– Arne Bye vil ikkje karakterisere dei forholda han er domfelt for av tingretten som overgrep.
Det sa statsadvokat Eli Reberg Nessimo i si avslutning i Frostating lagmannsrett.
– Men det er nettopp det dei er, la ho til.
Nessimo påpeikte at overgrepa Bye er dømd for har ramma ei heil gruppe.
– Når ein les dommen, ser ein at domfelte sine handlingar har ramma i generasjonar. Me finn mødrer, søstrer, venninner og naboar.
Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta er dømd for 70 valdtekter og 82 tilfelle av å ha misbrukt si stilling for å oppnå seksuell omgang.
I ankesaka skal lagmannsretten avgjere kva straff Bye skal få. Dommen er forventa å kome 12. desember.
– Han tar ikkje ansvar for det han har gjort
Torsdag forklarte Bye seg i retten om eigne tvangsliknande tankar og korleis det har påverka han i livet og i jobben som lege.
Rettspsykiatrisk sakkunnig diagnostiserte han med tvangsprega personlegdomsforstyrring.
Men statsadvokaten meiner det ikkje er nokon samanheng mellom personlegdomsforstyrringa og handlingane til Bye.
– Han tar ikkje ansvar for det han har gjort. Han skuldar på tvangen sin, seier Nessimo.
Påtalemakta meiner Bye må dømmast til maksstraff:
– Straffa skal fastsetjast til fengsel i 16 år.
Statsadvokatane Eli Reberg Nessimo og Rikhard Haugen Lyng i Frostating lagmannsrett.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKBad om 14,5 til 15 år i fengsel
– Det er angsten som har påverka Bye sine handlingar.
Det sa Arne Bye sin forsvarar, Frode Wisth, i retten.
Det er siste av tre dagar i ankesaka mot den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta.
– Det er ei spesiell sak som har mange involverte, som er svært krevjande for dei fornærma og også svært krevjande for Bye, la forsvararen til.
Forsvarar Frode Wisth.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKForsvararen meiner den tvangsprega personlegdomsforstyrringa må gje Bye strafferabatt og ber om 14,5 til 15 år i fengsel.
– Bye er einig i dag at det ikkje høyrer heime å ha ei gynekologisk undersøking på 47 minutt. Men den gongen klarte han ikkje å avslutte, sa Wisth.
I tillegg meiner forsvararen mellom anna at Bye trakk anken over skuldspørsmålet tilseier at han må få frådrag i straff.
Han sa det gjorde at dei fornærma slapp å møte opp i retten på nytt.
– Bye har så langt det har latt seg gjere forsøkt å skåne dei fornærma, sa Wisth.
Rettsteikning av Arne Bye og forsvararane. Frå venstre: Frode Wisth, Arne Bye, Eirik Svingen Bjørgo og Linn Haug Holm.
Illustrasjon: Ane Hem / NTBMeiner erkjenningane til Bye er verdilause
Statsadvokat Nessimo viste til at Bye trekte alle erkjenningane han kom med i tingretten, etter at han anka dommen.
Før behandlinga av anken i lagmannsretten, trekte Bye anken over skuldspørsmålet og sa seg dermed skuldig og erkjenner det han er dømd for.
– Eg tenker særleg på forklaringa frå Arne Bye, så verkar innhaldet i erkjenningane som verdilause, etter påtalemakta sitt syn.
– Det at han tar til etterretning at han er dømd, betyr ikkje at han erkjenner skuld, la ho til.
Påtalemakta meiner Arne Bye har hatt eit fast og vedvarande forsett.
– Han brukte mykje tid på denne verksemda. Både på å rigge opp og ned kamera, skjule det eigenproduserte utstyret for kollegaane sine.
Lovendring kan gje kortare straff
I tingretten blei Bye dømd til 21 år i fengsel.
Men når Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutmålinga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan dømmast til 16 år i fengsel.
Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Trøndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av paragraf 292 i straffelova.
Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innføring av gjenstandar.
Strafferamma for brot på denne lova var 15 år. Når ein blir dømt for fleire brot, kan ein få seks år ekstra straff.
Då lovendringane som blir kalla samtykkelova trådde i kraft 1. juli blei paragraf 292 oppheva.
Frosta-saka
- Kvifor skal saka mot Arne Bye gå for retten igjen?
Den 6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett. Han blei funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang.
Men så anka Arne Bye dommen, både straffeutmålinga og skuldspørsmålet. Han ville ha ei ny vurdering av om kvinnene var ute av stand til å motsette seg det som skjedde på legekontoret.
