– Dette som skulle bli ein fest for Brann, men dette øydela, sa Viaplays kommentator Andreas Toft.
Kommentatoren snakkar om hendinga som skjedde då Brann møtte det tyrkiske laget i Europaligaen torsdag.
Etter berre 20 minutt spelt fekk Eivind Helland raudt kort etter å ha dratt Fenerbahces En-Nesyri i armen.
– Dei blir brutalt straffa av eigne feil, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.
«Der tapar Brann»
– Ein skuffande dag på jobben, seier Fredrik Pallesen Knudsen til Viaplay etter kampen.
– Det er rett og slett ein klassisk juniorfeil av Eivind Helland. Han klarer ikkje å lese ballbanen, han må korrigere seg eit par gonger og det endar opp med at han endar opp på feilsida av En-Nesyri, seier Viaplay-ekspert Pål Andre Helland.
Han skildrar hendinga som skjedde alt etter 20 minutt.
– Så legg han handa over skuldra og gjer En-Nesyri moglegheit til å gå ned og då er det så enkelt som eit raudt kort.
Han held fram:
– Då er det rett i dusjen, og der tapar Brann dagens fotballkamp.
KORT: Branns Fredrik Pallesen Knudsen og Fenerbahces Milan Skriniar snakkar med dommar Willy Delajod etter at Eivind Helland fekk raudt kort.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB– Det raude kortet er strengt, men kan lett forsvaras frå ein dommars ståstad. Kontakten er ikkje stor men ved fleire anledningar smatt Fenerbahce-spelarane inn på løp bak Brann-forsvarar og då hamna dei på etterskot, seier Carl-Erik Torp.
Då dommaren trekte opp det raude kortet, kunne ein sjå ein svært irritert Brann-trenar.
– Dei måla dei har innkassert har noko med det å gjere. Me spelar ti mot elleve. Det er alt for billig. Det er berre slik det er, sa Freyr Alexandersson til Viaplay i pausen.
Brann-trenaren fekk eit gult kort.
GULT KORT: Brann-trenar Freyr Alexandersson fekk også eit kort i kampen.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB«Frykteleg start»
Brann fekk ein dårleg start. Før manøveren til Helland, låg bergenslaget under 0–1.
Det tyrkiske laget tok leiinga etter berre fire minutt spelt. Kerem Aktürkoglu lobba ballen over hovudet på Dyngeland.
Kort tid etter, henta Brann seg inn att. Men då fyrste omgang var halvspelt og dei blei redusert til ti mann, strøymde det med mål får klubben frå Istanbul.
Etter fyrste omgang var stillinga 0–3.
3-0: Talisca feirar 3-0-skåringa.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBMålfest
Før kampen hadde Brann tre heimesigrar på rad i Europa – og triumfar mot lag som Utrecht og Rangers.
Fenerbahce bidrog til å sprekke ballongen. I andre omgang fekk dei enda eit mål, og då hadde Brann lite å stille med.
Fenerbahce hadde same poengsum som Brann før kampen.
Fenerbahce-supporterar på veg til stadion før kampen.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBPublisert 11.12.2025, kl. 22.50 Oppdatert 11.12.2025, kl. 22.56


















English (US)