Byrådet i Bergen har avgjort å stenga nokre av dei mest sentrale områda i byen for bruk av elsparkesyklar frå utleigeselskap.
Det blir innført digitale forbodssonar, som fungerer slik at motorkrafta til elsparkesyklane blir kutta når ein brukar kjem til den digitale grensa.
Byrådet opplyser at det difor ikkje blir behov for å setja opp forbodsskilt.
FORBOD: I dei raude sonane blir det ikkje lov med elsparkesyklar.
– Skal vera trygt for alle i sentrum
Byutviklingsråd Eivind Nævdal-Bolstad frå Høgre seier det skal vera trygt å ferdast i sentrum, og at både små og store skal kunne vera her utan å frykta å bli påkøyrde.
– Elsparkesyklane er heller ikkje dei finaste installasjonane i byen vår. Difor fjernar me også parkeringsmoglegheitene i desse ikoniske områda, seier byråden.
BYRÅD: Byutviklingsråd Eivind Nævdal-Bolstad frå Høgre meiner delar av sentrum klarar seg utan elsparkesyklar.
Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRKParkeringsplassane for elsparkesyklane ved Sjømannsmonumentet og Festplassen blir no fjerna.
– Me meiner dette er viktige byrom som klarar seg utan slik trafikk og visuell støy som elsparkesyklar utgjer, seier Nævdal-Bolstad til NRK.
Forbod etter bystyrevedtak
I april vedtok eit fleirtal i bystyret å innføra slike forbodssonar, og det er dette vedtaket byrådet no følgjer opp.
I samband med 17. mai vil heile indre sentrum vera stengd for elsparkesyklar frå 16. mai klokka 23 til 18. mai klokka 05.
Torgallmenningen og Festplassen vil ikkje opna att etter dette.
PARKERT: Framover må du setja slike frå deg utanfor Torgallmenningen og Festplassen.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRKNævdal-Bolstad seier dette er ein del av ei større innstramming dei siste åra.
– Dei siste åra har me sett mykje uvettig køyring. Difor har me stramma inn på talet på elsparkesyklar, innført fleire sakte-sonar, og utvidar no med forbodssonar.
Uvisst om det kjem fleire forbodssonar
I april var det tre selskap som fekk høve til å leiga ut elsparkesyklar i Bergen. Det er Ryde Technology, Lime og RideMovi.
TORGALLMENNINGEN: Frå måndag kan du ikkje køyra elsparkesykkel frå utleigeselskap her.
Foto: Sigurd HamreTildelinga av løyvet har ei varigheit på eitt år.
Byutviklingsråden kan ikkje svara no på om det blir aktuelt med fleire forbodssoner.
– Dette er dei to områda som bystyret har bede om blir innførte. Eg er glad for at det no blir gjennomført, seier Nævdal-Bolstad.
Publisert 13.05.2026, kl. 13.34 Oppdatert 13.05.2026, kl. 14.13















English (US)