På grensa mellom Venezuela og Colombia er det travelt no.
Etter at USA gjekk til åtak på Venezuela og tok president Nicolás Maduro til fange, er uvissa stor.
Alle som kjem over grensa til Cúcuta i Colombia vert møtte av tanks og soldatar.
Colombianske styresmakter har sendt militæret sitt for å beskytta grensa. Dei fryktar vald frå væpna grupper som vil hemna seg etter det amerikanske åtaket.
Dei fryktar òg ein straum av flyktningar frå Venezuela som vil koma seg vekk frå uvissa i heimlandet.
Førebels er det ikkje nokon straum av flyktningar. Men Aura Navas og organisasjonen Red Mujeres de Norte står klare til å hjelpa dei som treng det.
Løna for innsatsen?
Dødstruslar.
Aura Navas er diverre ikkje uvan med dødstruslar som denne.
Foto: Rolf Petter Olaisen/NRKBilete på mobilen av maskerte menn som truar med ein pistol.
Meldingar med beskjed om at ho kan velja mellom «plata o plomo» – pengar eller kuler.
– Me er ein stein i skoen på gruppene som opererer på sida av loven, for me beskyttar kvinner og rettane deira. Det tener ikkje dei kriminelle på. Difor truar dei oss, seier Navas.
Dette må du vite om situasjonen i Venezuela
- Hvorfor gikk USA til angrep?
USAs president Donald Trump har sagt at målet med angrepet var å få kontroll på Venezuelas president Nicolás Maduro.
I USA er Maduro blant annet tiltalt for «narkoterrorisme», og Trump hevder at Maduro leder et narkokartell som er terrorstemplet i USA.
Maduro avviser beskyldningene, og har tidligere uttalt at Trumps «krig mot narkotika» er et påskudd for å få kontroll over Venezuelas olje og å avsette ham som president.
- Har USA lov til å gjøre dette?
Nei, mener alle ekspertene som NRK har snakket med i etterkant av angrepet.
Folkeretten, som alle FN-land plikter å følge, slår fast at bruk av væpnet makt overfor en annen stat ikke er lov. Det finnes to unntak: Ved selvforsvar, eller ved å få tillatelse fra FNs sikkerhetsråd.
I tillegg krenker militæroperasjonen med folkerettens prinsipp om statsoverhoders immunitet. Dette prinsippet innebærer at en sittende statsleder er beskyttet mot rettslig forfølgelse og arrestasjon av andre land.
USA argumenterer for at de ikke anser Nicolás Maduro som den rettmessige statslederen, og at han dermed ikke har immunitet, men det er fortsatt et brudd, ifølge ekspertene.
USA forsvarer handlingen som en legitim politiaksjon støttet av militære midler, og hevder at presidenten har konstitusjonell myndighet til å handle mot trusler mot rikets sikkerhet.
- Hva vil USA med Venezuela?
Trump har varslet at USA vil styre landet «inntil videre» og at amerikanske selskaper skal ta kontroll over oljeressursene slik at de «flyter som de skal».
Venezuelas visepresident, Delcy Rodríguez, mener uttalelsene om olje beviser at angrepet aldri handlet om demokrati, men om et rent ressursran, og uttaler at «alt nå er avslørt».
Eksperter peker på at Trumps mål er å forme en ny regjering som sikrer amerikanske interesser og fjerner russisk og kinesisk innflytelse i regionen.
- Hva skjer videre?
Trump har truet fungerende president Delcy Rodríguez med at hun vil betale en «enda høyere pris» enn Nicolás Maduro, dersom hun ikke gir etter for amerikanske krav.
Hun har på sin side bedt folket samle seg for å forsvare Venezuela og landets naturressurser. Eksperter peker på at Trump potensielt har forpliktet USA til en langvarig krig.
Midt i maktkampen er den humanitære bekymringen akutt; etter ti år med økonomisk kollaps og åtte millioner på flukt, frykter man at økt vold og politisk kaos vil føre til en forverret humanitær krise.
– Veit korleis det er å vera fordriven
Organisasjonen har jobba i fleire år med å hjelpa venezuelanske flyktningar, kanskje spesielt utsette kvinner.
Ifølge Navas vil dei kriminelle at ho skal legga ned organisasjonen fordi dei ikkje vil at kvinner skal ha dei same rettane som menn.
«Kom snart tilbake. Colombia ventar på deg», er beskjeden til dei som reiser ut frå Colombia og inn i Venezuela. Men i desse dagar er det nok langt fleire som reiser den andre vegen.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRKNavas innrømmer at det ikkje er lett. Når NRK spør kvifor ho held fram med arbeidet trass i dødstruslar, trekk ho pusten djupt før ho svarar med gråtkvelt stemme.
– Fordi eg likar det, seier ho.
Ho stoppar opp, tørkar vekk tårene og tar sats med orda.
– Fordi eg identifiserer meg med desse kvinnene. Eg har vore i liknande situasjonar og veit korleis det er å vera fordriven, forlata alt du har skapt, reisa vekk og starta på null. Eg fekk moglegheita med denne organisasjonen til å vera ein tilfluktsstad for dei som treng det.
Sjølv har ho vorte driven på flukt fleire gonger fordi ho jobbar med menneskerettar. To andre tilsette i organisasjonen i Cúcuta har allereie vorte drepne.
Ho fryktar ho kan vera den neste på lista.
