Brannvesenet: – Veldig bekymret

1 week ago 17



Brannen i eit batteri frå ein elsparkesykkel kan overleve i timevis under vatn. No åtvarar brannvesenet nordmenn.

 Bergen brannvesen
STORE SKADER: Slik såg ei av leiligheitene som Bergen brannvesen i fjor rykka ut til etter brann i eit batteri frå ein elsparkesykkel. Foto: Bergen brannvesen

Publisert 23.04.2024 07:14

– Det er ei reell bekymring for oss. 

Det seier kommunikasjonsleiar i Bergen brannvesen, Trine Sivertsen Sommerlade, om tilfella av brann i litiumionbatteri som brukast i elsparkesyklar. 

– Vi er veldig bekymra for at desse tek fyr under lading. Gjerne då i bustadhus eller blokker med fleire leilegheiter, og at det dermed vert ei større fare for enno fleire. 

Natt til måndag byrja det å brenne i eit batteri frå ein elsparkesykkel i ei bustadblokk i Fyllingsdalen i Bergen. 

Elsparkesykkelen hadde blitt sett til lading i stova og skulle stå over natta. Plutseleg vakna eigaren av eit smell like over klokka 04. 

 Bergen brannvesen
UTBRENT ELSPARKESYKKEL: Slik såg elsparkesykkelen ut etter at den tok fyr i ei bustadblokk i Fyllingsdalen. Foto: Bergen brannvesen

Batteriet hadde teke fyr og røyken var byrja å spreie seg rundt i leilegheita.

Det var BA som først omtala saka. 

Brannvesenet opplever ein stadig auke rundt våren i antalet oppdrag som gjeld brann.

Brannfaren er nemleg større enn folk er klar over. 

Sjå lenger nede i saka korleis det ser ut når eit litiumionbatteri tek fyr.

Klarer ikkje sløkke brannen sjølve

Sommerlade seier at fleire tek elsparkesyklar innandørs for å lade dei. Fleire gjer dette gjerne om natta også. 

Ei fare er at sjølve batteriet har fått hardare medfart enn anna elektrisk utstyr og at det gjerne har fått fleire støtskader under bruk. 

Dette kan føre til at batteria tek lettare fyr enn andre elektriske apparat. 

Eit vanleg pulverapparat som dei fleste av oss har heime er ikkje kraftig nok til å sløkke brannen dersom den oppstår innandørs.

Det gjere at ein sjølv ikkje vil klare å sløkke brannen om den først bryt ut.

– Det skal enorme mengder med vatn til for å sløkke ein slik brann. Desse batteria held fram å brenne sjølv under vatn over lang tid. Det er nærast ei eksplosiv brannutvikling. Det kjem store mengder røyk og brannutviklinga går raskt, seier Sommerlade. 

 Bergen brannvesen
KRAFTIG BRANNUTVIKLING: Ein brann i eit litiumionbatteri kan raskt eskalere. Foto: Bergen brannvesen

– Som å forsegle si eiga utgangsdør

Sommerlade åtvarar folk mot å sette desse batteria til lading innandørs, uavhengig når på døgnet det er snakk om. 

– Eg veit ikkje heilt kva det skuldast at folk set desse til lading innandørs. Men det kan tenkjast at vi ser på det som at vi ladar andre elektriske apparat innandørs, so derfor kan det gå bra å lade også desse inne. 

Fleire av dei som lader slike batteri innandørs gjer det gjerne i gangen for at det ikkje skal stå i vegen. 

Dette er ifølge brannvesenet eitt av dei farlegaste områda å lade slike batteri. Sommerlade åtvarar om at dersom brannen først bryt ut, so mistar ein automatisk ein rømmingsveg dersom dette står til lading i gangen. 

 Bergen brannvesen
STORE SKADER: Ekstra viktig at ein ikkje lader i nærleiken av rømningsvegar. Foto: Bergen brannvesen

Kommunikasjonssjef i forsikringsselskapet If, Sigmund Clementz, støttar åtvaringane frå brannvesenet. 

– Det er som å forsegle si eiga utgangsdør med tjukke trestokkar og spikre den att. Skjer det ein brann i gangen, so mistar ein automatisk ein fluktveg. Desse fluktvegane er essensielle for å berge liv og helse, seier han. 

Gode råd er dyre om natta

Korleis ein reagerer og handterer ein slik brann, kan variere når på døgnet den bryt ut. 

– Dersom ein slik brann bryt om natta, so er den vanskelegare å handtere dersom ein er i ørska etter å ha nett vakna. Det er verre å handtere ein brann om natta enn det er på dagtid. Sansane er mindre skjerpa, seier Clementz. 

Det er brannvesenet samde i. 

– Aldri lad om natta. Lad helst når ein er vaken. Då må det i tillegg vere på ein trygg stad som er langt unna andre brennbare objekt. 

I tillegg er det ikkje berre sjølve brannen som er farleg når eit litiumionbatteri tek fyr. 

Sjølve røyken er ekstra farleg. Slike batteri slepp ut mengder med farlege gassar som kjem etter ein kjemisk reaksjon i batteriet. 

Både brannvesenet og If åtvarar særleg om røyken eit slikt batteri slepp ut. 

– Vi brukar å seie at all brannrøyk er farleg. Men denne røyken veit ein er ekstra skadeleg for folk dersom ein får det i seg, seier Clementz. 

Han oppmodar folk som eig elsparkesyklar om å sette seg godt inn i ladevettreglane frå Brannvernforeninga.

Spesielt to av reglane meiner han er viktig å følge for at liv ikkje går tapt og at skadane ikkje vert større enn naudsynt. 

– Pass på at du ikkje ladar om natta og ikkje minst sørg for at der er ein fungerande røykvarsel dersom ein først lader eit slikt batteri innandørs. Har du moglegheit til å lade den ute, so er det det beste. 

Read Entire Article