Dersom me ikkje byggjer betre, aukar polariseringa. Då er kjøtkaker det siste me tenkjer på

19 hours ago 4



KRONIKK: Et så mykje eller lite kjøtkaker du vil, så lenge me byggjer betre.

Dersom me ikkje byggjer betre, både fysisk og digitalt, aukar polariseringa. Og då er kjøtkaker det siste me tenkjer på. Foto: Torstein Lillevik
  • Hanna Maria van Zijp

    Hanna Maria van Zijp

    Kommunikasjonsrådgjevar i Omega 365 Design og byplanleggjar

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Med årets beste politiske analyse, drog jokeren Ipsos opp kjøttkakeindeksen i ein kronikk. Brått var kjøtkakene på alle sine lepper, ein velsmakande pause frå vanskelege tema som straumkablar og polarisering. Ifølgje Ipsos-statistikken, harmonerer kjøttkakevaner med tradisjonelle eller moderne verdiar, tillegg til partidelinga av høgre- og venstreside. Det er dessutan ein samanheng mellom høg kjøtkake-score, verdiar og om du bur i by eller bygd.

Det peikar på eit stort problem som ikkje har noko med gastronomi å gjera, men som har gått under radaren i valkampen. Det offentlege rommet vårt fungerer ikkje bra nok, fordi me ikkje kan byggja lenger:

  • Dårleg by- og stadutvikling gir få gode fysiske møteplass
  • Samstundes som me snakkar mindre saman, glor me på skjermar med folk som har like verdiar, eller heilt motsette, for å gjera deg så sur at det skapar «engasjement»
  • Det ferdigtygde innhaldet er bestemte av utanlandske algoritmar, fordi me har importert ein amerikansk digital infrastruktur der dine meiningar genererer pengar.

By og land går ikkje hand i hand

Den polariserande kjøtkaka rommar mykje. Snakkar du om kjøtkaker, er det kort veg til både miljøsaker og matprisar. I den siste partileiardebatten før valet, meinte både høgre- og venstresida at dei var mangfaldige, medan andre var som venta «midt på treet». Ap's Jonas Gahr Støre kalla sit eige parti eit kjøkkenbord, medan Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen ville fjerna matvaregigantane sitt balletak på oss alle. Framstegsparti-leiar Sylvi Listhaug trekte smilande fram valfridom mellom kjøtdeig-variantar. Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, med høgast kjøtkake-tettleik av dei ni største partia, snakka om norsk matproduksjon og import frå utlandet.

Men det alle var bekymra for, til og med KrF, var polarisering.

Matvanar og verdiar heng så tett saman at dei dannar eit mønster, ifølgje Ipsos-direktør Eirik Ekrann. Tala viser generelt meir tradisjonelle verdiar på bygda og meir moderne i byen. Politiske skilje mellom det urbane og rurale, er framleis til stades i norsk politikk. By land går ikkje hand i hand.

Det er urovekkande. Det same mønsteret er tydeleg i amerikansk politikk, der polariseringa nesten slavisk følgjer demografien. Det rurale USA, mellom den urbane aust- og vestkysten, er på ein heilt annan planet enn byane. Trumpismen rår i grisgrendte strok. Mange har ei medievitskapleg forklaring på dette skarpe skiljet. Det amerikanske, spesialiserte mediebiletet forsterkar forskjellar i staden for å utfordra verdiar. Podkastar, tv-kanalar og sosiale medium har vakse saman til eit algoritmestyrt troll som stadfestar meiningane dine.

Samstundes blir redaktørstyrte media kjøpte opp og bygde ned, og ei handfull mannlege teknokratar tar over det meste. Når store aktørar med lange tradisjonar mistar følgjarar, som det heiter, ser me på forskjellige framstillingar av same tema. Det skapar skyttargraver, og blir folk like sinte på kvarandre som Trygve og Sylvi.

Kor kan ein drøsa saman?

Det høyrest logisk ut. Mediebiletet er likevel berre éin del av forklaringa på det polariserte USA. Det finst mange andre – og noko av det handlar om byutvikling. Den amerikanske byen har ein heilt annan struktur enn våre, naturleg nok. Ja, det er større enn Norge og flatare enn Nederland, men USA er også bilismens vogge. Bilen har gjort det mogleg å spreia byane utover til suburbane område, og etter kvart rurale. Og ei mangelvare i både rurale og suburbane område, er fysiske møteplassar. Folk sine private flekkar er for store i forhold til fellesareala. Det er ikkje plass til både park og platting. Det er vanskelegare å skvisa folk saman i handlegater og torg når dei køyrer. Folk skal til og frå huset, jobben og kjøpesenteret, i ein gjennom-planlagt kvardag. Me ser dei same tendensane i norsk by- og stadutvikling, der bilen framleis dominerer og omlandet er dekt av asfalt, Jernia og Jysk.

Der skortar det på tilfeldige møte mellom ulike menneske med ulike verdiar. I desse traktene heiter slike tilfeldige møte drøs. Drøset er den samtalen som skjer i møte mellom folk som ikkje nødvendigvis har noko til felles. Her kan du ta opp alt mogleg, gjerne vêr-relatert. Amerikanarane kallar det smalltalk, men det er ikkje dekkjande. Sjølv om det går mykje i vêrmeldingar, er drøset mykje større enn det. Eit demokrati må drøsa. På stader folk skapar fiendebilete av kvarandre, stilnar drøset. Det er mykje vanskelegare å hata nokon over ein kaffi eller over gjerdet.

Snodige stridstema ingen treng

Hatet finst sjølvsagt i kompakte byar også, men det får veksa vilt på nett. Det digitale rommet er for mørkt, og har for tette vegger, uansett kor du bur. Det går ikkje an å driva algoritme-styrt drøs. Derfor har me eit stort problem om me byggjer både for dårlege byar og stader, og for dårleg digital infrastruktur.

Han blir infisert av snodige stridstema me ikkje treng, fordi folk ser på amerikansk innhald for det amerikanske samfunnet. Me blir altfor sårbare for polariserande krefter. Uansett score i kjøttkakeindeksen – korleis du stiller deg til valfridom, matproduksjon eller klima, har me eit felles problem: Det demokratiske drøset forsvinn i fysiske omgjevnader og digital infrastruktur som ikkje fungerer for oss. Derfor treng me eit offentleg rom for drøs og debatt som passar eit moderne, europeisk demokrati. Draumen er at engasjement ikkje er ei vare, men noko som driv debatten og samfunnet framover.

Dersom me ikkje byggjer betre, både fysisk og digitalt, aukar polariseringa. Og då er kjøtkaker det siste me tenkjer på.

Publisert:

Publisert: 7. september 2025 19:31

Read Entire Article