Anne Liv Vastveit
Stavanger Ap
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Køyrer ein frå Kvernevik om morgonen går det treigt i rundkøyringa før Hafrsfjord bru. Treff ein dårleg og kjem rett rundt skolestart på Revheim ungdomsskole, merker ein det allereie ved Esso.
På vegen heim kan trafikken stå frå Regimentveien heilt til Madla Amfi. Ragbakken er kjip i firetida. Eg ville og veldig gjerne at bussvegen var prioritert frå Kvernevik til Madla – det er jo der ein treng det mest. Men nå er planlegginga av Madlaveien allereie i gang.
Vedtaket frå 2024 blei ikkje følgt opp og planen for sentrum til Madla låg ferdig før strekket frå Madla til Kvernevik. Men det neste strekket er og under utarbeiding. Å vente med Madlaveien nå vil berre utsetje han i uviss tid framover, utan å ha noko påverking på progresjonen frå Madla og vestover.
Me i Arbeidarpartiet stemte imot Venstre sitt forslag, fordi vegen frå Madla til Kvernevik ikkje vil kome raskare i gang om me ventar med Madlaveien. Dette har me fått bekrefta fleire gonger frå administrasjonen. Det kjem mange nye bustader langs Revheimsvegen og det er klart at me treng bussveg. Me er ein kommune i vekst og behovet for effektive og gode fartsårer og god kollektivtrafikk vil auke i åra framover.
Me må da ha god standard på bussvegen slik at han ikkje treng utbetring allereie etter få år. Bussvegen må vere samanhengande frå Sandnes til Kvernevik for at han skal nå dei krava som er sett av staten som finansierer størsteparten av den. Det har nok påverka avgjersla om å begynne frå sentrum, framfor å begynne i Kvernevik. Arbeidet på dette er no i gang, bussvegen kjem, og han er på teiknebrettet.
Publisert:
Publisert: 16. november 2025 16:46

2 hours ago
2












English (US)