Kari Nessa Nordtun begynner i feil ende. Eg vil vri diskusjonen.
Publisert: 25.11.2025 13:41
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) opnar diskusjonen om kva for fag elevane på småtrinna skal ha på skulen.
Eg meiner ho startar diskusjonen i feil ende og risikerer å få diskusjonar som går i feil retning. Etter mitt syn bør ikkje diskusjonen handle om kva for skulefag dei yngste elevane skal ha, men om kva vi vil med skulen for dei yngste elevane.
Denne diskusjonen oppstår mellom anna fordi kartleggingane av leseferdigheiter viser at norske elevar stadig blir svakare lesarar. Nå er det om lag ein av fem elevar i skulen som les for dårleg.
Treng fag med meining
Tala over leseglede hos norske elevar går også nedover. Med dette dystre biletet føre seg kjem altså kunnskapsministeren med forslaget om å kutte ut samfunnsfag, KRLE og engelsk for dei yngste elevane, for i staden satse på lesing. Eg vil gjerne vri denne diskusjonen litt.
Elevane kjem på skulen fem og eit halvt til seks år gamle. Dei har stort sett gått i barnehage (cirka 97,7 prosent) og opplevd song, eventyr, forteljingar, litteratur, samtalar og leik der. I gode barnehagar lærer barn mykje: Undersøkingar viser til dømes at barn i gjennomsnitt kjenner 17,5 bokstavar når dei begynner på skulen.
Kva gjer ein så for at elevane skal ha lyst å lære når dei kjem på skulen? Og kva forventar ein at fem, seks og sju år gamle barn skal lære seg på skulen?
Barn må ha noko å skrive om
Skulestartarane har med seg mange erfaringar og ferdigheiter. På skulen ønskjer vi at dei skal lære mest mogeleg og ha det best mogeleg. Vi ønskjer at dei skal bli gode lesarar og skrivarar.
Derfor er det heilt essensielt at elevane bevarer lærelysta. Barn skal ha lyst å gå på skulen, fordi der lærer dei spennande ting. Dessutan bør barn ha lyst å gå på skulen fordi det er ein god stad å vere, men det er ikkje mitt fokus her.
Svært mange barn, kanskje dei fleste, lærer å skrive før dei lærer å lese. Å skrive seg til lesing er ein vanleg strategi. Då treng barna noko å skrive om.
Å skrive berre for å øve er nyttig i små porsjonar, men kan også ta frå elevar lærelyst og motivasjon. I staden kan elevane få oppsøke nærmiljøet og lære om kva som har skjedd der i tidlegare tider. Det kan gje elevane noko å skrive om, som gir meining for dei. Då blir skrivinga nyttig og relevant i livet.
Lesing og skriving krev mange delferdigheiter. Det er ikkje nok å kunne bokstavane for å vere ein god lesar eller skrivar. Ein må også forstå at lydar kan bli til bokstavar, ord og setningar.
Eigne tankar kan bli skrivne ned, slik at andre kan lese dei og forstå kva du tenkte. Dei små teikna på papir kan gje meining for andre og kan bli gjort om til lyd, ord og gje innsikter og forståing.
Meiningsfulle samanhengar
Lesing og skriving for å gje innsikt krev at ein kan mange ord, slik at ein kan skrive om — og lese og forstå — mange tema. Ordforråd er essensielt. Eit godt ordforråd er grunnlaget for å kunne forstå tekst.
Barn bør kjenne mange ord, og ord lærer dei best i meiningsfulle samanhengar.
Det kan skje i møte med skjønn- eller faglitteratur.
Det skjer når andreklassingane på Birkeland skule skaper klasserommet om til resorten Playa los Birkos på «Granka», og elevane fyller alle rollene som trengst på ein sydendestinasjon.
Det kan skje når ein fortel historia om den barmhjertige samaritanen, eller når ein utforskar kultur- og naturhistorie i nærmiljøet.
Lesing og skriving er ferdigheiter som må øvast på, som alt anna, men det er kjekkare å skrive om noko som kjennest meiningsfylt, enn tekstar som er innhaldstom øving.
Elevar som møter ulike typar tekstar frå ulike fagfelt, lærer seg også korleis ulike teksttypar er bygd opp.
Eventyr har sine strukturar med tretalslover, heltar, hjelparar og motstandarar. Religiøse tekstar har sine ord, mens tekstar om samfunnet har ofte nyttige bilete, grafar eller illustrasjonar.
Samtidig lærer elevane at skrift er overalt, det er nyttig og relevant i livet.
Mange fag gir mykje språk og meining
Arbeidet i skulen er styrt av ein læreplan som er fylt av gode intensjonar. Døma mine er henta frå læringsmåla for KRLE og samfunnsfag.
Læringsmåla i norsk går veldig godt an å kople til læringsmåla i desse faga. Etter mitt syn treng ein ikkje å kutte ut samfunnsfag og KRLE. Ein kan heller bruke desse faga til å lage ein skule der elevane møter variert kunnskap i meiningsfulle samanhengar.
Elevane bør få sjå at tekst kan vere spennande, og at skrift er noko nyttig, for kvar enkelt og for samfunnet.
Så langt har eg ikkje skrive om engelsk. Det er fordi engelsk og norsk har så ulike rettskrivingsprinsipp. Derfor kan det vere lurt å vente med skriftleg engelsk til rettskrivinga på norsk er nokolunde på plass hos barna.
Munnleg engelsk, derimot, i form av songar og liknande, kan ein godt begynne med tidleg.
Og fag med språk og meining i må barna møte tidleg — og ofte — til dømes KRLE og samfunnsfag.
- Hør intervjuet med Kari Nessa Nordtun i podkasten Ekstra Lars her. Eller følg Ekstra Lars for interessante intervjuer.

1 hour ago
1











English (US)