Beate manglar éin karakter frå vidaregåande. Vi må opne døra for slike som ho.

1 week ago 15



Det overveldande fleirtalet av sjukepleiarar i Noreg er utdanna før det vart innført karakterkrav. Er dei som er uteksaminerte før 2022 ein fare for pasientane? spør Oddmund Hoel. Bildet er en illustrasjon. Foto: Shutterstock, NTB

Sjølv med karakterkrav har fleire sjukepleiarutdanningar dei siste åra hatt store utfordringar med høg strykprosent.

Publisert: 20.04.2024 09:45

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Etter at vi la fram regjeringas forslag til nytt opptakssystem, har vi fått kritikk frå fleire hald for å fjerne dei særskilde karakterkrava til sjukepleiarutdanningane. Det var venta. Men eg meiner at kritikken bommar.

Aftenpostens kommentator Therese Sollien slår inn ei relativt open dør når ho slår fast at karakterkravet ikkje var der til pynt. DNs leiarskribent understrekar det openberre i at «godt skolerte sykepleiarar [er] viktig». Høgres Tone Trøen klemmer til med at fjerning av karakterkravet «i ytste konsekvens vil […] true pasientsikkerheten».

Ein fare for pasientane?

Eg er, sjølvsagt, samd i at det er viktig med godt skulerte sjukepleiarar. Og eg forstår at Norsk sjukepleiarforbund har vore positive til krava. Vi ville vel alle ønske at toppmotiverte studentar med gode karakterar i alle fag fylde studieplassane.

Men så var det denne røynda, då. For det har også kome reaksjonar frå eit litt anna hald enn Høgre-politikarar og leiarskribentar i Akersgata. Beate Marie Nilsen frå Steigen, for eksempel, har jubla for mogelegheita til å fullføre sjukepleiarutdanninga ho starta på for 20 år sidan.

Ho er utdanna barnehagelærar, jobbar fulltid på sjukeheim og er toppmotivert for ein jobb som sjukepleiar. Men ho manglar éin karakter frå vidaregåande. Eg meiner vi må opne døra for slike som Beate.

Det som er ei tydeleg trugsel mot pasienttryggleiken, er mangel på sjukepleiarar

Det overveldande fleirtalet av sjukepleiarar i Noreg er utdanna før det vart innført karakterkrav. Er dei som er uteksaminerte før 2022 ein fare for pasientane?

Er ikkje berekraftig

Det som er ei tydeleg trugsel mot pasienttryggleiken, er mangel på sjukepleiarar. Det står no om lag 900 tomme studieplassar på sjukepleiarutdanningane rundt i landet. Å halde motiverte søkjarar som Beate ute i ein slik situasjon er ikkje berekraftig.

Fleire sjukepleiarstudentar enn før gjennomfører studiet på normert tid. Det er særs positivt. Men vi må huske på følgande:

  • Trenden starta før karakterkravet blei innført: Dei fire siste kulla før karakterkravet viste ein jamn auke i fullføring på normert tid, frå 61 prosent hos 2015-kullet til 65,5 prosent hos 2018-kullet.
  • Trenden er ikkje unik for sjukepleiarstudiet: For alle treårige bachelorstudium har fullføring på normert tid gått opp.

Høg strykprosent

Sjølv med karakterkrav har fleire sjukepleiarutdanningar dei siste åra hatt store utfordringar med høg strykprosent. Men vi ser at utdanningane kan snu ein slik situasjon med å setje inn målretta tiltak.

Eit døme: I 2021 strauk 53,6 prosent av sjukepleiarstudentane ved Universitetet i Tromsø campus Harstad i faget anatomi, fysiologi og biokjemi. Universitetet sette då inn pedagogiske tiltak. I 2023 strauk berre 9 prosent av studentane. 48 prosent fekk karakteren A eller B.

Tala er eit døme både på at karakterkrava ikkje garanterer gode resultat i utdanninga, og at det viktigaste for å sikre god læring skjer i sjølve utdanningane – ikkje i den vidaregåande skulen.

Universitet og høgskular i heile landet er klare på at dei kan utdanne godt kvalifiserte sjukepleiarar, også utan eit særskilt karakterkrav for akkurat desse studentane. Det bør vi ha tillit til.

Read Entire Article