Årsaka er det ho meiner er for dårlege velferdsordningar for bønder som blir sjuke eller gravide.
– Eg er redd for at vi ikkje skal takle å få fleire sånn som systemet er. Då eg var gravid sist gang, heldt sambuaren min på å jobbe seg i hel, fortel Sofie Rebekka Høybakk.
– Då har eg ikkje turt å få fleire barn sidan.
Sofie Rebekka Høybakk (til venstre) med kollega Kristine Blindheim.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK- Ny teknologi skal redde lamma: – Det opnar opp ei ny verd
Opprop
Ho er ei av mange som støttar oppropet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag om å fjerne samordningsregelen i landbruket.
Regelen gjer at dersom du har inntekt frå anna arbeid, eller stønad frå Nav, blir du trekt i tilskotet til landbruksvikar ved sjukdom eller graviditet.
Problemet er at ikkje alle då har nok inntekt frå gardsdrifta til å dekke utgiftene til ein avløysar.
Sofie Katrine Høybakk har no gått inn i samdrift med tre nabobønder.
Ei av dei er Kristine Blindheim. Ho er no gravid, og det skaper utfordringar.
– Heldigvis for meg, så driv vi samdrift. På den måten kunne kollegaene mine steppe inn når eg måtte ut. Avløysaren jobbar ikkje så mange timar som eg skulle ha jobba, så då blir det ein del ekstra på mine kollegaer, seier Blindheim
Dei to bøndene meiner velferdsordningane til bønder er for kompliserte, og trur det fører til at folk går i fjøsen sjølv om dei er sjuke.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKBåde Sofie Rebekka Høybakk og Kristine Blindheim meiner regelverket for velferdsordningar i landbruket er alt for komplisert.
– Då eg skulle sjekke kva vi kunne ha krav på i støtte då eg fekk Henny, skjønte eg ingen ting. Eg trudde det var ammetåka, men når eg prøver å sjå på det no, er det like gale, ler Høybakk.
Får støtte
Den norske jordmorforening meiner samordningsregelen potensielt kan tvinge nybakte mødrer tilbake til hardt fysisk arbeid på garden, fordi dei ikkje har råd til avløysar.
– Det utgjer ein helserisiko for mor og barn. Så vi støttar oppropet fordi vi meiner kvinner har krav på ei trygg og god barseltid, uansett om dei er bønder eller har eit anna yrke, seier leiar i jordmorforeningen, Lena Henriksen.
– Det handlar om likestilling og om kvinnehelse.
Lena Henriksen meiner samordningsregelen kan tvinge nybakte mødrer tilbake i hardt fysisk arbeid før dei er klare.
Foto: Sonja BalciStyremedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Ola Kvendset, håper oppropet når fram når partia no skal forhandle om neste års budsjett.
– Det er eit kjempeproblem at bønder ikkje føler dei kan bli sjuke eller få barn, fordi dei ikkje får hjelpa dei treng, seier han.
Ola Kvendset seier bønder føler dei ikkje kan bli sjuke eller få barn.
Foto: Eirik Haukenes / NRKVil jobbe for betre ordningar
Landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen seier dei ikkje vil fjerne samordningsregelen no.
Han viser til at regjeringa og Norges bondelag har inngått jordbruksavtalen for 2026, der avløysarordningar og velferdsordningar var oppe til debatt.
Landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen seier Regjeringa ikkje vil fjerne samordningsregelen no.
Foto: Pål Hansen / NRK– Det blei tatt ei avgjerd om heller å styrke tilskota ved fødsel, for å sørge for at folk som får barn også har økonomi til å leige inn avløysar når ein treng det, seier Sandtrøen.
- Jordbruksoppgjeret – bøndene får 1,1 milliardar kroner.
Han lovar at dei likevel vil jobbe for å gjere det enklare å vere bonde.
– Arbeidarpartiet har som del av vårt partiprogram at vi framleis ønsker å utvikle avløysarordninga og styrke velferdsordninga, seier han.
Publisert 26.11.2025, kl. 13.55



















English (US)