Berre to frå Nord-Noreg på lista over dei 100 rikaste

1 hour ago 2



Onsdag kom skattelistene, og på lista over dei 100 personane med mest formue i landet, finn vi berre ein nordlending.

Nordlaks-eigar og vesteråling, Inge Harald Berg.

Frå Hadsel driv han eitt av dei ti største oppdrettsselskapa i landet med verksemder i tolv kommunar i Nordland og Troms.

På lista over dei superrike i Noreg er Berg éin av to som fysisk bur i Nord-Noreg.

Den andre er Ola Braanaas. Han flytta i 2021 frå Gulen i Ytre Sogn til Bø kommune i Vesterålen. Bakgrunnen var kommunen sitt etter kvart berømte kutt i formuesskatten.

Det er med andre ord langt mellom rikingane i den nordlegaste landsdelen, og kontrasten til det sentrale Austlandet er valdsam.

Over halvparten av Noregs superrike bur i Oslo (44) og Bærum (8).

– Heiar på dei som tener pengar

– Skattelistene er eit godt bevis på at det er lite kapital i Nord-Noreg. Det er eit stort faresignal for heile Nord-Noreg når kapitalen flyttar sørover, seier Bø-ordførar Sture Pedersen (H).

Ordføraren har sjølv prøvd å lokke til seg folk med kapital ved å sette ned eigedomsskatten. Blant anna Bjørn Dæhlie flytta til skatteparadiset.

Men det er tydelegvis ikkje nok med Braanaas og Berg i Nord-Noreg.

Sture Pedersen i dress

– Dette er problematisk, meiner Sture Pedersen (H), ordførar i Bø i Vesterålen.

Foto: Alf Simensen / NTB

– Vi klarer ikkje å legge til rette for at det skal lønne seg å flytte nordover, seier Pedersen.

Kapital er viktig for at eit samfunn skal kunne utvikle seg. For eksempel har Berg investert masse i lokalsamfunna i Vesterålen, som blant anna eitt nytt hotell i Hadsel, ifølge Pedersen.

– Alle etableringar treng eigenkapital. Eg kjenner masse folk som har idear, men dei manglar eigenkapital. Då kan ein å gå til dei som har kapital, og prøve å få hjelp til å dra noko i gang. Men om den kapitalen stadig flyttar ut av landsdelen vår, så er det eit faresignal når vi skal utvikle nye arbeidsplassar. Og vi veit at folk flyttar etter arbeidsplassane.

– Nokon er misunnelege, men eg heiar på alle som tener pengar, seier Pedersen.

Inge Berg havfarmen

Lakseg gründaren Inge Berg tronar åleine som nordlending på lista over dei 100 rikaste i Noreg. Han er éin av berre to som bur i landsdelen. Den andre er Ola Braanaas, vestlendingen som skatteflykta til Bø i Vesterålen.

Foto: NRK

Kvifor er det slik?

– Dei som har begynt å tene litt pengar i nord, har som regel blitt oppkjøpt eller flytta sørover. Enten flyttar dei til Oslo, eller så flyttar dei til utlandet, forklarar Pedersen.

Tidlegare i år kjøpte Noregs største oppdrettsselskap, Mowi opp Lovund-baserte Nova Sea.

Ordføraren trur skatt og samferdsel også er noko av grunnen til at det har blitt slik.

– Vi har for dårleg offentleg kommunikasjon i Nord-Noreg. Vi har for dårlege flysamband. Det er for usikkert å drive ein sånn type business i nord. Ein er avhengige av å kome seg hurtig mellom stader.

Øystein Dørum er sjeføkonom i samfunnsøkonomi i NHO. Han seier befolkningstal speler ei viktig rolle her. Det bur knappe ein halv million menneske i Nord-Noreg, mens dei resterande 5,1 millionane bur sørpå.

– Om du er i eit lite miljø utan rike menneske, så kan det vere vanskelegare å selje inn ein god idé og gi han vekstmoglegheiter, enn om du er i eit større miljø med kapital, forklarar Dørum.

Katharina G. Andresen

Over halvparten av Noregs rikaste bur i Oslo og Bærum. Éi av dei er Katharina Kvasnes Andresen. Ho arva ein stor del av aksjane i investeringsselskapet Ferd AS frå far sin, Johan H. Andresen.

Foto: Dag

– Lettare å bygge seg stor på større stader

Han kallar det agglomerasjoneffektar, som viser til blant anna fordelar som følger av at personar, verksemder og prosjekt, samlast på same stad.

Blant anna har aktørar i næringslivet ofte ein fordel av å ligge i nærleiken av kvarandre, sidan det gir betre tilgang til marknader, infrastruktur og relevante tenester.

– Grunnlaget for å bygge opp veldig store verksemder er gjerne kor du har finansielle miljø av ein viss størrelse.

  • Sjeføkonom NHO

    Øystein Dørum

– Det kan vere lettare å bygge seg store på ein større stad.

Nordland, Troms, Finnmark og Svalbard står til saman for 8 prosent av verdiskapinga i landet, ifølge Dørum. Som betyr at dei resterande 92 prosentane av verdiskapinga skjer i Sør-Noreg.

– Du treng risikovillig kapital som gjer at verksemda kan vekse. Kapitalen er i utgangspunktet mobil, men nærleik kan ha noko å seie. Så dersom det er færre lokalt med pengar, kan det bli vanskelegare å få til lokal knoppskyting.

Kva kan gjerast?

Professor Tor W. Andreassen ved NHH meiner Nord-Noreg står framfor eit mogleg gullrush, dersom landsdelen klarer å utnytte energifordelen sin.

– Dette kan bli tiåret til regionen. Datasenter har ein umetteleg appetitt på energi, og Nord-Noreg er ein svært god lokasjon for gigantar som Google og Microsoft.

  • Tor Wallin Andreassen i blå skjorte

    Tor Wallin Andreassen

    • Professor ved NHH og forskar på innovasjon og verdiskaping.

Men professoren åtvarar: Det hjelper ikkje at dei kjem, om dei ikkje skaper ringverknader.

– Politikarane må stille tydelege krav. Det avgjerande er at aktørane som etablerer seg ikkje blir ein «einsam svale».

Han kallar datakraft for «framtida sin bensin». Om lokale gründerar og studentar får tilgang på han, kan det skape dei verdiane landsdelen sårt treng.

– I randsona av slike etableringar vil det kome nye selskap og entreprenørar. Nokre av dei kan hamne på lista over Noregs rikaste.

– Distrikts-Noreg forvitrar

Ordføraren i Bø har fleire bekymringar enn manglande kapital.

– Det er ikkje berre kapitalen som flyttar sørover, det gjer faktisk folk òg. Det er ganske alvorleg, seier ordføraren i Bø.

Fråflyttinga frå Nord-Noreg har vore ei stor utfordring dei siste åra. I andre kvartal i år blei det 621 mindre folk i regionen, viser tal frå SSB.

For rundt 50 år sidan budde 12 prosent av befolkninga i Noreg, i Nord-Noreg. I dag er berre litt under 9 prosent av oss nordlendingar.

Pedersen sjølv har tatt turen til hovudstaden i desse dagar for å prøve og snu flytte- og kapitalstraumen.

– Sentraliseringa er den største utfordringa i distriktet, avsluttar Pedersen og legg til:

– Distrikts-Noreg held på å forvitre.

Publisert 04.12.2025, kl. 20.19

Read Entire Article