«Det beste sjukehuset i verda» testar kunstig intelligens frå Noreg

1 month ago 33



Turnusplanar kan vere ei utfordring.

Kven har vakt?

Kva skal dei gjere?

Kven kan jobbe ekstra ved sjukdom?

Det er det norske Synplan jobbar med å lage på nye måtar. Dei har utvikla ei algoritme for å lage turnusplanar for helsepersonell.

Kan føresjå sjukefråvær

Behovet for verksemda, ønska og kompetansen til dei tilsette blir mata inn i ein algoritme som ved hjelp av kunstig intelligens lagar turnusplanar.

Lars Dahle utenfor kontoret i Forskningsparken i Oslo

Dagleg leiar i Synplan Lars Dahle undrar seg over at det beste sjukehuset i verda vil tekte ut teknologien til selskapet, men at norske sjukehus er lunkne.

Foto: Knut Are Tornås / NRK

Ved hjelp av historiske data, klarer modellen å ta høgde for framtidig sjukefråvær.

Det fortel dagleg leiar i Synplan, Lars Dahle.

– korleis kan man føresjå sjukefravær?

Vi mater inn anonyme data frå det helseføretaket vi jobbar med, og så lærer den seg et mønster som ikkje vi menneske klarer å sjå. Og ut frå det så klarer den å si at på måndag til veka så er det to stykkar på dagtid som er sjuke, og éin på kveldstid.

«Bemanningshol» kan altså fyllast inn fleire månader før dei faktisk oppstår.

«Det beste sjukehuset i verda»

I 2024 blei Mayo Clinic i den amerikanske delstaten Minnesota kåra til «Det beste sjukehuset i Verda».

Nå har dei, ved hjelp av Innovasjon Noreg, avtalt eit samarbeid med norske Synplan:

– Vi er begeistra for å samarbeide med framtidsretta tenkarar i Norden for å avdekke ny medisinsk kunnskap, støtte helsepersonell og forbetre tilgang og kvalitet på omsorg for menneske overalt», skriv Dr. John Halamka, president, Mayo Clinic Platform til NRK.

Dagleg leiar i Synsplan er stolt over samarbeidet, som i første omgang skal sjå på om løysinga kan integrerast i datasystemet til sjukehusgiganten:

Det er vel kanskje ikkje nokon annan stad eg kunne tenkt meg å ha som referansekunde, seier Dahle.

I 2024 inngår 2.400 sjukehus i over 30 land i Newsweek sin rangering over «Det beste sjukehuset i Verda». Oslo Universitetssykehus er beste norske sjukehus på ein 29. plass.

– Norske sjukehus har masse å gå på

Ni norske kommunar og to sjukehus i Nord-Noreg, har tatt i bruk løysinga, men han opplever at det går tregt med å få sjukehusa med på å teste ut teknologien.

Vi synest det er litt rart at vi nå får ein invitasjon frå «det beste sjukehuset i verda», men norske sjukehus er ikkje så interessert. Det verkar litt rart, seier Dahle.

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Ellen Rønning-Arnesen seier ho er imponert over produktet Synplan har utvikla og at sjukehusa har fått tydeleg beskjed om å teste ut bruk av kunstig intelligens:

Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen fra Arbeiderpartiet på Stortinget

Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen frå Arbeidarpartiet seier regjeringa krev at sjukehusa tar i bruk nye innovative metodar.

Foto: eng@ndiv / NRK

Lars Dahle undrar seg litt over at de må til USA for å få gjennomslag for å bruke KI i sjukehus. At ikkje norske sjukehus er meir interessert i den typen løysingar. Kva tenker du om det?

– Eg tenker at norske sjukehus sjølvsagt har masse å gå på. Det finst mange gode løysingar som vi burde ta i bruk. Vi har vore veldig tydelege i årets oppdragsdokument til sjukehusa, som seier at de også skal ut i marknaden for å finne gode løysingar som gjør arbeidskvardagen betre.

Synplan jobber med helseteknologi som tar i bruk kunstig intelligens til å lage turnuser

Synsplan jobbar med helseteknologi som tar i bruk kunstig intelligens til å lage turnusar

Foto: Knut Are Tornås / NRK

Lars Dahle meiner det er for lett å ikkje teste ut nye ting i dagens helsevesen:

I dagens helseteneste så er det stor risiko for dei som ønsker å ta i bruk innovasjon. Det sikraste er å halde seg til det ein har i dag, og det er risiko å ta i bruk noko nytt.

Statssekretær Rønning-Arnesen meiner regjeringa er tydelege på at innovasjon er forventa av sjukehusa:

Har norske sjukehus nok å tene på å velje nye innovative løysingar?

Det meiner eg openbert. For det handlar om korleis man får meir effekt ut av alle de som jobbar i tenesta.

Publisert 07.03.2025, kl. 05.35

Read Entire Article