– Eg låg i gangen med ho over meg. Ho sa «eg skal drepe deg. Eg lovde mor mi at eg skal drepe deg».
Det seier kvinna i 70-åra som blei angripen av ei framand kvinne i sin eigen heim 26. august i fjor.
Medan ho sat i ein stol og sov sneik ei kvinne i 30-åra inn i leilegheita og gjekk til angrep.
– Eg vakna av at eg fekk ei hand over munnen og ei over halsen, forklarar fornærma.
Så stakk kvinna i 30-åra ho med kniv i hovudet og andre stader på kroppen, samstundes som ho fleire gongar ropte «æ ska drep dæ».
Politiet tok beslag i kniven som kvinna i 30-åra brukte.
Foto: politiet– Eg sa «ver så snill, ikkje drep meg» du skal få pengane mine, du skal få huset mitt, men ikkje drep meg»
For dette er ho tiltalt for drapsforsøk, men erkjenner ikkje straffskuld.
– Det var forferdeleg for eg trudde eg blei drepen. Eg var så redd.
Kvinna i 70-åra døde ikkje, fordi ho gjorde motstand og avverja livstruande skadar.
– Korleis eg kom meg unna, det veit eg ikkje, seier fornærma som til slutt kom seg unna og inn til naboen.
Gøymde seg i klesskapet
Etter at kvinna i 70-åra kom seg ut, låste ho døra til leilegheita si.
Då politiet kom til staden fortalde ho at ho hadde låst gjerningspersonen inne. Men inne i leilegheita fann ikkje politiet nokon.
– Eg høyrde at politiet kom, då sprang eg og gøymde meg i skape, seier tiltalte.
Etter to søk i leilegheita fann politiet kvinna i 30-åra som hadde gøymt seg inne i eit klesskap.
Tiltalte stod inne i dette klesskapet då politiet fann ho i leilegheita til kvinna i 70-åra.
Politiet fann også kniven og ein pilleboks saman med kvinna i klesskapet.
– Politiet fann tiltalte inne i eit klesskap. Saman med tiltalte fann politiet ein blodig kniv, seier aktor Eli Reberg Nessimo i retten.
Rettssaka mot kvinna i 30-åra går for retten i Steinkjer frå 18. til 21. mars.
– Dette er ei svært alvorleg straffesak, seier aktor.
Var rusa og hugsar lite
Tiltalte var rusa då ho gjekk til angrep på kvinna i 70-åra. Like etter hendinga forklarte tiltalte til politiet at nokon hadde sett ei sprøyte med rusmiddel i halsen hennar.
– Eg hugsar jo ingenting av det, men samtidig har eg gjort det, seier tiltalte i retten.
Sjølv meiner tiltalte at sprøyta med rusmiddel blei sett mot hennar vilje same dag. Medisinsk sakkunnige meiner sprøytestikket var fleire dagar gammalt.
– Eg synest det er heilt forferdeleg at eg har gjort dette mot eit anna menneske. Det er ein heilt annan person enn eg eigentleg er.
Kvinna fortel at ho hadde rusa seg i fleire år, men at ho aldri før har mista så mykje av hukommelsen som ho gjorde i dagane rundt drapsforsøket.
Aktor Eli Reberg Nessimo og forsvarar Theodor Nyeng Dretvik i Trøndelag tingrett i Steinkjer.
Foto: Sunniva Skurtveit / NRKLikevel er nektar ikkje kvinna i 30-åra for at det var ho som gjorde handlingane medan ho var rusa. Partane i rettssaka er heller ikkje ueinige om at handlingane objektivt sett kan definerast som eit drapsforsøk.
Men dei er ueinige om tiltalte var strafferettsleg tilrekneleg og om ho handla med forsett.
– Var ho utilrekneleg i rus og var denne rusen sjølvforskylda eller ikkje?, spør forsvarar Roger Theodor Nyeng Dretvik.
Tiltalte meiner at oppførselen hennar kan tilseie at ho var i psykose.
– Det er noko som har skjedd som ikkje er normalt, forklarar ho i retten.
– Me meiner ho var tilrekneleg og at ho ikkje var i ein psykose, seier aktor.
– Eg tør ikkje gå ut aleine utan valdsalarm
Fornærma fortel i retten at ho har fått valdsalarm etter at ho blei forsøkt drepen.
– Eg tør ikkje gå ut aleine utan valdsalarm. Eg tør ikkje gå ut med søppelet aleine.
Vidare fortel ho at ho er redd for at nokon skal angripe ho igjen.
– Det har tatt mykje av livskvaliteten min. Eg får mareritt og eg får synet av den kniven når eg legg meg.
Tiltalte seier det er forferdeleg å høyre korleis kvinna i 70-åra har det i dag.
– Eg vil beklage meg. Eg håpar ho får det bra med seg sjølv i framtida og at ho ikkje er redd.
Publisert 18.03.2025, kl. 13.39 Oppdatert 18.03.2025, kl. 13.56