Desse skal dømme drapssak i ny NRK-reality

3 hours ago 1



Kl. 13 startar haustlansering til NRK, med programleiarane Nora Svenningsen og Tete Lidbom direkte frå Studio 1 på Marienlyst.

Eit av dei nye programma som kjem på NRK i haust er den nye realityserien «Tiltalt».

Deltakarane er komikar Gaute Berg Næss, Forfattar Unni Lindell, musikar Bjarne Brøndbo, aktivist og humorist Anine Olsen og komikar Yousef Hadaoui.

Bilde av casten til den nye realityserien til NRK, "Tiltalt"

Dei fem kjendisane som skal fungere som meddommarar frå venstre Gaute Berg Næss, Anine Olsen, Bjarne Brøndbo, Yousef Hadaoui og Unni Lindell. I front ser vi dommar Berit Reiss-Andersen.

Heilt nytt reality-konsept

I sentrum av realityserien står ei nervepirrande drapsgåte. Ei ung kvinne, med namnet Ariana er drepen, og den tiltalte er ektemannen.

Er han skuldig, eller ikkje?

Dette må kjendisane forsøke å finne ut av i lag som meddommarar. Spørsmålet er om dei vil klare å sjå forbi magefølelse og eigne fordommar og saman komme fram til ein rettferdig dom.

Gaute Berg Næss, som vann fjorårets sesong av «Forræder», er klar for å ta fatt på nye mord og mysterium.

– Kanskje eg kan vise ei litt anna side av meg sjølv enn det mange har sett før. Eg er ein stor krim-entusiast, ser spesielt mykje true crime og dokumentarar, seier han.

  • Komiker Gaute Berg Næss som meddommer i realityserien "Tiltalt"

    Komikar Gaute Berg Næss.

    Foto: Agnete Brun / NRK
  • Forfatter Unni Lindell som meddommer i realityserien "Tiltalt"

    Forfattar Unni Lindell.

    Foto: Agnete Brun / NRK
  • Musiker Bjarne Brøndbo som meddommer i realityserien "Tiltalt"

    Musikar Bjarne Brøndbo.

    Foto: Agnete Brun
  • Aktivist og humorist Anine Olsen som meddommer i realityserien "Tiltalt"

    Aktivist og Humorist Anine Olsen.

    Foto: Agnete Brun / NRK
  • Komiker Yousef Hadaoui som meddommer i realityserien "Tiltalt"

    Komiker Yousef Hadaoui.

    Foto: Agnete Brun / NRK

Næss fortel vidare at han kom meir inn i det enn han trudde.

– Vitna og skodespelarane var så dyktige at ein blei på ein måte litt lurt. Bevisa kjentest ekte ut. Vi måtte verkeleg bruke hjernekapasiteten vår. Det kjennest litt viktigare enn å berre lage eit tv-program, fortel Berg Næss.

Inspirert av ekte drapssaker

Krimforfattar Jørn Lier Horst har latt seg inspirere av ekte drapssaker, og har eksklusivt skrive ei helt ny historie for «Tiltalt».

– Å byggje opp saka har vore ei øving i å vege bevis, indisium og truverd med like stor tyngde på begge sider av skyldspørsmålet, understrekar han.

Jørn Lier Horst

Forfattar Jørn Lier Horst har skrive drapsgåta i «Tiltalt».

Foto: NTB

Jørn Lier Horst forklarar vidare at det skal vere vanskeleg å dømme den tiltalte.

– Samtidig som ein må skape eit solid forteljarmessig fundament slik at det faktisk er mogleg å gjere seg opp ein meining, legg han til.

Olsen, som er kjent for å delta aktivt i samfunnsdebatten og har spesielt utmerka seg på plattforma på TikTok, har alltid vore nysgjerrig på kva som skjer på innsida av ei rettssak.

– Det har vore mykje reality på skjermen, men ingenting som dette. Her får ein faktisk sjå kva som skjer bak lukka dører. Det er interessant å sjå kor ulikt vi tolkar den same informasjonen, fortel ho.

Anine Olsen i Debatten 18. april 2024

Anine Olsen frå Debatten i NRK i 2024, der ho debatterte for den nye samtykkeloven.

Foto: Lars OS

Reality-debut

Rollene som vitne og drapstiltalt i rettssaka vert spelt ut av skodespelarar. Medan advokatane i serien er Marius Dietrichson og Siri Ross Wessel. Dommar er Berit Reiss-Andersen.

  • Sakkunnig og hovuddommar Berit Reiss-Andersen i realityserien «Tiltalt»

    Dommar og rettens leiar Berit Reiss-Andersen.

    Foto: Agnete Brun / NRK
  • Forsvarer Marius Dietrichson i realityserien «Tiltalt»

    Forsvarer Marius Dietrichson.

    Foto: Agnete Brun / NRK
  • Aktor Siri Ross Wessel i realityserien «Tiltalt»

    Aktor Siri Ross Wessel.

    Foto: Agnete Brun / NRK

Dette er fyrste gong Anine Olsen er med i reality.

– Det er spennande å bli plukka ut til å delta i eit slikt konsept. Eg har venta litt med å gjere TV og spesielt reality for det har vore skummelt, og eg er glad eg venta til eit slik prosjekt kom på bordet, fortel ho.

Serien er også reality-debuten til musikar Bjarne Brøndbo, han fortel at han vart overraska over kor tidleg nokon av deltakarane var med å konkludere og kor krevjande det var å skulle ta stilling til skuldspørsmålet.

– Eg måtte vike på nokon prinsipp eg ikkje hadde trudd eg kom til å vike på. Om det var eit godt val eller ikkje, gjenstår å sjå når dommen blir lesen opp, fortel Brøndbo.

Serien «Tiltalt» har premiere i november.

Publisert 17.09.2025, kl. 11.59 Oppdatert 17.09.2025, kl. 12.50

Read Entire Article