Danske tok sensasjonell OL-medalje: – Eg får gåsehud

5 hours ago 3



– Eg er skikkeleg fornøgd og tom for ord. Det gjekk bra. Det er heilt fantastisk, seier Viktor Thorup til NRK.

Dansken har akkurat tatt ein historisk sølvmedalje i skøyter. Dette er Danmark sin første vinter-OL-medalje sidan 1998, og den andre i historia.

Tidleg i skøytefinalen stakk Viktor Thorup og nederlandske Jorrit Bergsma frå resten av feltet.

Dei heldt heilt inn, og sjølv om Bergsma tok gullet, var gleda kanskje aller størst hos Thorup.

– Det skjedde veldig fort. Eg gjekk på «feeling» og la meg bak Bergsma. Eg tenkte eg ikkje kom til å slå Stolz i ein sluttspurt. Eg visste eg måtte gå maks heile vegen, men eg trur han var sliten på eit tidspunkt. Men så fauk han av garde, og då fokuserte eg på å ikkje sjå bakover, seier Thorup.

En skøyteløper i rød drakt feirer en seier med hevede armer. Han står på isen under et arrangement. Bakgrunnen viser et islag med tilskuere i svake konturer. Det er kveld, og stemningen er spent og triumferende. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FULL JUBEL: Thorup var kanskje den utøvaren som jubla mest etter målgang.

Foto: PIERO CRUCIATTI / AFP / NTB

Danmarks første individuelle medalje

I Nagano for 28 år sidan tok det danske kvinnelaget i curling sølv.

– På ein eller annan måte er eg tom for ord, seier Danmarks OL-sjef Mikkel Sansone Øhrgaard til danske DR.

– Eg får gåsehud, seier dansken vidare.

Også det danske idrettsforbundet er sjokkert etter medaljen.

– Det er kjempestort. Me har hatt eit godt OL. Me har hatt stort engasjement heimanfrå, og no har me medalje. Det hadde me ikkje venta, og det er kjempestort, seier Hans Natorp, formann i det danske idrettsforbundet til NRK.

KONA: Viktor Thorup i lag med kona Sofia Thorup.

Medaljen til Thorup er også Danmarks første individuelle vinter-OL-medalje.

– Me har berre éin medalje i curling, det er 28 år sidan. Me er ingen vintersportsnasjon, det er de i Noreg. Me solar oss ofte i Noreg sine medaljar, men no har me også medalje.

– Var du overraska over sølvet?

– Me hadde ikkje venta å få medalje. Men han er ein dyktig utøvar, og om nokon skulle gjere det, så er han éin av dei. Me ønskjer å gratulere Viktor.

En hurtigløper i en blå drakt med amerikanske farger konkurrerer på is. Personen er fokusert og bøyer seg framover mens de skøyter. I bakgrunnen er flere andre skøyteløpere i forskjellige drakter synlige. Omgivelsene ser ut til å være en innendørs ishall. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

STORFAVORITT: Jordan Stolz var storfavoritt på øvinga.

Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters / NTB

Slo storfavoritt

Storfavoritten Jordan Stolz måtte spurte for ein bronsemedalje, men blei til slutt slått av italienske Andrea Giovannini.

– Alle tenkte at eg skulle hente det inn. Men då har eg ikkje sjanse til å vinne. Så det blei ein kamp om bronsemedaljen, seier Jordan Stolz til NRK etter løpet.

Amerikanaren innrømmer at det danske utbrotet tok hovudfeltet på senga.

– Det er ganske kult. Eg trur ikkje han venta det i det heile, så det er kult for han, seier Stolz om Thorup.

Publisert 21.02.2026, kl. 17.44 Oppdatert 21.02.2026, kl. 17.57

Read Entire Article