Måndag blei dei klart at Thor Thoeneie blir ny dagleg leiar i Nye Bodø Eiendom AS.
Med det skal han leie utviklinga av den nye bydelen som er planlagt i Bodø.
Bydelen byggjast fordi den nye flyplassen i Bodø flyttast 900 meter.
Det inneber mellom anna å få fleire tusen nye busetningar til nordlandshovudstaden.
– Det er eitt av dei større byutviklingsprosjekta i Noreg. Eg ønskjer å arbeide med by-, bustads- og næringsutvikling av store prosjekt, seier Thoeneie til NRK.
Men han har ikkje tenkt til å flytte til byen sjølv.
Det får fleire til å reagere.
Bystyrerepresentant for Raudt i Bodø, Andreas Tymi, er ein av dei som er kritiske til at den nye byutviklaren ikkje flytter til byen han skal utvikle.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Det aller verste er at styret som er ansvarlege for at tusenvis av menneske skal velje å flytte til Bodø ikkje klarer å overtale ein direktør med millionløn å flytte hit, seier Raudts bystyrerepresentant i Bodø, Andreas Tymi.
– Er det verkeleg naudsynt å akseptere ein avtale der leiaren får lov å pendle, med pendlarbustad og reiseutgifter dekka av fellesskapet, i staden for faktisk å busetje seg i byen han skal fornye og utvikle, spør kommentator Børre Arntzen i Avisa Nordland.
– Må støvsuge distrikta
«Nye Bodø Eiendom AS» er eit offentleg eigd selskap av Bodø kommune (51 prosent), og Nordland fylkeskommune (49 prosent).
Thoeneie får 1,8 millionar i lønn og pendlarbustad.
Han bur nemleg i Asker og har ikkje sjølv planar om å flytte til Bodø.
Det er fleire ting som gjer Andreas Tymi, bystyrerepresentant frå Raudt, kritisk til med prosjektet med den nye bydelen.
Andreas Tymi, bystyrerepresentant frå Raudt er kritisk til at selskapet Nye Bodø Eiendom AS ikkje berre har ansvar for eigedom og sal, men også byutvikling.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKTymi er likevel ikkje i tvil om at den nye direktøren vil få nok å gjere. Han har nemleg ikkje trua på at kommunen vil få så mange menneske til å flytte til Bodø.
– Det er ein grunn til at befolkningsframskrivinga viser at dette ikkje er lønsamt eller naudsynt. Det er fordi det ikkje er det, seier han og legg til:
– Skal dette bli ein suksess, må ein støvsuge alle distrikta rundt Bodø. Det vil i alle fall ikkje eg.
Årsaka til at Bodø vil lage ein ny bydel er at dei har kjøpt området der den militære flyplassen tidlegare låg, og har flytta den nye flystripa ein kilometer ut i havet.
Foto: Bodø kommuneRaudt-politikaren meiner planen som ligg til grunn for prosjektet ser bra ut, men at det vil bli annleis når det blir realisert.
– Det ser ut til at det blir triveleg og fint, men utbyggarane kjem til å ville byggje høgare og tettare. Det skjer alltid, og det blir alltid som dei vil.
Det var Avisa Nordland og Bodø Nu som først skrev om Thoeneies lønn.
Slik kjem ein del av den nye bydelen til å sjå ut.
Foto: AsplanViak / Bodø kommuneIkkje aktuelt å flytte
– Eg skulle gjerne flytta til Bodø. Det ser veldig flott ut her, men livssituasjonen min gjer det uaktuelt på noverande tidspunkt, seier Thoeneie til NRK.
Han har budd i Asker i 25 år, der han er gift, har to barn og kona arbeider i ei fulltidsstilling i Asker kommune. Sjølv om han ikkje bur i byen, vil han vere i Bodø kvar veke.
– Eg er 55 år og er så heldig at vi har vår næraste familie buande rett ved oss. På noverande tidspunkt er det ikkje aktuelt for meg å flytte til ein annan kommune, men om litt tid kan det bli aktuelt.
Thor Thoeneie seier det akkurat no ikkje passar å flytte til Bodø.
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK– Derfor vart eg einig med styret om at det passar bra å pendle når eg startar i jobben, noko som er veldig vanleg i Noreg, legg han til.
Forsvarer lønna
Styreleiar Daniel Bjarmann-Simonsen i Nye Bodø Eigedom er klar på at Thoeneie var den beste kandidaten til den viktige jobben i Bodø.
Han har 25 års erfaring med byutvikling. 55-åringen har tidlegare leia store prosjekt som Barcode i Oslo og Oslo Airport City på Gardermoen.
– Han har tung erfaring frå store utviklingsprosjekt som er i nærleiken av storleiken og kompleksiteten som dette prosjektet har. Då tenkte vi at dette var rett veg å gå, seier han til NRK.
Thor Thoeneie (midten) saman med Daniel Bjarmann-Simonsen og Irene Skiri frå styret i Bodø Nye Eiendom da førstnemnde blei presentert som ny dagleg leder.
Foto: NBE AS– Er det ikkje eit paradoks at ein som skal få folk til å flytte hit, ikkje vil flytte hit sjølv?
– Vi har vore opptekne av å få dei beste kandidatane frå heile landet. Thor var den som kom gjennom gjennom nålauga. Då har vi lagt til rette for at det skal vere mogleg for han å kombinere livet han lever i dag med denne jobben. Så får vi sjå kva framtida viser.
Ifølgje styreleiaren blir løna betalt av kommersielle inntekter i selskapet, ikkje av offentlege pengar.
– Vi har lagt oss på eit nivå som er samanliknbart med det eigarane våre tilbyr i andre offentlege selskap, seier han om løna Thoeneie får.
– Sit igjen med svarteper
Bodø kommune har også dårleg råd, så det kan bli vanskeleg å lokke folk til Bodø.
Kommunedirektøren foreslår nemleg å kutte 400 millionar kronar neste år. Mellom anna foreslår han å auke foreldrebetaling for SFO og eigedomsskatt.
Tidlegare har både skular og barnehagar låge på hoggestabben.
– Det er ikkje ein slik by folk har lyst til å flytte til, seier Tymi.
Bystyrerepresentant frå Raudt meiner planane for den nye bydelen er utopiske. Han trur utbyggarane vil be om å få bygge tettare og høgare, og at dei kjem til å få vilja si.
Illustrasjon: Bodø kommuneOmrådet der den nye bydelen skal liggje har mellom anna blitt kalla ein indrefilet for industri og næring. Men det kjem ikkje utan ein pris. Kommunen betalar 1,5 milliardar for tomta frå Forsvarsbygg.
Bodø kommune har sjølv anslått at selskapet Nye Bodø Eiendom treng 655 millionar kronar i eigenkapital.
Gitt at Nordland fylkeskommune går inn med 150 millionar kronar, vil det bety at Bodø kommune må bidra med 515 millionar kronar.
Med andre ord; Bodø kommune skal flippe eigedom til beste for fellesskapet.
Kontrakten, som har ein totalsum på om lag 2 milliardar kronar, er allereie signert.
– Om ein legg ut for eit område som ikkje vil bli lønsamt på 20–40 år med 1,5 milliardar i lån, sit ein igjen med svarteper. Det er det vi kjem til å gjere no, seier Tymi frå Raudt.
Første spadetak for det store flyplassprosjektet i Bodø blei tatt i mars 2023.
Foto: Ola Helness / NRKPublisert 13.11.2025, kl. 09.51

























English (US)