Brevig opnar opp om hopp-kaoset: – Det har vore jævlig tøft

1 month ago 27



– Den siste månaden har vore beinhard. Det er det ingen tvil om. Det har vore jævlig tøft, seier Magnus Brevig til NRK.

Brevig har jobba for hopplandslaget sidan 2009. I 13 år fungerte han som Alexander Stöckls assistent, og i seinare år også som utstyrssjef.

Etter at misnøya til utøvarane med Stöckl blei kjent i februar, har Brevig fungert som hovudtrenar.

Han har unngått å uttale seg til media om den vanskelege situasjonen dei siste månadene. Men han lettar på sløret etter avslutningsrennet i Planica.

– Det har sjølvsagt vore veldig morosamt å jobbe med laget. Det er det ingen tvil om, men det har vore ein tøff siste halvdel av sesongen, forklarer han.

lUUa_l5Mpmk

DUO: Magnus Brevig og Thomas Lobben har vinka ut dei norske hopparane dei siste to månadene.

Foto: NTB

Ønsker ikkje å vere hovudtrenar

40-åringen har kjent på eit stort ansvar etter at han begynte å fungere som hovudtrenar i starten av februar.

– Eg kjenner på ein måte at eg alltid har visst at det er vanskeleg å vere hovudtrenar. Så det er kanskje grunnen til at eg har tenkt at det ikkje har vore noko aktuelt heller, seier han.

– Følar du at du blei dytta inn og har måtta stå i det?

Ja, det blir jo litt sånn. Det gjer det. Men eg har ikkje noka beskriving på det. Den siste månaden har vore tøff, seier han.

På spørsmål om han ser for seg å fortsette som hovudtrenar, svarer Brevig at han ikkje har noko konkret ønske om det.

Eg ønsker å jobbe med hopp, og mottoet mitt har alltid vore at eg ønsker å leve av skihopping. Status eller merksemd speler inga rolle for meg.

diXjL8w3Hk0

TEAM: Clas Brede Bråthen (til venstre), Alexander Stöckl (i midten) og Magnus Brevig (til høgre) har jobba tett saman sidan dette bildet blei tatt i 2011.

Foto: NTB

For litt over to veker sidan trekte Clas Brede Bråthen seg frå rolla som sportssjef før oppseiingstida var slutt. Situasjonen rundt Stöckl er framleis uklar. Dei to var til stades under avslutningshelga i Planica.

– Korleis har det vore som hovudtrenar å ha dei to såg tett på den siste helga?

Ingen problem.

– Har du snakka noko med dei?

Nei.

Får støtte av sportssjefen

Sportssjef for hopp, Ståle Villumstad, forstår at det har vore ei krevjande tid for Brevig.

Vi har steppa opp på ulike måtar for å gjennomføre sesongen ut frå dei endringane som har vore. Det er klart det er krevjande når vi har ein sånn type prosess. Det er forståeleg at det også har vore det for Magnus, seier Villumstad til NRK.

Villumstad ser ikkje bort frå at Brevig kan fortsette som hovudtrenar.

Først skal alle korta på bordet, og vi skal gjere analysar. På generelt grunnlag vil eg ikkje seie at han er uaktuell. Men det er altfor tidleg å seie, fortel Villumstad.

Magnus Brevig sammen med landslagssjef Alexander Stöckl.

FRÅ TRE TIL TO: Før stod Alexander Stöckl, Magnus Brevig og Thomas Lobben saman på trenartribunen. Men etter VM i Kulm i januar har ikkje Stöckl vore med.

Foto: Geir Olsen / NTB

Brevig fortel at han gler seg til å komme heim og slappe av før dei knallharde evalueringane skal gjerast i april.

– Kva er ønsket ditt inn mot neste sesong da?

At gutane får eit best mogleg opplegg.

– Ser du deg sjølv som ein del av det?

Eg ser meg sjølv som ein del av det, men kvar – det veit eg ikkje.

Viser barna OL-klipp for første gang: – Er det der deg? 00:57

Publisert 25.03.2024, kl. 05.22

Read Entire Article