– Det er nok det næraste eg har vore kongen, seier Senad Biscevic.
Han og kona er på ferie på den spanske øya Tenerife no. Dei bur tilfeldigvis rett ved sjukehuset kor kong Harald vart innlagd tysdag.
Onsdag morgon tok han turen til sjukehuset for å sjå korleis det var der og for å visa medkjensle. Han seier kongen har betydd mykje for han og familien.
– Me kom til Noreg for 33 år sidan som krigsflyktningar frå Bosnia. Kongen var alltid med oss, seier Biscevic til NRK.
Tidleg på morgonen var det lite som tyda på at sjukehuset hadde ein så prominent pasient.
Få timar etter er det i ferd med å endra seg. Tre politibetjentar står vakt ved inngangen og fleire journalistar er til stades, både spanske og internasjonale.
Politibetjentar står vakt utanfor inngangen til sjukehuset.
Foto: Anders Børringbo / NRK– Ein tung dag
Kong Harald vert behandla for infeksjon og dehydrering, opplyste Slottet i ei pressemelding tysdag.
– Tilstanden hans er etter forholda god, skreiv dei.
Fleire medium har møtt opp utanfor sjukehuset, båe nasjonale og internasjonale.
Foto: Anders Børringbo / NRKKongeparet var på privat vinterferie på øya då kongen vart lagd inn på det private sjukehuset Hospiten Sur.
Øya har vore råka av vêrfenomenet calima den siste tida. Då fraktar vinden med seg støv frå Sahara-ørkenen, noko som fører til dårleg luft og høg varme.
Kong Harald er innlagd på Hospital Universitario Hospiten Sur.
Foto: Senad BiscevicDet har vore veldig merkbart, seier Biscevic.
– I går var den varmaste dagen sidan me kom, 27 gradar. Det var ein tung dag, seier han.
I tillegg til varmen var det nemleg mykje finkorna sand i lufta.
Biscevic er sjølv 69 år gamal og seier han tenker mykje på kor tungt det må ha vore for kongen, som er 20 år eldre.
Onsdag er både luftkvaliteten og temperaturen betre.
– No er temperaturen rundt 17–18 gradar med bitte litt vind, med sol og blå himmel, skildrar han.
Kan vera ekstra utsett i varme
Kongen får behandling for ein infeksjon og dehydrering. Det er ofte ein samanheng mellom desse, seier Håkon Ihle-Hansen til NRK.
Han er overlege og forskar i geriatri ved Bærum sjukehus.
– Ved ein infeksjon stig kroppstemperaturen, og det fører til større væsketap, sa han til NRK tidlegare onsdag.
Håkon Ihle-Hansen
- Overlege
- Forskar i geriatri ved Bærum sjukehus
I tillegg peikar han på at eldre ofte brukar medisinar som kan føra til dehydrering.
Ikkje minst er ein meir utsett for væsketap viss det er varmt ute.
Slik vert temperaturen på Tenerife dei neste to døgna:
Ifølge Ihle-Hansen er det vanskeleg å seia om vêrfenomenet calima kan ha påverka helsa til kongen.
– I utgangspunktet er det ein litt annan bakterie- og virusflora i utlandet som gjer at immunforsvaret vårt kan vera mindre klart, seier han.
Livslegen på veg
Livslegen til kongen, Bjørn Bendz, har reist ned for å hjelpa det lokale helsevesenet.
Bjørn Bendz, livslegen til kong Harald.
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRKTV 2 møtte han på Gardermoen før avreise, men då ville han ikkje kommentera tilstanden til kongen.
Kongen fylte 89 år 21. februar.
Slottet har varsla ei ny oppdatering om tilstanden til kongen i løpet av onsdagen.
Publisert 25.02.2026, kl. 12.31 Oppdatert 25.02.2026, kl. 12.59
















English (US)