Brann i sauefjøs i Lom

4 days ago 6



Onsdag ettermiddag brann det i eit fjøs like utanfor sentrum i Fossbergom i Lom.

Først blei det meldt at 70–80 sau var i fjøset.

Like etter klokka 16 onsdag ettermiddag melde politiet at det var til saman 145 dyr som brann inne.

Av desse var 80 lam, 50 sauer og 15 høner.

– Det er ikkje teikn til liv inni fjøset, sa innsatsleiar i Lom brannvesen Kai Josten til NRK.

brann lom

Sauefjøset var overtent, og vart totalskadd i brannen.

Foto: Politiet

Totalskadd

Mannskap frå både Lom og Skjåk brannvesen er på staden.

Innsatsleiaren sa til NRK at fjøset er totalskadd, men at det ikkje er fare for spreiing.

Brannvesenet driv framleis på med ettersløkking utover kvelden onsdag.

Fylkesveg 55, Sognefjellsvegen, vart stengt grunna brannen. Klokka 17:45 onsdag er vegen framleis stengd. Statens Vegvesen skriv på sine nettsider at vegen er forventa å opne igjen rundt klokka 19.

En bygning i brann

Over 80 nyfødde lam mista livet i fjøsbrannen.

Foto: Privat

Ein nabo som NRK snakka med onsdag ettermiddag, fortalde at han kunne sjå røyken frå huset sitt.

Han ønskjer ikkje å stå fram med namn.

– Det ser ut som det brenn ned. Det er trist. No er det lamming òg, så om det er sauar og lam der inni så er det ei dyretragedie, sa mannen.

Publisert 07.05.2025, kl. 15.29 Oppdatert 07.05.2025, kl. 18.08

Read Entire Article