Frostating lagmannsrett avgjorde at Bye si anke over straffeutmålinga og anke over skuldspørsmålet for 18 tiltalepostar skal fremmast til ankeforhandling.
Men så trakk Bye anken over skuldspørsmålet, men lagmannsretten skal framleis behandle Bye si anke over straffeutmålinga.
Dermed er skuldspørsmålet rettskraftig avgjort, men lagmannsretten skal i ankeforhandlinga avgjere kva straff han skal dømmast til for desse lovbrota.
- Kva skal lagmannsretten behandle i ankesaka?
Frostating lagmannsrett skal behandle Arne Bye si anke over straffeutmålinga – altså kva straff Bye skal få for lovbrota han blei funnen skuldig i ved Trøndelag tingrett sin dom frå 6. juni.
I tingretten blei han funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang. Dette er med andre ord rettskraftig avgjort.
- Kvifor har maksstraffa Arne Bye kan får blitt kortare?
Når Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutmålinga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan dømmast til 16 år i fengsel.
Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Trøndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av § 292 i straffelova.
Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innføring av gjenstandar.
Strafferamma for brot på denne lova var 15 år. Når ein blir dømt for fleire brot, kan ein få seks år ekstra straff.
Dermed blei Arne Bye dømd til 21 år fengsel i Trøndelag tingrett, den 6. juni 2025.
Då lovendringane som blir kalla «samtykkelova» trådde i kraft 1. juli finst ikkje denne paragrafen lenger.
I tillegg fjerna lovendringa minstestraffa på tre år og øvre strafferamme på 15 år ved valdtekt til samleie.
Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er dømd for vere 16 år etter lovverket som er gjeldande i dag.
Dersom han skal dømmast til 21 år i fengsel, må det bevisast at ei av valdtektene har vore grov.
- Det har kome fleire nye saker mot Arne Bye. Kva skjer med dei?
Ankesaka som no går for retten påverkar ikkje etterforskinga av dei nye sakene mot Arne Bye.
Dette er to parallelle løp: Sakene som går for retten og dei nye sakene som er under etterforsking.
Den tidlegare kommuneoverlegen er sikta for 33 nye valdtektshandlingar overfor 16 fornærma.
Dette har vore under etterforsking sidan desember 2024 – parallelt med at saka mot Bye er under behandling i rettssystemet.
Politiet har bekrefta at dei leiter etter manglande videomateriale i forbindelse med denne etterforskinga.
Lovendringa fjerna også minstestraff på tre år og øvre strafferamme på 15 år ved valdtekt til samleie.
Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er dømd for vere 16 år etter lovverket som er gjeldande i dag.
Både forsvararane og påtalemakta meiner lagmannsretten må ta utgangspunkt i lova som er gjeldande i dag.
– Ikkje nok at lova gjev eit mildare resultat
Sjølv om lova er endra, er det opp til lagmannsretten å tolke om det er det gamle eller det nye lovverket som gjer seg gjeldande i denne saka.
Forsvarar Wisth argumenterte i retten for at det rette er å bruke det nye lovverket som gjev kortare straff.
Lagdommar Sven-Jørgen Lindsetmo stoppa forsvararen og spurde om forarbeida til lovendringa gjev uttrykk for eit ønske om å senke straffenivået.
– Det er ikkje nok at lova gjev eit mildare resultat, kommenterte Lindsetmo.
Lagdommar Sven-Jørgen Lindsetmo og rettspsykiatrisk sakkunnig Kåre Nonstad i retten torsdag.
Foto: Kim Nygård / Adresseavisen– Ein kan legge til grunn at straffenivået ikkje skal endrast. Det er berre maksimalstraffa som etter mi oppfatning skal endrast, svarte Wisth.
Også statsadvokaten forstår lovendringa slik at maksstraffa har endra seg i Arne Bye sitt tilfelle.
– Det er påtalemakta sitt syn at lovgjevar her har sett og samtidig vurdert konsekvensane av å senke strafferamma, sa Nessimo.
– Kan det skuldast at ein rett og slett ikkje har hatt fantasi til å sjå for seg at det kunne blir så alvorleg og ekstremt at lova si øvre strafferamme kunne bli aktuelt å bruke? spurde lagdommaren.
– Eg skal ikkje gå inn og spekulere i kva lovgjevar har tenkt, svarte Nessimo.
Hei!
Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?
Då vil eg veldig gjerne høyre frå deg!
All informasjon blir behandla konfidensielt.
Publisert 28.11.2025, kl. 12.42 Oppdatert 28.11.2025, kl. 12.47




















English (US)