– Det er klart at ho ikkje vil vere tilbake på bana før neste sesong, seier Brann sin lege, Asle Kjellsen.
Det var i slutten av første omgang av tysdagens kamp at Aahjem gjekk ned med smerte i kneet. Onsdag kveld var det bekrefta at korsbandet har roke.
– Anna har pådratt seg ei alvorleg kneskade som krev lengre rehabilitering. Vi jobbar no med å legge ein plan for den operative behandlinga og vil sette denne i gang raskt, seier Kjellesen.
Nøkkelspelar
– Det er utruleg tungt å få denne skada no, men eg skal gjere alt eg kan for å kome sterkare tilbake, seier Aahjem sjølv.
Ho ønsker ikkje å gi ytterlegare kommentarar til media.
Toppscoraren har vore ein nøkkelspelar for Brann sidan ho kom frå Lyn i 2023. I førre sesong scora ho 18 mål, vart toppscorar i Toppserien og vart kåra til årets spelar av Bataljonen.
I noverande sesong har ho allereie stått for fem mål i fem kampar.
Publisert 24.04.2025, kl. 10.08 Oppdatert 24.04.2025, kl. 10.28