KOMMENTAR: Den der valkampen om skulen er ikkje heilt god. Kven som er minst gode hadde eg ikkje så lyst til å skriva, for det er for opplagt. Men eg har nå gjort det, likevel.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Det sprakk for ein rektor til slutt. For rektor Elisabeth Aksnes på Sørbø skole i Sandnes. Etter at Høgre hadde vore ute og meint at lærarane ikkje bør bruka skjerm i spisepausane på skulen. Etter at same parti gjekk ut og ville innføra ein skuletime ekstra kvar dag for dei yngste elevane.
Og etter at regjeringa, med både statsminister og arbeidsminister og kunnskapsminister ville ha alle til å lesa eit kvarter på skulen kvar dag.
Brokkar og bitar
Eg forstår godt Aksnes. Det er brokkar og bitar og detaljar, som grip inn i skuledagen og forsyner seg av den. Mens Aksnes ønsker seg fleire hender og fleire yrkesgrupper inn i skulen. For det er stort sprik og mange behov i norske klasserom nå. Det er barn som ikkje har norsk som morsmål, og slett ikkje kan norsk godt nok til å kjenna seg trygge. Det er barn med åtferdsvanskar, det er små førsteklassingar som ikkje er klare for å møta skuledagen.
Alle er dei barn, alle skal dei finna sin plass, alle skal dei ha ein trygg skuledag, læra seg å gå på skulen, læra seg å vera ein del av ei klasse, læra seg å lesa, skriva og rekna. Og alt det heng saman, for læring er også alltid menneskemøte, samhandling, relasjonar. Å vera så trygg at ein kan opna sansane for det som er nytt.
Då er det ikkje alltid matpausen blir best viss storskjermen er av. Det kjem an på kven som er i den klassa. Det som gjekk fint i 2B året før, går kanskje ikkje fint for den gjengen som er 2B i år.
Politikarane veit jo dette. Eigentleg. Fleire parti, som Høgre, vil ha fleire yrkesgrupper inn i skulen. På høgresida liker eg også å tru at dei er opptatte av å forsvara enkeltmenneska mot for mykje statleg kontroll. Eigentleg. Stola på at folk flest tar gode val. Det der skulle eg ønska det gjekk an å kjenna igjen i skulepolitikken deira. Men der druknar det heilt.
Nordtun-effekten?
Eg lurer på om ikkje Kari Nessa Nordtuns handlekraft har ført til ein slags desperasjon på høgresida. Det er heller ikkje noko eg har lyst til å skriva, for det er så altfor lett å ta det partiet som alt ligg nede, og så altfor lett å applaudera den som alt får applaus.
Men Nordtun er veldig god på å finna ein måte å handla på som folk merkar at verkar. At politikken gjer ein forskjell. Mobilen har forsvunne ut av skulen, eksamen for russen har blitt flytta, det har kome pengar til fleire lærebøker, og læraren har fått ryggdekning for å kunna gripa inn når det trengst for å trygga elevar dei har ansvaret for.
Det er ganske nytt, det, at Ap har ein aktiv skulepolitikk. Dei har eigentleg vore ganske lunkne til heile feltet, nøydd seg med å dilta etter der Høgre har gått føre, og elles gjerne overlate kunnskapsministeren til SV.
Høgre-effekten?
«Vi har aldri trengt å ta noe oppgjør,» sa nestleiar Tina Bru i sin tale til Høgres landsmøte i mars. Om Høgres skulepolitikk, i motsetnad til Ap sin.
Men norske 15-åringar gjorde det historisk dårleg i matte, lesing og naturfag på Pisatesten frå 2022. Dei elevane hadde så godt som heile skulegangen sin under Solberg-regjeringa. Og dei alarmerande resultata i lesing blant tiåringane våre, som kom i 2023? Den testen blei tatt i 2021. Også dei hadde hatt heile opplæringa si under regjeringa Solberg.
Kritikken av snakke-matten, som gjekk i Aftenbladet i vår, der mange meiner elevane får for lite trening i å rekna, er ein kritikk mot ein læreplan innført i 2020, også den av Solberg-regjeringa.
Jo. Det er ein pandemi inni der også. Og jo, alle parti som har vore i regjering dei siste 25 åra har vore med på å prega skulen. Men det hadde kledd Høgre om dei tidleg tok tydeleg ansvar for det som ikkje gjekk bra på deira eiga vakt, i staden for å ropa på Ap-regjeringa. Det blir veldig søkt. Og det verkar veldig rart at ingenting trengst å ta oppgjer med, i partiet sin skulepolitikk.
Nye forslag, kanskje?
I dei fire åra Høgre har vore i opposisjon, og Erna Solberg har sete urørleg i båten, har vi andre blitt klar over at barna våre har to heile skuleår meir enn vi hadde på 1980-talet. Det eine året er seksårsreforma, det andre er timar som har kome til, først og fremst i norsk og matte, og nesten alle dei timane har landa i fanget på dei yngste elevane. Dei i 1.–4. klasse. Det har ikkje gitt meir læring. Heller ikkje meir trivsel. Mot denne bakgrunnen lanserte Høgre nettopp at dei vil innføra ein time til. Kvar dag. For dei yngste elevane.
Tenkte Høgre at det forslaget skulle løfta dei, inn mot stortingsvalet?
Både Erna Solberg (H) og Sylvi Listhaug (Frp) har også vore ute og mant til meir disiplin i klasseromma, meir makt til læraren. Der har Kari Nessa Nordtun alt vore inne og endra lovverket, nettopp for at læraren skal kunna ta grep når det trengst for å trygga alle elevane.
Både Høgre og Frp vil ha meir nivådeling i skulen. Det er det alt rom for. Det er berre ikkje rom for å gjera det permanent – altså at du må bli på det nivået og i den gruppa du ein gong passa i. Det går litt i ball for meg om det er det siste der dei vil. Men det verkar ganske hjelpelaust. Og langt bakpå.
Håp?
Det beste forslaget eg har sett Høgre koma med nå, er når Margret Hagerup tar til orde for eit breitt skuleforlik. Seier høgt at skulepolitikk ikkje kan endrast frå val til val, og at det ikkje tener skulen at partia så frykteleg gjerne vil inn og markera seg med sin eigen meir eller mindre fortreffelege ideologi.
Det blir jo ikkje noko av det midt i valkampen, så klart. Men til neste år kjem det faktisk ein rapport om kva fellesskulen bør vera. Kanskje det er håp om noko sånt då, etterpå? Så skulen kunne få bitte litt fred? Til og med gjennom neste valkamp?
Publisert:
Publisert: 1. august 2025 09:27
Oppdatert: 1. august 2025 09:48