Bergensbanen er stengt mellom Mjølfjell og Myrdal på grunn av eit tog som sperrer sporet.
– Vi leiter etter feilen. Det kan ta tid, skriv Bane Nor i appen NÅ.
Det er eit passasjertog med om lag 150 passasjerar om bord som har stoppa, opplyser pressevakt i Vy, Kaja Rynning Moen.
Toget har køyrd på noko inni Gravhalstunnelen, men dei veit førebels ikkje kva, seier ho.
Toget var på veg frå Bergen til Oslo, og det har stått i tunnelen i rundt 50 minuttar, opplyste Vy til NRK i 18.30-tida.
På Voss stasjon står eit anna passasjertog, der passasjerane har fått beskjed om at dei må vente grunna eit tog med problem.
Det opplyser passasjer Helene Kivle, som sit på toget på Voss, til NRK.
– Vi fekk beskjed om at me måtte vente i ti minutt for ein halvtime sidan, men me står endå bom stille, seier ho.
– Elles har det vore veldig lite informasjon.















English (US)