Buss velta på E45 i Sverige

1 hour ago 1



Ein fullsett buss har velta på E45 i Sverige. Eit sjukehus har sett kriseberedskap.

Publisert 22.11.2025 10:14 Sist oppdatert 13 minutter siden

Ein fullsett buss har velta på E45 mellom Vilhelmina og Storuman i Sverige. Fleire av dei skal vere fastklemde.

Ifølge fleire svenske medium var det 65 passasjerar i bussen.

Ein luftambulanse og fleire ambulansar er på veg til staden, ifølge Expressen.

– Alarmen går på at ein buss har velta. Eg forstår det som at det er ein full buss, men akkurat kor mange det er veit eg ikkje, seier ein talsperson frå svensk politi til Aftonbladet.

– Det er ei alvorleg ulykke som involverer mange menneske, seier Christer Stefansson i redningstenesta.

Bussen skal ha køyrt i 90 kilometer i timen.

Sjukehuset i Lycksele har innført unntakstilstand og kalla inn fleire folk for å førebu seg på å ta imot pasientar, ifølge Västerbottens-Kuriren.

– Eg har fått beskjed om ei alvorleg trafikkulykke på E45 i Vilhelmina. Regjeringa er i tett kontakt med relevante styresmakter, som jobbar intensivt med rednings- og støtteinnsats, skriv infrastruktur- og bustadminister Andreas Carlson på X.

Read Entire Article