DEBATT: Det kan ikkje bli for mykje Erling på Jæren. Erling er vår heilage okse. Tida er derfor mogen for å endra namn på heimstaden hans Bryne til Erlingby.
Lillian Utne Skjæveland
Kvernaland
Jarle Skjæveland
Stavanger
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Erling Braut Haaland, Erling Alfsson, er Jæren sin store son. Det er hengt opp store veggbilete av han i byrommet. Den eine veggen var for liten så veggen vart bygd ut, noko ein kan sjå som ein veggforlengar montert i høgda kor neven til Erling strekk seg opp i lufta i det han skårar mål. I eit anna veggbilete sit Erling i lotus-stilling, ein posisjon han er kjend for å innta etter at han har skåra mål. Me elskar at Erling skårar mål for oss.
Alle elskar Erling. Han er sympatisk, snill og jordnær. Han et kjøtkaker, kebab, og går på kinarestaurant, og han skryt av maten. På kinarestauranten i sentrum er det bilete av han. Det er også bilete av han i eit privat grisehus, og i kapitalismen sitt langhus Forum Jæren, som ein kan sjå på høgkant ruve over jærlandskapet. I inngangen til langhuset heng eit gigantisk fotografi kor Erling er portrettert som ei kryssing av havguden Poseidon og ein vikingkrigar. Også ordføraren har bilete av Erling på kontoret sitt, så stor er han. Harald Hårfagre samla kanskje Norge, men Erling samlar det multikulturelle Norge.
Toppskårar og lese-forkjempar
Erling er også kultureksportør. Han er toppskårar, han er verdas beste til å skåra mål, og han representerer oss godt på bortebane. Me er stolte over å koma frå same stad som han, og å koma frå Erlingby vil derfor gje høg status.
Namnebytter kan for mange opplevast dramatisk, men her vil me koma kritikken i forkjøpet, og seie at dette ikkje er ei radikal endring. Ingen bokstavar blir tatt ut av det tidlegare namnet Bryne. Bokstavane er berre flytta om, og det blir lagt til ein «l», ein «i» og ein «g».
Erling kjempar mot analfabetisme. Nyleg har han kjøpt boka Kongesagaene av Snorre Sturlasson og gjeve ho til biblioteket i heimkommunen, slik at boka kan liggja oppslått for at jærbuen skal kunna lesa og forstå kor han kjem frå. Med denne bokgåva styrkjer også Erling sin posisjon som den siste vikingkongen i rekkja, og namnet Erlingby kan bidra til å skapa ny storleik over kommunen vår. Kommunen sjølve skriv på heimesida si: «Vikingen gir forteljinga om vikingane til heimstaden sin».
Bryne bør heita Viking
Og her må me rett og slett ta oksen ved horna, for endrar me namn til Erlingby, bør me og endre namn på fotballklubben. Sidan Erling Alfsson er den siste vikingkongen, bør fotballklubben i fødebyen hans ha eit vikingnamn, og det namnet må bli Viking. Sidan Viking allereie er i bruk, foreslår me å spørje Stavanger om å få kjøpa namnet til dit det høyrer heime. Det er forståeleg at det òg her er kjensler involvert, men lat oss vere ærlege; namnet Viking høyrer til i Erlingby, ikkje i Stavanger. Og legg ein kjensler til sides kan dette løysast minneleg med eit raust beløp. Kanskje vikingkongen sjølve kan bidra med nokon kroner for å løyse denne floka.
Når det gjeld Erling Alfsson, den siste vikingkongen, treng han eit tilnamn. Steinvegg kunne ha passa viss han var midtstoppar. «Hårfagre» kunne ha passa, men er allereie brukt, det same gjeld «den gode». Kanskje Time kommune kan ta eit kommunestyremøte på dette, viss ikkje nokon av Stavanger Aftenblad sine lesarar har eit treffande forslag.
Publisert:
Publisert: 6. mai 2026 21:39

2 days ago
13







English (US)