– Det var litt tungt i dag, seier Daniel-André Tande og tar til tårene.
Han er tydeleg prega rundt middagsbordet i fredagens episode av Mesternes mester.
– Du er jo den utøvaren eg har felt flest tårer over å ha sett på TV, seier Jarl Magnus Riiber, og trekkjer fram VM-gullet Tande tok i 2018.
Tande græt når han fortel om året han blei verdsmeister. For rett før sesongen tok broren sitt eige liv.
– Veslebroren min har alltid vore min beste venn, seier Tande.
TUNGT: Tande græt når han fortel om den tunge perioden.
Foto: Skjermdump / NRK/Nordisk BanijayTande legg ikkje skjul på at det var fint å opne seg for dei andre deltakarane rundt middagsbordet.
– Det er utruleg rørande å få sagt det. Å få ein slik reaksjon frå dei andre er sjølvsagt fint, og det gjer det mykje lettare å vere open. Det er det ikkje noko tvil om, seier Tande.
– Vi treng fleire menn som deg
Reaksjonane har ikkje late vente på seg etter programmet. Privatpersonar og organisasjonar hyllar Tande for openheita.
– Det var heilt eineståande av Daniel-André! Å velje openheit om sjølvmord er tøft og modig. Spesielt det å snakke om noko av det mest sårbare og vanskelege som har skjedd i hans liv er føredømeleg, seier landsleiar for Mental Helse Ole-Marius Minde Johnsen og held fram:
– For ein fin fyr! Tusen takk til Daniel-André. Vi treng fleire menn som deg.
Johnsen er éin av fleire som blei rørt etter å ha sett portrettintervjuet til Tande i episode 1:
Daniel-André Tande opnar seg i fyrste episode av Mesternes mester.
Eit forbilde
Også Mental Helse Ungdom rosar Tande.
– Det betyr mykje, fordi han er eit forbilde for mange, og særleg mange unge. Når han tør å stå fram med det som er vanskeleg, så vil det også gjere det mykje meir naturleg og lettare for dei som følgjer med på han, seier Line Toft Haaland.
Ho meiner det er viktig at ein tør å prate om det som er vanskeleg, for då blir det lettare å handtere.
Tande fortel at han har fått fleire meldingar etter episoden.
– Eg har prøvd å vere så open som mogleg gjennom heile karrieren, og det har eg lyst til å halde fram med. Den reaksjonen ein får frå andre er sjølvsagt fin, og det gjer det utvilsamt lettare å vere open, seier han.
Tande har hatt det tøft på fleire område. I tillegg til tapet av broren, var han sjølv nær døden etter eit stygt fall i Planica i 2021:
«Ta det som ein mann»
Johnsen i Mental Helse peikar på at tradisjonelle mannsroller framleis står i vegen for at mange tør å seie frå.
– Menn skal ikkje gråte, dei skal «ta det som ein mann». Mange opplever framleis skam knytt til sårbarheit. Det bidreg til at menn oppsøkjer helsehjelp sjeldnare enn kvinner, og mange kjem aldri i kontakt med hjelpeapparatet, seier Johnsen.
– Veldig mange gutar, og særleg menn, sit veldig mykje aleine med vanskelege tankar og veit ikkje heilt korleis dei skal snakke om det. Så det er veldig viktig, seier Haaland i Mental Helse Ungdom.
LA OPP: Daniel-André Tande la opp som utøvar i 2024.
Foto: Heiko Junge / NTBTande er einig i at det kan vere vanskeleg å bryte ut av den tradisjonelle mannsrolla.
– Det blir jo på ein måte ein del av kulturen. Som mann, og spesielt som idrettsutøvar, føler ein kanskje at ein må vere tøff og stå i det som krevjast for å lykkast, seier Tande og held fram:
– Det samsvarar ikkje nødvendigvis alltid med mental helse. Viss det at eg er meg sjølv kan gjere det lettare for andre, så er det sjølvsagt berre eit pluss.
Haaland meiner det viktigaste ein kan gjere er å snakke om det som er tøft, og å spørje kvarandre om korleis ein har det.
– Vi må ta tak i ting før det får vekse seg altfor stort, seier ho.
Publisert 02.01.2026, kl. 19.17 Oppdatert 02.01.2026, kl. 19.36
















English (US)