hansson og Svein Gundersen har kjempa lenge for å få avlastninga familien treng. I dag har Arvid assistent gjennom heile døgnet.
Krev 14 millionar kroner meir
Dommen frå i fjor tilkjente Arvid ytterlegare ti millionar kroner i erstatning, i tillegg til dei 18 millionane han hadde fått frå før.
Advokat Carl Aasland Jerstad slo fast at dette var ny norsk rekord i pasientskadeerstatning.
Det var likevel langt mindre enn 40 millionar kroner, som var det opphavlege kravet. I Gulating lagmannsrett er det samla kravet oppjustert til 42 millionar.
Hovudargumentet er at framtida til den norske velferdsstaten er høgst usikker, og at Arvid difor må setjast i stand til å kjøpe nødvendig assistanse privat.
– Framtidsutsiktene til det norske velferdssamfunnet tilseier at ytingsnivået vil gå ned i framtida, mellom anna på grunn av eldrebølgja. Arvid kan ikkje stole på det offentlege i framtida, og for å bøte på dette må han ha høgare erstatning, seier Jerstad.
– Det kostar å vere i kamp
10-åringen er avhengig av rullestol, pustehjelp og hostemaskin. Familien har tilpassa huset på Smørås og har i dag heis mellom dei tre etasjane. Dette har kosta nesten dobbelt så mykje som dei to millionane dei fekk til føremålet, ifølgje foreldra.
Foreldra er også opptekne av at Arvid skal ha mogelegheit til å studere og ha midlar til å leggje til rette sin eigen bustad etter kvart. Dette dekker ikkje dagens erstatning, ifølgje familien.
Anna Hansson fortel at dei allereie merker kutt i velferdstilbodet.
– Arvid har fått avslag på terapiriding. Og når vi er på reise, må vi sjølv dekke deler av nattevaktas kostnader, som kommunen dekka tidlegare.
Familiens advokat er kritisk til at erstatningssatsen til ombygging av bustad og kjøp av assistentar har stått på staden kvil i over 20 år. Arvid vil trenge 630.000 i året som vaksen, ikkje 350.000, som han førebels er tilkjent, ifølgje advokaten.
Staten avviser kravet
Pasientskadenemnda, som representerer staten, meiner det er uriktig at ytingsnivået frå det offentlege vil bli redusert.
«Hvis det skal legges til grunn, må domstolene ta stilling og avgjøre et konkret politisk spørsmål som ikke er avklart, samt synliggjøre frå hvilket tidspunkt samfunnet kan forvente seg en slik reduksjon», argumenterer advokat Kjetil Sørvig i sluttinnlegget til retten.
Uansett vil ikkje ein slik reduksjon ha betydning for erstatningsutmålinga, då denne kun skal supplere ytingar frå det offentlege, ifølgje advokaten.
Han avviser familiens krav om auka erstatning, og viser mellom anna til at hjelpenivået til Arvid tilseier at han kjem til å bu i ein kommunal bustad når han blir vaksen - og dermed ikkje vil trenge støtte til eigen bustad.
Familien har allereie betalt halvanna million kroner i sakskostnader. Dei er førebudd på at saka kan ende i Høgsterett.
– Vi har stått i dette i ti år, og det merkast på meir enn lommeboka. Det kostar å vere i kamp, eg merker det på kropp og sjel, seier Anna Hansson.
– Vi gjer det for Arvid, men også alle andre som kjem etter. Det er viktig at nokon tar kampen, seier ho.

1 week ago
13











English (US)