– Wow! Tusen takk!
Ein blid og litt forfjamsa Tormod Haugland måtte reise seg då telefonen frå NRK kom.
– Eg har følgt med på sendingane kvar dag!
Forfattar Tormod Haugland kvapp til då NRK ringde og fortalde at han har vunne Lyttaranes romanpris.
Foto: Helge SkodvinHaugland har høyrt lyttarjuryen diskutere alle dei seks nominerte bøkene.
I starten konkurrerte han med Karl Ove Knausgård og publikumsfavoritt Kyrre Andreassen.
I finalen var det berre tre bøker igjen: «Bloddråpetall» av Ingrid Storholmen, «Det Tolvte Huset» av Malin C.M. Rønning eller «Sirenene» av Tormod Haugland.
Etter heftige diskusjonar blei juryen til slutt einige.
«Sirenene» er lyttaranes favorittbok.
Etter lange timar med diskusjonar og avstemming gjekk stemninga i taket då vinnaren av «Romanprisen for lyttarane 2024» blei avslørt.
Unikt å høyre heilt ekte lesarar
Boka «Sirenene» har fått mykje ros frå kritikarar. Mellom anna har Knut Hoem i NRK skrive at dette er ein av hans beste romanar.
No får forfattar Haugland også ekte reaksjonar frå ekte lesarar, noko han er djupt takknemleg for.
– Det er sjeldan forfattarar får oppleve det på denne måten.
Han fortel også at han har fått fleire aha-opplevingar om si eiga bok medan juryen har diskutert. Fleire av tinga juryen har nemnt, er ting han ikkje har tenkt på sjølv.
– Det er veldig interessant å komme så tett på lesarane av mi eiga bok!
Vinnarboka! «Sirenene» handlar om ein odelsgut som passar garden og dyra medan foreldra er på ferie.
Foto: Mariel Lindelöf / NRKLyttar-juryen har hatt lange diskusjonar om kva for ei bok dei skulle velje.
I samtalane om bøkene oppdaga dei at alle dei tre finale-bøkene på kvar sin måte handlar om utfordringar og problem som går i arv. Dette likte alle i juryen, men dei var ikkje heilt einige i kva forfattar som beskriv problematikken best.
Til slutt blei dei likevel einige om at det var Tormod Haugland.
Jurymedlem Thomas Bastiansen formulerte det slik:
– «Sirenene» var den boka der eg gløymde at eg sat i juryen for romanprisen. Eg gløymde at eg hadde ein jobb, og eg gløymde tid og stad. Eg berre las og koste meg.
Kvit bukse
«Sirenene» handlar om ein odelsgut som passar garden medan foreldra er borte. Odelsguten har kvite bukser, noko som ikkje er ein praktisk farge for ein bonde. Det har jurymedlem Torvald Hadland hengt seg opp i.
Medan forfattar Tormod Haugland er på tråden, fortel han kvifor:
Jurymedlem Torvald tok like godt med seg kvite bukser i studio, til ære for hovudpersonen i vinnarromanen.
Foto: Mariel Lindelöf / NRK– Eg er sjølv bonde, og går mest i dei grøne kjeledressane til felleskjøpet. Så kvite klede, det fascinerer meg.
Forfattaren har ikkje noko godt svar på korleis bonden i boka enda opp med kvite bukser.
– Det var berre noko som kom til meg!
Kven har vore i juryen?
Kvart år inviterer NRK leseglade lyttarar frå heile landet til å delta i arbeidet med å vurdere seks finalistar.
I år har mellom anna ein lærar, ein bonde og ein skodespelar vore i juryen. Dei har høyrt frå forfattarane og diskutert seg imellom kva roman som var den beste i 2024.
Lytterjuryen, frå venstre: Karoline Sletteng Garvang, Thomas Bastiansen, Ingrid Janne Sæberg Gultvedt, Torvald Hadland og Tine Monsås.
Foto: Mohammed-Tayyeb Ahmad / NRKDei nominerte var romanen «Arendal» av Karl-Ove Knausgård, «Bloddråpetall» av Ingrid Storholmen, «Det tolvte huset» av Malin C.M. Rønning, «Ikke menneske eg kan regne med» av Kyrre Andreassen, «Sameproblemet» av Kathrine Nedrejord og «Sirenene» av Tormod Haugland.
Publisert 08.03.2025, kl. 13.00