Blinken til NRK: – Vi er ikkje berre vener i godt vêr

5 days ago 20



– Tollsatsar har blitt dei nye sanksjonane. Vi ser at dei blir brukte på ein vilkårleg måte, seier Blinken til NRK.

Den erfarne politikaren var utanriksminister i USA frå 2021 til 2025.

I dag gjestar han Stavanger for å snakke om global handel og eit geopolitisk landskap i rask endring under den maritime Aquavision-konferansen.

Diplomat og tidligere utenriksminister i USA Antony Blinken under Aqua Vision i Stavanger konserthus.

Det var ei rekke næringstoppar til stades under konferansen i dag.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

NRK har fått eit eksklusivt intervju med den tidlegare toppolitikaren.

– Det er eit problem når slike tiltak blir innførte mot vennlegsinna land i større grad enn meir fiendtlege land, seier Blinken.

Førre veke varsla USA ein ny permanent toll (ekstern lenke) mot Noreg.

Dette skjer i etterkant av at amerikansk høgsterett i februar konkluderte med at Trump gjekk ut over fullmaktene sine då han innførte straffetoll mot ei rekke land.

– Det skadar forholdet. Det skadar forholdet når dei ikkje verkar å vere basert på eit rasjonelt politisk formål, seier Blinken.

En mann i dress snakker til en gruppe mennesker. Bakgrunnen viser et møterom med projektor. Bord er dekket for en middag.

NRK fekk snakke med Blinken før han skulle på scenen i dag.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Opna ei «pandoras eske» i Hormuzsundet

Blinken snakkar også om situasjonen i Midtausten. Sidan februar har Hormuzsundet vekselvis vore stengt av både ein amerikansk og ein iransk marineblokade.

Svært lite trafikk har kome gjennom, noko som har råka globale forsyningslinjer hardt.

USAs president Joe Biden taler ved et podium, mens utenriksminister Antony Blinken står ved siden av. Begge er kledd i mørke dresser og slips. Bak dem er en amerikansk flagg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Blinken var utanriksminister under president Joe Biden.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP,NTB

Som viseutanriksminister i Obama-administrasjonen var Antony Blinken sentral i utforminga av atomavtalen med Iran i 2015.

Blinken seier at spørsmålet no er kva normalsituasjonen vil bli etter at krisa forhåpentlegvis går over.

– Eg er bekymra for at vi dessverre har opna ei «pandoras eske». Iran har no potensial til å forme kva som skjer i Hormuzsundet langt inn i framtida.

– Det er eit problem som er skapt av denne krisa, men vi må finne ein måte å løyse dette diplomatisk. Det vil ikkje bli løyst militært.

Nesten heilt sikkert at det vil føre til forandringar

Utviklinga i Iran og den spente situasjonen i regionen påverkar også dei omkringliggande landa.

Krisa kan også tvinge fram ei politisk omvelting blant Golfen-statane, som ifølgje Blinken enno ikkje har funne svara på korleis dei skal handtere situasjonen.

– Nokon vil sjå eit Iran som gjekk til angrep på dei, meir enn at dei gjekk til angrep på amerikanske basar i regionen, seier Blinken. Han held fram:

Satellittbilde viser et ørkenlandskap langs kysten av Den arabiske gulf. Mørkeblått vann møter tørre, beige landmasser. Flere øyer er synlige i det grunne, turkise vannet langs kysten. Bildet viser et stort, mørkt vannområde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Satellittbilde av Hormuzsundet.

Foto: - / NASA Earth Observatory,NTB

– Nokre av dei vil sjå eit Iran som angreip dei endå meir enn det angreip amerikanske styrkar i regionen, endå meir enn det angreip Israel, i alle fall inntil i dag. Nokre av dei vil konkludere med at dei må få eit betre forhold til Iran.

– Eg trur ikkje vi har svara. Alt eg kan seie er at det nesten heilt sikkert vil føre til forandring. Spørsmålet for mange av landa i Golfen er: Kan vi stole på USA? Og det er dessverre også eit ope spørsmål akkurat nå, seier Blinken.

– Ekstremt viktig å byggje motstandskraft

Når samtalen flyttar seg frå Midtausten og Iran og tilbake til forholdet mellom Noreg og USA, understrekar Blinken at det er tette band mellom dei to landa.

Diplomat og tidligere utenriksminister i USA Antony Blinken backstage på vei inn på scenen i Stavanger konserthus under Aquavision.

Blinken rett før han gjekk på scenen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Han skildrar likevel dagens politiske situasjon som «operasjonelt utfordra» og prega av ein transaksjonell tankegang framfor samarbeid.

– Eg meiner likevel at Noreg og USA skal vere tette partnarar. Vi er ikkje berre vener i godt vêr, men også i dårleg vêr.

Det var på et møte i Washington DC at utenriksminister Espen Barth Eide og den amerikanske utenriksminister Antony Blinken underskrev den formelle avtalen mandag kveld norsk tid.

Espen Bart Eide (Ap) møtte Blinken i Washington DC.

Foto: Skjermdump fra Youtube

– Vi har så mykje meir til felles, enn det som skil oss frå kvarandre, held han fram.

Korleis skal Europa forhalde seg til USA framover?

– Det er vanskeleg for meg å gi råd til andre land, men det er ekstremt viktig å byggje motstandskraft. Vi bør halde oppe ein høg, grunnleggjande tillit, men eg ser for meg at land også kjem til å sikre seg framover.

USAs utenriksminister Antony Blinken møter pressen etter NATO-møte i Oslo.

Antony Blinken møtte pressen under etter NATO-møte i Oslo i 2023.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Ein må sjå etter alternative måtar å gjere ting på for å få bukt med uvissa som har blitt sett inn i systemet, slik at ein har noko anna å falle tilbake på om det blir nødvendig. Å byggje europeisk eining er viktigare enn nokon gong, seier Blinken.

Publisert 09.06.2026, kl. 21.06

Read Entire Article