– Svaret er nok at vi undervurderte luftfukta, som var veldig høg. Det må vi løyse betre.
Spørsmålet Ståle Solbakken svarer på her, er kvifor Noreg måtte kjempe mot meir enn berre Senegal i New Jersey på tysdag.
GREP: Solbakken håpar på færre kramper framover.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Det var fem–seks mann som hadde kramper. Det hadde nok litt med den høge luftfukta å gjere – at vi ikkje er vande til det. Det slo ut ganske jamt over, da vi passerte 85 minutt. Da begynte det å komme, og det var for mange.
Solbakken håpar det var siste gong så store delar av laget blir prega. På sidelinja har han fortalt at han opplevde dei siste minutta som eit mareritt.
– Vi har tatt nokre grep, med nokre ekstra drikkeforedrag, fortel landslagssjefen.
For lite væske
Han opplyser at landslagslege Ola Sand har fortalt at laget fekk i seg litt for lite væske i drikkepausane.
– Var de for dårleg førebudde?
– Nei, det synest eg ikkje. Vi har tatt alle forholdsreglane, og det er fyrste gong vi har merkt det på heile leiren, seier Solbakken.
Allereie tidleg etter at Noreg kom til USA, begynte dei å trene på drikkepausane:
– Drikke meir, drikke meir riktig
– Kva gjer de nå?
– Dei må drikke meir, og dei må drikke meir riktig. Det var dei flinke til både på trening og i den første kampen, så det var litt overraskande at det kom så veldig på så mange, seier Solbakken.
No er det altså tatt konkrete grep for at krampe-festen mot Senegal blir ei enkelthending. Det bekreftar også landslagslege Ola Sand til NRK
MÅ DRIKKE: Meir enn mot Senegal.
Foto: Dylan Martinez / REUTERS,NTB– Vi har hatt fokus på nedkjøling og elektrolytt/salttilskot frå dag éin. Eg trur det største problemet var at det var 90 prosent luftfukt sjølv om det ikkje var så varmt, der spelarane blei gjennomvåte og derfor sveitta enda meir for å kvitte seg med varme, seier Sand.
Landslagslegen peikar på at spelaren dermed mistar enda meir salt.
– Vi har intensivert salt- og elektrolyttilskot både via mat, snacks og drikke, og individuelle samtalar og råd.
Hvem kan Norge møte i 16.-delsfinalen?
Vi møter sannsynligvis Elfenbenskysten.
Elfenbenskysten • 73 % sjanse
Sverige • 27 % sjanse
Paraguay • 0 % sjanse
Kanskje kan vekkaren gjere at det norske laget vil stå betre i kommande kampar:
– No har vi fått ei lita åtvaring om at vi kanskje må vere enda meir nøye med ting. Men eg føler at vi har vore det, så det var litt overraskande at det kom, seier Solbakken og fortset:
– Vi har vore veldig flinke til å drikke riktig, og til å følge kva vi skal ha i oss til kvar tid, og det har vore ein god plan med kven som gir drikke og det har fungert veldig bra. Så det var overraskande at det kom så brutalt for så mange.
Slite heile karrieren
Ein av mange som kjente det nappe i muskulaturen var Torbjørn Heggem.
– Det var ein utruleg tøff kamp. Høg luftfukt og eg kjenner sjølv det var ein motstandar som gjorde at vi måtte vere på tærne heile tida. Det var det som tærte på, tippar eg, sa stopparen til NRK etter kamp.
– Vi må ta tiltak slik at det ikkje skal skje igjen. Vi håpar vi klarer å halde 90+, og det kan bli enda meir enn 90 minutt vidare i meisterskapen. Vi gjer nokre tiltak slik at vi blir enda klarare til å stå 90 minutt, seier han sjølv.
Før meisterskapen fortalde Heggem at han har slite med kramper gjennom heile karrieren.
JOBBA: Heggem har gjennom heile karrieren jobba med å takle kramper.
Foto: CHARLY TRIBALLEAU / AFP,NTB– Eg har tatt imot tips frå utruleg mange. Men kva skal ein seie? Når ein ikkje er herda, er det vanskeleg å stå i 90 minutt. Spesielt når tempoet og nivået er litt høgare enn det ein er vant til, sa Heggem til NRK den gongen.
Viss leggene til Heggem – og til dei andre krampeutsette spelarane – skal på banen mot Frankrike, er Ståle Solbakken iallfall trygg på éin ting:
– At vi gjer alt vi kan for at vi skal unngå at det skjer igjen.
Publisert 26.06.2026, kl. 10.01 Oppdatert 26.06.2026, kl. 10.25












English (US)