I det siste har ein ny terrormetode vekst dramatisk på nettet – stokastisk terrorisme.
Begrepet «stokastisk» kjem frå statistikken, og betyr så mykje som «tilfeldig men mogleg å berekne». Det er dette som kjenneteiknar stokastisk terrorisme: uttaler og handlingar som ikkje eksplisitt oppmuntrar til vald, men openbart fører til eit miljø der vald er meir sannsynleg. Det er konsekvensane som teller, ikkje intensjonen.
Eit historisk eksempel på dette er drapet av biskopen i England i 1170. Han og kongen kunne ikkje fordra kvarandre, som førte til at kongen ein gong sa «vil ingen kvitte meg med denne turbulente presten?» Nokre av mennene til kongen høyrte dette, trudde at det var ein ordre, og drap biskopen.
Kongen meinte at han aldri hadde hensikt om at folk skulle drepe biskopen, at det var ein mistolk – her var det truverdig benektelse som gjaldt, så kongen var uskyldig, sjølv om hans uttaler eigentleg førte til eit mord.
Slikt skjer òg i dag, og også i Noreg.
Folk flest har sett Amrit Kaur sin video, der ho ler over at Charlie Kirk blei drepet. Ho hadde ikkje valdelege hensikter meiner ho, men slike uttaler kan likevel føre til eit miljø der sannsynet for meir vald aukar fordi ein person kan sjå videoen og meine at vald er meir passande nå enn før.
La barn være barn!
Åpen
Nyleg har ein høgrepolitikar òg gått ut med uttaler som kan bli sett på som å auke sannsyn for vald. Simen Sandelien snakka om at «vi står overfor mennesker med betydelige psykiske vansker», som har blitt tatt over av ein «transideologi» med «militant karakter» og «dogmatisme» som «ender i voldshandlinger». Det er lett å sjå at ein lesar av noko slikt, kan tru at transpersonar utgjer ein trussel til han og familien hans, sjølv om dei ikkje gjer det.
Hadde Simen Sandelien intensjonen om vald mot transpersonar? Eg trur ikkje det, men slike uttaler kan føre til eit miljø der vald er meir sannsynleg. Derfor er det alltid viktig å tenke seg om før man seier ting, både venstre- og høgresida.
Og til deg som leser, husk å vere kritisk ovanfor alt du ser på nettet!