Bubil har køyrd av vegen i Geiranger

16 hours ago 5



Politiet meldte kl. 20:08 om at ein bubil hadde køyrd av vegen og ned ei skråning i Geiranger.

Bubilen skal deretter ha treft ei hytte, og har ifølge politiet velta og ligg på sida.

Ingen alvorleg skadd

Det skal ha vore to personar i bubilen. Begge skal ifølgje politiet vere vakne og oppegåande.

Dei involverte blir følgt opp av helsepersonell, og skal ikkje vere alvorleg skadd.

I hytte skal det ha vore fire personar, som alle er uskadd av hendinga.

Hytta skal ha fått små skadar etter hendinga.

– Dei involverte i bubilen skal ha vore utanlandske turistar i 20-åra, seier operasjonsleiar i politiet, Leif Arne Mork.

Trur dei veit årsaka

Politiet seier dei har ei meining om kva som har skjedd.

– Vi trur dei har fått varmgang i bremsene, men vi kan ikkje seie det heilt sikkert, seier operasjonsleiar Leif Arne Mork.

Trafikken skal gå som normalt i området.

Publisert 11.07.2025, kl. 20.40 Oppdatert 11.07.2025, kl. 20.58

Read Entire Article