I tiltalen som blei offentleggjort fredag går det fram at Suel Kassembo har arbeidd for den lokale bedrifta Runde Miljøsenter i 12 år frå mars 2011 til mai 2023.
Påtalemakta meiner at bedrifta har brote utlendingslova ved å tilsette ein som ikkje har lovleg opphald i landet, og krev 300.000 kroner i bot.
Men det nektar Runde Miljøsenter å betale.
Dermed blir det rettsak i august.
– Runde Miljøsenter har fått eit førelegg for å late eit utlending ta arbeid hos dei, trass i at dei etter vårt syn visste, eller burde visst, at han ikkje hadde nødvendig løyve til å ta arbeid i landet, seier politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik.
Han stadfestar at politiet i lang tid har kjent til at Kassembo både har budd og arbeidd i området utan å ha nødvendig løyve.
– Men burde ikkje politiet gripe inn før dersom ein meinte dette var alvorleg?
– Det er ikkje mitt bord, eg forheld meg til den saka som gjeld Runde Miljøsenter og ikkje utlendingssaka.
Politiadvokat Magne Grimstvedt Kvalvik.
Har vore ein av støttespelarane
Suel Kassembo har vore ulovleg i Noreg i 20 år, bur no i Herøy kyrkje på Sunnmøre og er landets einaste i kyrkjeasyl.
Sjefen for Runde Miljøsenter, Nils Roar Hareide, har i ei årrekkje vore ein av støttespelarane for Suel Kassembo og har arbeidd for at han skal få opphaldsløyve i Noreg.
Så seint som i oktober uttalte Hareide til NRK at kampen ikkje er lagt ned:
– Vi har framleis tru på at vi skal få rettferd, sa han då.
Samtidig som han har fått avslag etter avslag på opphalds- og arbeidsløyve, har han arbeidd for Runde Miljøsenter.
Det stabile arbeidsforholdet har vore eitt av momenta dei har brukt i søknader til styresmaktene. No blir altså Runde Miljøsenter saksøkt nettopp for dette.
NRK har så langt ikkje lukkast å få ein kommentar frå Hareide om bota på 300.000 kroner.
Suel Kassembo og Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter i samband med ei av rettsakene.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKHar tapt fleire rundar i retten
Dei siste par åra har det vore fleire rettssaker som Suel Kassembo har tapt. Staten har stått fast på at han ikkje har rett til å bu eller arbeide i Noreg.
Før jul i fjor flykta han difor inn i Herøy kyrkje, for å unngå å bli kasta ut.
Han fekk avslag på asyl i januar 2007, og blei utvist i 2010. Han har seinare også fått avslag på arbeidsløyve. Fleire klagesaker har ikkje endra dette.
Suel Kassembo sit no i kyrkjeasyl i Herøy.
Foto: Arne Flatin / NRKJusprofessor kallar det oppsiktsvekkjande
Jusprofessor Mads Andenæs er ikkje begeistra for bota frå politiet og seier bedrifta har tatt på seg eit samfunnsansvar ved å tilsette Suel Kassembo.
Dei meiner politiet burde gripe inn tidlegare og gitt råd i staden for å gje det han kallar ei «rekordbot».
– Det er oppsiktsvekkjande at dei no grip inn etter så mange år, seier han og legg til:
– Det at du skal ha denne typen rekordbot finn eg veldig vanskeleg å skjønne. Det er rett og slett dårleg skjønn og misforstått tolking av politiske signal.
– Men burde ikkje bedifta følgt lova?
– Runde Miljøsenter har jo her ville gjere vel, hjelpe til i ein vanskeleg situasjon, og då er det viktig at styresmaktene grip inn og rettleiar tidlegare og ikkje berre klaskar til med 300.000 kroner etter så mange år.
Han meiner politiet viser dårleg skjønn ved å først bøtlegge bedrifta, og så reise saka for retten.
Jusprofessor Mads Andenæs er ikkje glad for bota som politiet har gitt Runde Miljøsenter.
Foto: Bjørn Olav Nordahl– Viktig at det blir reagere mot
Politiadvokat Magne Grimstvedt Kvalvik seier det er Statens utlendingsenhet som har meldt Runde Miljøsenter til politiet.
– Denne saka har blitt anmeldt og etterforska på lik linje med andre straffbare forhold som politiet får kjennskap til. Saka gjeld bruk av ulovleg arbeidskraft, og det er noko det av allmennpreventive grunnar er viktig at det blir etterforska og reagert mot, seier han.
Suel Kassembo ønskjer ikkje å kommentere saka.
Publisert 09.05.2025, kl. 17.04 Oppdatert 09.05.2025, kl. 17.56