Foreldra til eit lite barn i Møre og Romsdal har kjempa i årevis for å få slått fast at kommunen greip inn på ulovleg vis då babyen deira fekk fosterforeldre.
No slår Høgsterett fast at kommunen ikkje gjorde nok for å sikre at babyen kunne kome tilbake til dei biologiske foreldra på eit seinare tidspunkt.
– Eg er lykkeleg for å ha vunne og ha kome gjennom. Det er ikkje all verda med erstatning, men det er ikkje det viktigaste. Det er å få sanninga på bordet, seier faren.
NRK har valt å anonymisere faren av omsyn til dei involverte.
Faren seier han no er lykkeleg.
Foto: Remi Sagen / NRKKommunen må betale
Kommunen må betale 100.000 kroner til faren. I tillegg må kommunen betale sakskostnader på nesten 300.000 kroner.
«Tyngdepunktet i saken er spørsmålet om EMK artikkel 8 var krenket, og kommunens ansvar i den forbindelse, der kommunen ikke har fått medhold», heiter det i konklusjonen frå Høgsterett.
Dommen i Høgsterett vil kunne føre til at andre kommunar får liknande krav. Det er difor stor interesse for saka.
– Det er kjempeviktig for alle kommunar i Noreg. Dette er ei sak som alle barnevern over heile landet følgjer med på, sa Frode Lauareid, som er advokat for kommunen nyleg til NRK.
Då saka gjekk for lagmannsretten nyleg engasjerte interesseorganisasjonen KS seg som medhjelpar for å få frikjend kommunen.
Høgsterett har ikkje gitt kommunen medhald då dei anka.
Foto: NTBBrot på menneskerettane
Kommunen meinte foreldra ikkje var skikka til å ta hand om ein baby. Foreldra meinte dei kunne klare det, sjølv om dei var uerfarne.
Høgsterett slår fast at kommunen har krenkt faren sin rett til familieliv, gjennom ein kombinasjon av mangelfull saksbehandling og for lite samvær.
Barnet har no blitt tenåring og har slått seg til ro på ein annan kant av landet. Faren har tidlegare uttalt til NRK at
– Dette vil bane veg for så mange andre som har opplevd det samme, og det har også vore ei av drivkreftene for meg. Det er alt for mange saker som ikkje burde skjedd, seier faren til NRK torsdag føremiddag.
Publisert 26.03.2026, kl. 10.35 Oppdatert 26.03.2026, kl. 10.52










English (US)