Derfor melde sauebonden Ellen seg ut av Senterpartiet: – Veldig skuffa

1 week ago 12



– Eg kan ikkje tenke meg noko meir meiningsfullt enn å jobbe med dyr og produsere mat, seier sauebonde Ellen Sørumgård Syse

På fjellgarden i Lesja har den tidlegare varaordføraren for Senterpartiet over hundre vinterfôra sauer.

Det første lammet kom denne veka.

Ellen Sørumgård Syse er sauebonde

Ellen Sørumgård Syse er sauebonde.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Førre veke blei ho uavhengig kommunestyrerepresentant. For no har ho meldt seg ut av partiet.

– Eg skal ærleg innrømme at den dagen eg hadde bestemt meg, da eg gjekk her og fõra og tårene trilla heile tida. Eg har fått enorm respons, mange meldingar og telefonar.

– Aller mest frå andre i Senterpartiet som alt har meldt seg ut eller har tenkt å gjere det same, seier ho.

Tilliten til partileiinga er borte

I tillegg til å sitte i kommunestyret, sit Syse også i sentralstyret i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Syse seier at tilliten til partileiinga forsvann etter måten regjeringa behandla langtidsplanen for landbruket i Stortinget sist veke.

– Eg er veldig, veldig skuffa. Eg er så frykteleg skuffa over mitt eige parti, seier ho.

Bønder demonstrerer foran Stortinget

Bønder demonstrerte framfor Stortinget 18. april.

Foto: Heiko Junge / NTB

Då demonstrerte Syse og mange med henne framfor Stortinget i protest mot det dei meiner er feil talgrunnlag i regjeringa sin plan for å sikre matberedskapen i Noreg.

Og forslaget om å tette inntektsgapet mellom jordbrukar og andre grupper innan 2027 blei forkasta.

Flere bønder teltet utenfor Stortinget før inntektsberegningen til bøndene skulle stemmes over.

Fleire bønder telta utanfor Stortinget før inntektsberekninga til bøndene skulle stemmast over.

Foto: Lise Åserud / NTB

I tillegg meiner ho at Senterpartiet ikkje held det som blei lova både før og like etter stortingsvalet i 2021.

– At dei vender ryggen til det kjennest som eit svik, fortset ho.

Meiner ein må ta det på alvor

Ingen i partileiinga ville stille til intervju i denne saka, men stortingsrepresentant Bengt Fasteraune (Sp) svarar på vegner av partiet.

– Det er klart at når folk melder seg ut i ei så viktig sak som matberedskap er, må vi ta det på alvor, seier Fasteraune.

På fredag tar regjeringa imot bøndene sine krav til jordbruksoppgjeret.

Det kan bli eit spennande oppgjer, kanskje særleg for Senterpartiet

– Det er berre éin måte å ta det på alvor, og det er å levere. Gjer vi ikkje det, vil folk seie frå. Og eg har også full respekt for det., seier han.

e6oppland-sp1

Stortingsrepresentant Bengt Fasteraune for Senterpartiet.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Partiet ligg lågt på meiningsmålingar

På fredag startar det tredje fulle jordbruksoppgjeret med Senterpartiet i regjering, og partiet ligg lågt på meiningsmålingane

Mange bønder og tillitsvalde i jordbruket er forbanna.

Ifølge Syse var Lesja den kommunen der Senterpartiet gjekk mest fram under siste stortingsval.

– Gudane skal vite at vi jobba for det. Og landbrukspolitikken var den viktigaste saka, seier ho.

Bønder utenfor Stortinget

Bønder utanfor Stortinget den 18. april.

Foto: Heiko Junge / NTB

Syse melder seg ut fordi ho ikkje lenger kan gå rakrygga i lokalsamfunnet som Senterpartiet-medlem.

No er ho spent på det kommande jordbruksoppgjeret.

– Skal dei ha noko som helst tillit i næringa og tru i næringa må dei levere, og levere skikkeleg, seier Syse.

Publisert 25.04.2024, kl. 21.22

Read Entire Article