Cúcuta ligg på grensa mellom Colombia og Venezuela.
Vonar på fridom og demokrati
Det er ikkje nok til å stoppa Navas. Ho meiner arbeidet ho gjer, er verdt truslane og uvissa.
– Ja, definitivt. Nokon må snakka for dei som ikkje har ei stemme. Nokon må vera den som står opp og seier at dette ikkje er bra.
Det store fleirtalet av kvinner Navas har vore i kontakt med, er glade for at Maduro vart tatt til fange og avsett som president.
– Dei ser på det som ei slags frigjering. At dei kanskje kan reisa tilbake til familiane sine og livet sitt, at dei ikkje må halda fram med å leva i denne vanskelege situasjonen, seier ho.
Det same høyrer Fabián Staper, prest i grensebyen Cúcuta.
– Venezuelanarar vonar på ei betre framtid. Dei vonar på fridom, det er kanskje det ordet dei brukar mest. Dei vonar på demokrati og at regimet ikkje lenger skal bestå, seier han
Presten Fabián Staper seier det har kome mange over grensa frå Venezuela dei siste dagane. Men det er ikkje nokon flyktningstraum, for mange av dei drar heim igjen etter å ha handla inn det dei treng av matvarer.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRKFryktar gjengane
Men det er ikkje berre von. Det er òg frykt for at kriminelle gjengar skal bruka kaoset til eiga vinning.
Presten brukar uttrykket «a río revuelto, ganancia de pescadores». På godt norsk: fiskarar kan nyta godt av uroleg vatn i elva. Ein slags fiskarvariant av å smi medan jernet er varmt.
– Dei er eit betydeleg problem i grenseområda. Me veit at desse gruppene er i Venezuela og opererer der, men det påverkar òg colombianarar i denne regionen, seier han.
Uro og vald er ikkje noko nytt for innbyggarane i Cúcuta.
Militæret tok del i ein operasjon i desember for å uskadeleggjera moglege eksplosiv rett utanfor Cúcuta i desember 2025.
Foto: SCHNEYDER MENDOZA / AFP / NTBI februar 2025, til dømes, innførte ordføraren portforbod i 48 timar etter at geriljagruppa ELN angreip politistasjonar i byen med granatar.
Innbyggarar The Guardian snakka med, sa situasjonen ikkje hadde vore så ille sidan narkokongen Pablo Escobar var på sitt mektigaste.
Har trua Colombia og Cuba
Denne gongen er det heller ikkje berre frykt for gjengane og narkokartella.
I etterkant av åtaket mot Venezuela har USA og Donald Trump nemnt båe Colombia og Cuba som moglege framtidige mål.
Martha Rubiano Skretteberg er fødd og oppvaksen i Colombia. Ho seier mange i landet no er redde.
Foto: Anders Tvegård / NRK– Folk er veldig redde for eit åtak og at Colombia skal lida same skjebne som Venezuela. Dette er veldig dramatisk, seier Martha Rubiano Skretteberg, som er tidlegare generalsekretær i Caritas Noreg.
Colombias president Gustavo Petro har sagt han er klar til å ty til våpen viss Trump gjer alvor av truslane sine.
Mykje trafikk på grensa
Sjølv om ikkje det er nokon flyktningstraum å snakka om ved Cúcuta, er det likevel lange køar for å koma seg inn til Colombia.
Nokre reiser over for å handla matvarer, nokre skal på jobb.
Tanks og soldatar vaktar grensa.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRKFleire av dei NRK møter, er ordknappe om korleis situasjonen er i heimlandet.
– Det er mykje kontroll, ein må vera veldig forsiktig, seier ein mann NRK møter ved grensa, som ikkje vil at me skal filma han.
– Veldig vanskeleg. Men eg trur fullt ut på Gud og at alt vil verta betre, seier ei kvinne.
Ho kjem gåande over grensa med ein liten koffert og med dottera ved si side. Ho er på veg til Chile for å besøka dottera si. Men planen er å reisa heim igjen til Venezuela snart.
NRK og fleire andre nordiske medium vel å halda seg på colombiansk side av grensa på grunn av tryggleik.
Fleire utanlandske journalistar har vorte arresterte dei siste dagane. Dei fleste er seinare lauslatne, men éin er deportert, ifølge ein venezuelansk presseorganisasjon, skriv Reuters.
Enorm auke i flyktningar
Det er ikkje noko nytt av venezuelanarar forlét landet i jakt på eit betre liv.
Ifølge FN er det om lag 7,9 millionar venezuelanske flyktningar og emigrantar på verdsbasis. Det er ein enorm auke frå rundt 700.000 personar i 2015, ifølge FN.
Dei aller fleste av desse, om lag 6,9 millionar, bur i Latin-Amerika og Karibia, ifølge paraplyorganisasjonen R4V som jobbar med venezuelanske flyktningar.
Dei store mengdene flyktningar har skapt mykje debatt i andre latinamerikanske land.
I Chile, til dømes, var innvandring ei av dei viktigaste sakene i valkampen i fjor, der ytre høgre-kandidaten José Antonio Kast gjekk av med sigeren.
Venezuelanarar utgjer 38 prosent av alle utanlandske statsborgarar i landet og er den største innvandrargruppa, ifølge tal frå chilenske styresmakter.
Interessert i kva som skjer i verda? Høyr på utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 06.01.2026, kl. 23.02















.jpg)


English (US)